• ACTION: Ein mot det nye drivstoffet som Lynet og venen Taue-Bill er plutseleg midt i ein verdsomspennande sabotasje mot eit nytt miljøvenleg drivstoff. Dei samarbeider med Finn McMissile — ein erfaren, britisk etterretningsagent. Denne gang skifter hovudfokuset frå Lynet sine billøp til klønete Bill sine mange spionoppdrag. Og det er mykje meir action enn i den første filmen.

Brom, brom

Spionkomedie/Animasjon

Artig for ungane

1 2 3 4 5 6
Regissør: John Lasseter
«Biler 2»

Animasjonsfilm er godt på veg, men har ikkje heilt klart å ta steget ut av skuggen som underhaldning eine og åleine for born. Dette tykkjer eg er synd. Filmar som «Wall·E», «Se opp» og «The Incredibles» har ført til at mang ein vaksen tek born med på kino som skalkeskjul for eiga glede over dei fantastiske verdene ein animasjonsfilm kan skape. «Biler 2» er diverre ikkje ein slik film.

Lynet McQueen tek steget utanfor det amerikanske kontinent i det som skal verte ei rekke billøp for å fronte ein ny miljøvennleg bensin for den rike filantropen — i dette tilfellet kanskje autofilantropen? — sir Miles Axlerod. I mellomtida går det føre seg ein verdsomspennande spionsabotasje mot det nye drivstoffet som Lynet sin ven Taue-Bill plutseleg finn seg midt i. For å hjelpe Lynet må han i hemmelegheit samarbeide med Finn McMissile — ein erfaren, britisk etterretningsagent.

Verda er stort sett den same som i «Biler» — om enn litt større — men hovudfokuset er skifta frå Lynet sine billøp, til klønete Bill sine mange spionoppdrag. Pixar sin animasjon er like pent som alltid, og dei nye figurane kjennest veldesigna og nok dimensjonert for ein film av slikt kaliber. Horisonten utvidast, og sjølv om me framleis treff på ein del geografiske stereotypar, så er det flott å sjå på — spesielt i filmens meir actionfylte scener.

 

Historia er derimot litt så som så. Vel er det tidvis spenning, men når ein tek med i rekninga at «Biler» tente inn hundretals milliardar av kroner i berre leiketøy frå filmen, så treng ein ikkje tenkje så veldig langt før det vert openbert at historia kanskje ikkje var det Pixar sette høgast for «Biler 2». Filmens hovudproblem ligg i rytmen, som her vert meir hakkete enn i sin forgjengar. Actionscenene får ikkje tid til å skine og setje punktum, og vert i staden forstyrra av dialog som verkar påklistra for å gjere spionplottet meir detaljert.

«Biler 2» er ei verd full av bilar, men tilsynelatande fullstendig utan levande liv. Dette fungerte greitt i forgjengaren, som trass alt gjekk føre seg i eit ganske lite univers, men i denne filmen vert det til tider latterleg korleis samfunnet liksom skal vere bygd opp av berre levande motorfartøy av ulike sortar. Alt frå byduene i Frankrike til alle på Tokyo flyplass har plutseleg ein motor av eit slag. Det var artig som ein kommentar til biltilpassing i amerikansk byplanlegging, men for heile verda vert det litt mykje.

I omsetjinga til norsk vert ein del vitsar vekke. Og det er stort sett referansar til skilnader mellom amerikansk og britisk kultur som går tapt. Med unntak av dette er den norske dubbinga tilfredsstillande. Figurane har passande stemmer, og det er lite av den openbert omsette engelsk-norsken ein gjerne får i slike filmar. Du kan sjå den på norsk, om du må.

Heldigvis er ikkje «Biler 2» den verste filmen til Pixar, der held framleis «A Bug's Life» plassen hjå meg. Og passande har John Lasseter regissert dei båe to. Men misforstå meg rett, det er ikkje slik at «Biler 2» er ein dårleg film, den er berre skuffande samanlikna med det eg veit Pixar kan få til! Den er sikkert artig for ungane, og eg respekterer stille at den ikkje er laga for meg. Eg retter i staden augo framover, og ventar på Pixar si neste storsatsing, «Brave».

Er du enig med vår anmelder?

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Siste fra Filmanmeldelser

En kriminell kopi

«The Raven»: Edgar Allan Poe brukes som påskudd til å lage middelmådig påskekrim

Masete

«Tor med hammeren»: Måtte Tor sende lyn og torden over disse filmskaperne.

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER