-
KRAFTIG: «Play» er ein film med eit kraftig bodskapFOTO: FILMWEB
Jakta på offeret
film drama
Ei ubehageleg reise ned i det svenske landskapet sine fordommar
«Play» opnar med eit scene i eit svensk kjøpesenter. To erkeblonde gutar diskuterer kva dei skal gjere resten av dagen, då dei innser at dei har forlagt nokre av pengane sine. Etter ei stund panorerer kameraet mot ein gjeng mørkhuda gutar som observerer dei to. Eg får assosiasjonar til løver som sirklar inn byttet sitt, som for lengst har plukka ut dei unge og svake frå flokken, fordommane mine vert altså aktivisert heilt frå starten.
Filmen er basert på nyheitshistoria frå 2006 om ein svensk gjeng som stal mobiltelefonar frå ungdommar – ikkje med vald, men med eit intrikat mønster av rollespel, good cop/bad cop og psykisk terror.
Regissør Ruben Östlund er tydeleg irritert over det svenske samfunnet. Med «Play» vil han konfrontere oss med våre fordommar, og det å vere konfliktsky – tema som absolutt glir over til å fungere for nordmenn òg.
Filmen følgjer hovudsakleg ei todelt gruppe – tre svenske gutar, og fem innvandrarar – på det som vert ein psykisk nedbrytande roadtrip gjennom Göteborg. Dette er filmens sterkaste kort. Av og til vert det klipt til andre scener som skal forsterke temaet. Fleire av scenene er morosame – til dømes ei vogge som skapar hovudbry for svensk jarnbanepersonell, men det tek for mykje plass i den endelege filmen.
I likskap med Östlund sin førre film, «De Ufrivillige» er «Play» filma i lange takninger, og ofte går ei heil scene utan at det klippast éin einaste gong. Det fungerer best i filmens første halvdel, og i enkelte utvalde scener, men kjennest drege ut mot slutten.
Kamerabruken forsterkar kjensla av å sjå handlinga utanfrå utan at ein sjølv kan ta del i verda. Publikum er reduserte til reine tilskodarar og er like handlingslamma som tilskodarane til dei ulike situasjonane i filmen. Det er ubehageleg og til tider provoserande. Kvifor seier ingen rundt noko som helst, tenkjer eg, før eg innser at det skulle ha teke mykje handlingskraft frå mi side for at eg skulle ha sagt frå sjølv. Men som ein ser, når omverda først handlar, så endar det mest opp i ein vond sirkel.
Östlund hadde neppe tent særleg på ein meir tradisjonell forteljarstil. Han får dyrke sitt verk, og lagar ein film som er jevnere og meir sjølvsikre enn dei førre. «Play» er ein film med eit kraftig bodskap, som diverre tapar seg på at den vil fortelje for mykje, at alt skal vere i hovudrolla. Men effekt har den, kjensla av ubehag hang igjen i magen lenge etter dei to timane.
Er du enig med vår anmelder? Si din mening i feltet under.
AV: andreas hadsel opsvik
Les også
Siste fra Filmanmeldelser
-
«Tidenes vittigste grøsser»
1 2 3 4 5 6«The Cabin in the Woods»: Skrekkfilmen dekonstruert i kreativt blodbad. -
«Litt for overdådig gotisk såpeopera»
1 2 3 4 5 670-tallet møter vampyrfilmen i en ikke helt vellykket miks -
«Scener fra en skilsmisse»
1 2 3 4 5 6Tango, rødvin og kjærlighet i uelegant forening -
«Øm barndomsskildring»
1 2 3 4 5 6«Tomboy»: Åpen lek med kjønnsidentitet. -
«Burma - en kjærlighetshistorie»
1 2 3 4 5 6Melodramatisk om Aung San Suu Kyi
-
«Suser av gårde»
1 2 3 4 5 6Her er en låt du må høre. -
«Bergensk Duracell-metal»
1 2 3 4 5 6Et musikalsk bankebrett fra Tortorum. -
«Det svarte alvor»
1 2 3 4 5 6Forblåst hypnosekunst fra Bergen. -
«Brutal boogie»
1 2 3 4 5 6Syng en sang om tungt maskineri. -
«Kjør meg gjennom natten»
1 2 3 4 5 6The Chromatics styrer deg rett inn bakrusen fra 1985.
-
«Gripende øyevitneskildringer»
Far og datter Sønstelie gir en mangefasettert skildring av massakren på Utøya. -
«Rapport fra helvete»
-
«Det litterære Norge responderer»
Med varierende kraft om den verste ugjerningen i Norge siden krigen.
-
«Festkveld av det gode, gamle slaget»
1 2 3 4 5 6Bunnsolid med høy luftgitarfaktor. -
«Trivelig fra Leon Russell»
1 2 3 4 5 6Koselig møte med gammel helt, men heller ikke noe mer. -
«I det fredsæle hjørnet»
1 2 3 4 5 6Vakkert, melankolsk og svært langsomt. -
«Diskoparty a la Koengen»
1 2 3 4 5 6Fungerer utmerket til sitt bruk – men ble slitsomt i lengden, mener vår anmelder. -
«Motorpsycho rodde det hele trygt i land»
1 2 3 4 5 6Seiler skuten på trygt vann - for det meste.
-
«Morsomme scener fra kattens liv»
Enkelt, men ikke lettvint -
«Beckett i Bergen»
Utfordrende språk, fattig scenekunst. -
«Historier skrevet i olje »
Nært møte med oljeutvinning, makt og mennesker. -
«Det farlige språket»
Krevende både for publikum og skuespillere. -
«UKErevyen bedre enn noensinne»
1 2 3 4 5 6Mye å glede seg over. Mye å le av.
Mest lest
Alexander Dale Oen er død
Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.
Denne hytten kan du få gratis!
Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.
Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen
Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.
Kjent bergensmusiker savnet
Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.
Denne sjåføren glemte noe viktig
- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.



KOMMENTARER Våre regler