• EIN STOLT MANN: Forandringa Adam (Youssouf Djaoro) gjennomgår i filmen er skjelsetjande.

    FOTO: FILMWEB

Familieforræderi i Tsjad

Det er ikkje grenser for kva ein mann kan få seg til å gjere når hans nye arbeidsuniform er for liten

1 2 3 4 5 6
Regi: Mahamat-Saleh Haroun
«En mann som skriker»

Regissør Mahamat-Saleh Haroun vakte stor oppsikt då han i fjor vart den første frå Tsjad som vann ein pris på Cannes-festivalen med filmen «En mann som skriker».

Filmen er historia om Adam, som har gått under namnet Meisteren sidan han vann det afrikanske symjemeisterskapen for 40 år sidan. No tilbringer han sekstiåra som bassengvakt på byens finaste hotell med sonen som assistent. I hans auger, den perfekte tilvære.

Men då innsparing fører til at hotellet må kutte ned til berre éi badevakt vert kvardagen snudd på hovudet. Meisteren går frå bassengvakt til portvakt, og må utføre arbeid i den steikjande, afrikanske sola i ein uniform som er to nummer for liten. Samtidig byrjar uroa i landet å nærme seg, borgarkrigen står for dør. Myndigheitene krev at alle bidreg med pengar eller militær muskelkraft. Adam er fattig, og for gammal til å kjempe. Men han har ein son.

Trass i tittelen, er det lite skriking i denne filmen. Haroun har uttalt at den beskriver eit stille skrik mot Guds fråvær, ikkje ein reaksjon på motgang. Eg ser poenget. Diskusjonen om Guds tilstadeverelse dukkar fleire gongar opp i filmen, og står – som vanleg – heller ubesvart.

Adam er ein stolt mann. Forandringa han gjennomgår i filmen er skjelsetjande, og visar kva tap av status og livsløgner kan gjere med ein ellers velfungerande samfunnsborgar og familiemann.

Filmen har eit vakkert foto, og skildrar det afrikanske landskapet i kraftige fargar. Skilnaden mellom det fattige og etter kvart krigsherja Tsjad, og hotellet som den vestlege oasen midt oppi alt skapar ein interessant kontrast. «En mann som skriker» sine første to akter er glimrande film. Diverre mistar me litt fokus mot slutten av filmen, og den ender opp med å bli ein transportetappe mot forløysinga.

Er du enig med vår anmelder?

Les også

Siste fra Filmanmeldelser

En kriminell kopi

«The Raven»: Edgar Allan Poe brukes som påskudd til å lage middelmådig påskekrim

Masete

«Tor med hammeren»: Måtte Tor sende lyn og torden over disse filmskaperne.

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER