• MASKERT: Robert (Antonio Banderas) handlingar mot Vera (Elena Anaya) er uetiske frå starten av, men visar seg meir og meir perverse gjennom filmens gang.

    FOTO: FILMWEB

Kjøtt på beina

Historia buktar seg som ein slange, og skapar ei vellukka samanfatting av spansk såpeopera, og Hitchcocksk skrekk

1 2 3 4 5 6
Regi: Pedro Almodóvar
«Under huden»
Etter at kona døydde som følgjer av komplikasjonar etter ei bilulukke, har Robert Ledgard – ein eminent plastisk kirurg – vore forgjord på å lage kunstig, hardfør hud som kan redde livet – og sjølvkjensla – til brannskadeoffer. Men dyreforsøk er ikkje nok for å dekke hans djupt personlege lidenskap for saka, og i skjul nyttar han den vakre, men mystiske Vera som prøvekanin for sine morbide, uetiske eksperiment. Men kvar kjem Vera frå? Ho liknar då veldig på Roberts avdøde kone?

Pedro Almodóvar har i årevis skildra mørke historier, og har fleire gongar vist sin kjærleik for bruk av det menneskets anatomi og identitet. Denne gongen har han adoptert ein roman av Thierry Jonquet, som har mykje til felles med dei mange filmane om gale vitskapsmenn frå 60- og 70-talet. Og med seg på skodespelarsida har Almodóvar med seg fleire av dei vante skikkelsane frå tidlegare filmar.

Antonio Banderas skin i rolla som den rike Robert som leiker Gud med menneska frå sitt landlege, spanske herskapshus. Figuren hans spelast som ein slags moderne Dr. Frankenstein, dog med endå meir perverse undertonar. Vera – spela av Elena Anaya, som du kanskje har sett i Almodóvar sin "Snakk til henne" – er nydeleg som den enigmatiske Vera, som bokstaveleg talt er ein ulv i fåreklede.

"Under Huden" trekkjer sjåaren inn i eit stadig meir forkvakla univers, med Roberts besettelser som historias episenter – handlingane hans skapar skjelvingar til verda rundt, og avdekkjer litt etter litt mørkare og mørkare løyndommar i forhistoria hans. Familieløyndommar har vore ein av Almodóvar sine mest kjære plottgrep før, og "Under huden" er ikkje noko unntak. Her skal alle skjelett ut av skapet før filmens to timer er omme, og nesten på same måte som for dei som ser "Den Sjette Sansen" første gong, vil eg ikkje seie for mykje. For å få det meste ut av denne filmen, meiner eg at ein bør gå inn med så lite førebuing som mogeleg.

Cinematografisk sett er filmen nydeleg, spesielt i scenene med bruk av lys og kontrastar. "Under huden" liknar sånn sett på fleire av Almodóvar sine filmar – sterke fargar og nydelege omgivnader som ofte kontrasterer med det mørke handlingsmaterialet. Musikken byggjer nydeleg under biletet, og sjølv i dei få lukkelege scenene ligg det alltid eit lag av sjuke under – anten det er snakk om misunning, begjær eller andre dødssynder ein føler passar inn.

Undervegs kan ein kanskje kjenne seg litt forvirra – det er mange spor til kven Vera eigentleg er – men mot slutten vert vegen klarare og klarare. Avslutninga kjem bråare enn ein kanskje kunne ønskje, og under rulleteksten sit eg igjen higande etter meir av historia. "Under huden" rekk aldri å bli den beste filmen frå den spanske regissøren, men er like framt ei dyster forteljing som er meisterleg fortalt.

Resultatet er det regissøren sjølv kallar "ein skrekkfilm utan skrik eller skremsler", som kanskje kan samanliknast med Hitchcock sitt arbeid. Dei som er vare for blod og knivar kan kanskje passe litt på – kirurgens jobb er trass alt å kutte i menneskekroppen – men elles er det psyken og figurane sine psykiske trauma som står i sentrum. Almodóvar har laga ein bevegande film som sit igjen i magen din lenge etter at lerretet har blitt svart.

Er du enig med vår anmelder?

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Siste fra Filmanmeldelser

En kriminell kopi

«The Raven»: Edgar Allan Poe brukes som påskudd til å lage middelmådig påskekrim

Masete

«Tor med hammeren»: Måtte Tor sende lyn og torden over disse filmskaperne.

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER