• HELTEN: Hal Jordan (Ryan Reynolds) kjempar mot det vonde i mislykka superheltfilm.

    FOTO: FILMWEB

Grønt lys betyr stopp

Action/Sci-fi

Sjarmen til Ryan Reynolds redder ikkje filmen åleine.

1 2 3 4 5 6
Regissør: Martin Campbell
«Green Lantern»

The Green Lanterns er universets politikorps, 3600 eidsvorne voktarar som har ansvar for kvar sin del av verdsrommet. Desse forsøkjer å skape universell harmoni ved å utnytte viljens kraft. Krafta er konsentrert i dei grøne ringane deira, som kan manifestere kva som helst frå fantasien — så lenge dei har viljen til det. Då ein ny fiende — Parallax — utnyttar fryktens kraft på same måte kjem universet i fare, og alles lagnad ligg plutseleg i hendene på det ferskaste korpsmedlemmet, jagarflypiloten Hal Jordan.

«Green Lantern» er DC Comics sitt siste skot på superheltfilmstammen, og ærleg talt tykkjer eg det byrjar å verte nok no. Der Marvel har klart å skape eit samla univers med filmane sine, går DC Comics for «kvar mann for seg»-prinsippet. Det har vist seg vellukka for Batman, medan resten av filmane deira heller har vore rotne eple.

 

Regissør Martin Campbell er vant til actionfilmar — han har blant anna regissert «Casino Royale» og «Goldeneye» — men det spørst om han heller burde ha haldt seg til filmar der figurane har beina godt planta på jorda. Vekslinga mellom utomjordisk action og jordiske hendingar fungerte betre i «Thor», i «Green Lantern» vert det eit lappeteppe.

Det verste er likevel spesialeffektane. For sjeldan har plastikk vore eit betre stikkord! Konverteringa til 3D er heller ingen suksess, og det kjennest ofte ut som om figurane er papp-plater nokre meter framfor bakgrunnen. Det verkar meir som ei unnskyldning for å presse opp billettprisen enn eit verkemiddel for å styrke filmen.

Skodespelarane leverer ujamne prestasjonar. Lyspunkta er Peter Sarsgaard før han gir seg heilt over til vondskapen, og hovudrolleinnehavar Ryan Reynolds sin naturlege karisma. Diverre kan ikkje Reynolds sin sjarm redde filmen åleine.

Ein ser av og til tendensar til eit manus med kjøt på beina her — kanskje især i den tragiske historia til filmens jordlege skurk, Hector Hammond — men i den ferdige filmen kjennest det oppklipt, og pressa inn i ei to timars klassisk heltereise. Dette gjeld spesielt Hal sin raske overgang frå uansvarleg vinglepetter, til vis helt med stor innsikt i menneskesinnet. Alle dei riktige svara verkar nemleg å dukke opp på ein tominutters reise gjennom universet. Eg sit igjen undrande over kvar han fann denne visdomen, og fryktar at fleire av filmens svar ligg att på golvet i klipperommet.

Er du enig med vår anmelder?

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Filmanmeldelser

Mest lest

TEGNESERIER