-
OPPRØR: I Skoddeheimen finn jentene – her Helene Bergsholm, Malin Bjørhovde og Beate Støfring – glede der ein kan, om det så er ved å vise fingeren kvar gong ein passerar skilta med bygdas namn.FOTO: FILMWEB
Skrik mot bygdedyret
Vellukka skildring av gryande seksualitet i fjordlandskapet
I DEN FIKTIVE BYGDA Skoddeheimen bur ungdomsskuleeleven Alma. Ved sidan av det kvardagslege, kjedelege livet i bygda har ho to problem; at den lokale kjekkasen Artur ikkje er hennar kjæraste, og at ho er ustyrteleg kåt - på ein måte berre ein 15-åring kan vere.
«FÅ MEG PÅ, FOR FAEN» er basert på Olaug Nilssen si bok med same namn. Men der boka beskreiv tre ulike kvinner sine frustrasjonar, har filmen fokus på den yngste heltinna si seksuelle oppvakning.
Dagane til Alma går gjerne med til å dagdrøyme om korleis hennar pasjonsfylde liv burde ha vore, men dette vert som oftast ikkje nok. Difor har ho teke i bruk sextelefonar, til den grad at ho har eit merkeleg venskapsforhold til sin «serviceutøver», Stig.
PÅ EIN BYGDEFEST TEK plutseleg Artur kontakt, og utanfor ungdomshuset er Alma sikker på at han dreg lemmet sitt ut av buksa, og stryk ho på låret med den.
Men er dette ei merkeleg form for usikkert kjærteikn frå ein ung gut, eller nok eit vesen frå Alma sin fantasi? Artur benektar sjølvsagt alt, og skriv det på kontoen for Alma sine mange dagdraumar. Hendinga førar til kallenamnet «Pikk-Alma», og ho vert raskt fryst ut frå det vesle samfunnet på skulen.
«Få meg på, for faen» er regissør Jannicke Systad Jacobsen sin første heilaftens film, og ho visar stø kurs mot noko eg håpar vert fleire. Ho har óg skrive manuset for filmen, og har fått anerkjennelse for det ved å einstemmig vinne juryens manuspris ved årets Tribeca-festival - ein filmfestival for uavhengig film i New York.
TENÅRINGSSEKSUALITET har me nemleg sett før på lerretet, men sjeldan har me sett ein så ærleg versjon. Her er ikkje utagerande, ung seksualitet teke med kun for humoristiske poeng eller for å vise fram flotte kroppar, men for å vise oppriktig korleis det er å vere full av hormoner midt i eit personleg helvete. Filmen er framleis morosam, og byr på mang ein latter, men mistar aldri særpreget. Det er godt å sjå at ein ikkje er nødt til å etterape amerikansk film for å dukke opp på lerretet her heime.
DER «BARE BEA» viste ein lett karikatur av den norske forstaden, er Skoddeheimen ein lett karikatur av den norske fjordbygda. I «Få meg på, for faen» fungerar denne utmerka som miljø for historia.
For ein som sjølv har vokst opp på sin slik stad er dei ulike figurane i Jacobsen sitt univers lett gjenkjennelege, både på godt og vondt. Her har ein dei eldre damene som veit alt om alle naboar, han eine fyren som merkeleg nok alltid har hasj, og den unge, radikale jenta som har politiske ambisjonar langt utom eiget gardstun.
SKODESPELARFERDIGHEITENE er litt varierande, men filmen tek på ingen måte skade av det. Hovudfokuset er på det hittil uskrivne bladet Helene Bergsholm, som gjer ein knakande god debut som Alma. Ho taklar godt balansa mellom det uskuldige unge og det hardbarka hormonelle. Ho er eit godt eksempel på at Statens Teaterhøgskule ikkje er den einaste kjelda for norsk skodespelarkunst! Når det er sagt, Henriette Steenstrup gjer på ingen måte skam på utdanninga si, i rolla som Alma si mor.
FILMENS FORHOLDSVIS korte speletid får meg til å tenkje at det kanskje hadde vore mogeleg å utforske fleire av figurane frå dette universet, og kanskje ta med meir av dei opprinnelege historiene frå boka. Lengda er like vel passande for filmen, og sjølv om slutten kjem raskt, sat eg tilfredsstilt attende i kinosetet etter filmens klimaks.
AV: andreas hadsel opsvik
Les også
Siste fra Film
-
«Tidenes vittigste grøsser»
1 2 3 4 5 6«The Cabin in the Woods»: Skrekkfilmen dekonstruert i kreativt blodbad. -
«Litt for overdådig gotisk såpeopera»
1 2 3 4 5 670-tallet møter vampyrfilmen i en ikke helt vellykket miks -
«Scener fra en skilsmisse»
1 2 3 4 5 6Tango, rødvin og kjærlighet i uelegant forening -
«Øm barndomsskildring»
1 2 3 4 5 6«Tomboy»: Åpen lek med kjønnsidentitet. -
«Burma - en kjærlighetshistorie»
1 2 3 4 5 6Melodramatisk om Aung San Suu Kyi
-
«Suser av gårde»
1 2 3 4 5 6Her er en låt du må høre. -
«Bergensk Duracell-metal»
1 2 3 4 5 6Et musikalsk bankebrett fra Tortorum. -
«Det svarte alvor»
1 2 3 4 5 6Forblåst hypnosekunst fra Bergen. -
«Brutal boogie»
1 2 3 4 5 6Syng en sang om tungt maskineri. -
«Kjør meg gjennom natten»
1 2 3 4 5 6The Chromatics styrer deg rett inn bakrusen fra 1985.
-
«Gripende øyevitneskildringer»
Far og datter Sønstelie gir en mangefasettert skildring av massakren på Utøya. -
«Rapport fra helvete»
-
«Det litterære Norge responderer»
Med varierende kraft om den verste ugjerningen i Norge siden krigen.
-
«Festkveld av det gode, gamle slaget»
1 2 3 4 5 6Bunnsolid med høy luftgitarfaktor. -
«Trivelig fra Leon Russell»
1 2 3 4 5 6Koselig møte med gammel helt, men heller ikke noe mer. -
«I det fredsæle hjørnet»
1 2 3 4 5 6Vakkert, melankolsk og svært langsomt. -
«Diskoparty a la Koengen»
1 2 3 4 5 6Fungerer utmerket til sitt bruk – men ble slitsomt i lengden, mener vår anmelder. -
«Motorpsycho rodde det hele trygt i land»
1 2 3 4 5 6Seiler skuten på trygt vann - for det meste.
-
«Morsomme scener fra kattens liv»
Enkelt, men ikke lettvint -
«Beckett i Bergen»
Utfordrende språk, fattig scenekunst. -
«Historier skrevet i olje »
Nært møte med oljeutvinning, makt og mennesker. -
«Det farlige språket»
Krevende både for publikum og skuespillere. -
«UKErevyen bedre enn noensinne»
1 2 3 4 5 6Mye å glede seg over. Mye å le av.
Mest lest
Alexander Dale Oen er død
Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.
Denne hytten kan du få gratis!
Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.
Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen
Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.
Kjent bergensmusiker savnet
Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.
Denne sjåføren glemte noe viktig
- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.


