• MOTSETNINGAR: Kitty Fløyelspote og Pus med støvler kryssar klinger før dei slår seg saman mot sitt felles mål – gull-egget.

    FOTO: FILMWEB

Forgløymeleg pelsdott

Endå eit skot på stammen for heilt gjennomsnittlege animasjonsfilmar.

1 2 3 4 5 6
«Pus med støvler»

Shrek-filmane vart eit gullegg for Dreamworks. Dei tente millionar på dei fire filmane om Shrek og venene hans – med ein blanding av god slapstick-humor og artige filmreferansar. Og sjølv om dei to siste filmane ikkje var på høgde med dei to første, var det ei artig tilnærming til borneunderhaldninga som òg «dei vaksne» fint kunne overleve å sjå på.

Denne gongen tek Dreamworks for seg gullegget litt meir bokstaveleg. I filmen «Pus med støvler» reiser Pus på eventyr med sitt kvinnelege motstykke Kitty Fløyelspote og det hardkokte egget Lille Trille, på jakt etter gåsa som legg gullegget. Dette er meint som opprinnelseshistoria til Pus, og det betyr ingen spor av Shrek, prinsessa eller det slitsomme eselet. Heldigvis (?).

«Pus med støvler» er like godt animert som ein film av dette budsjettkaliberet bør vere. Vinden riv i realistiske kattepelsar, og det nesten-meksikanske westernlandskapet er vakkert. Regi og kameraføring er ikkje heilt på høgde med fjorårets allereie klassiske «Rango», men kvaliteten er som venta for ein oppfølgjar som denne. Nokre scener er tydeleg meir gjennomarbeida – deriblant den nydelege scena i bønnestengelen, og i det gigantiske slottet til kjempa – medan andre scener verkar nærast uinspirert i forhold. Det er ikkje til å kome vekk frå at eg gjerne skulle ha sett ein anna regissør enn Chris Miller gjere denne filmen, etter den labre innsatsen han viste i «Shrek 3».

Humoren er hovudsakleg basert rundt to tema: Pus er ein katt, og Pus er spansk, med varierande resultat. Fans av serien vil kjenne att blandinga av fysisk slapstick og humor som refererer til «vaksenlivet», og humorsett landar denne ein stad midt mellom dei fire allereie eksisterande filmane.

Dei norske stemmene fungerer tilfredsstillande, men det er ingen tvil om at Pus med Støvler er meir karismatisk og karaktersterk med Antonio Banderas si røst. Den forfengelege pelsdotten er nærast bygd opp rundt Banderas stolte spanske stemme, og alt anna vert ein dårleg kopi, uavhengig av innsats. Om du ikkje må ha norske stemmer, vil eg nok anbefale originalversjonen.

Eit av kriteria mine for god film er at eg skal hugse den i etterkant. Sjølv om «Pus med støvler» vert trekt opp av enkeltscener er den diverre heilskapleg sett for lett å gløyme. I likskap med «Kung Fu Panda 2» er den artig nok der og då, men prentar seg ikkje inn i hjernebarken på nokon som helst måte.

Enig med vår anmelder? Si din mening under!

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Siste fra Filmanmeldelser

En kriminell kopi

«The Raven»: Edgar Allan Poe brukes som påskudd til å lage middelmådig påskekrim

Masete

«Tor med hammeren»: Måtte Tor sende lyn og torden over disse filmskaperne.

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER