• PÅ GALEHUSET:

    Livet for Baby Doll og dei andre jentene på galehuset er hardt. Difor skapar ho seg ei alternativ verd, og planlegg å rømme ved hjelp av hypnotiserande dans (!).

    FOTO: FILMWEB

Fantastisk stilig – tragisk uengasjerande

Kva skal no dette vere godt for?

1 2 3 4 5 6
Regi: Zach Snyder
«"Sucker Punch"»

Om målet med "Sucker Punch" var å skape ein kultkalkun, ein film som blir sitert av vennegjengar i sofaer verda over på grunn av kitchy dialog og sært uttrykk, så klarer den diverre ikkje dét ein gang!

Livet i eit 1940-tals galehus for unge piker er for hardt for Baby Doll. Difor skapar ho seg ei alternativ verd – ei verd ho kan kontrollere sjølv – der ho og dei andre innsatte er friheitsberøvde gledespiker på ein staseleg kabaretklubb. Målet i dei to verkelegheitene er framleis den same: Baby Doll og dei andre jentene planlegg å rømme, ved hjelp av hypnotiserande dans. I det hovudpersonen startar dansinga si, går me til endå ei fantasiverd, der dansens mål er bytta ut med skyting og nærkamp i anakronistiske, nesten-historiske omgivnadar. Tre parallelle univers med girl power!

Zack Snyder har slått seg opp i Hollywood på å lage filmar som i hovudsak foregår i slow-motion. Glorifisering av innolja mannekroppar i "300" og USAs 1980-tals-apokalypse i "Watchmen" er nokre eksempel. Etter å ha laga fire filmar basert på andre filmar, bøker og teikneserier – som stort sett har klart seg ganske bra – har han no fått lage sitt eiget vesle meisterverk. Og "Sucker Punch" held seg til same formelen: Det er same kva du lagar, så lenge du gjer det fantastisk stilig – og i sakte film!

 

Problemet med "Sucker Punch" er langt frå det visuelle. Snyder og hans crew har såpass mykje pengar og tid mellom hendene at både produksjonsdesign og spesialeffekter er gjennomført til tåspissane. Men med ein total mangel på engasjerande innhald, vert dette oftare og oftare sjåande ut som ei oppvisning i CGI – ein slags medley av musikkvideoar med ein visuell raud tråd.

Vi skal liksom føle noko på vegne av karakterane, men sjølv ikkje når ein dampdriven, mekanisert nazisoldat får ein bajonett planta i skrevet, kjenner eg det minste snev av empati. Og dei kjenslemessige situasjonane våre fem fetisjutkledde hovudjenter gjennomgår fekk meg til å sjekke MMS-innboksen min for morosamme kattebileter.

"Sucker Punch" prøver å vere ein fantasyversjon av det uønska bornet til "Inception" og "Girl, Interrupted", men ender heller opp med å vere ein slags modernisert versjon av den forferdelege "Luftens siste Mester". Forutsigbar, til trass for sin galskap. Uengasjerande, til trass for sitt uttrykk. Keisamt, til trass for at den aldri står stille. Eit stykk motsigande grafikk-porno!

Neste gong Snyder set seg i registolen skal han ta fatt på "Supermann". Der har han heldigvis fått med seg "The Dark Knight"-manusforfatter David Goyer. Takk for det!

Les også

Siste fra Filmanmeldelser

Mest lest

TEGNESERIER