• OPPDELT: Regissøren har ikkje greidd å få «Habana Eva» til å hengje saman.

    FOTO: FILMWEB

Sjanger-koldtbord

Fire filmar for prisen av éin. På den dårlege måten.

1 2 3 4 5 6
Regi: Fina Torres
«Habana Eva
»

Den ungeskredderen Eva er lei av å sy standardiserte brudekjolar for cubanske myndigheiter. Ho er óg lei av sin late arkitektkjærast, og søkjer større draumar som motedesigner. Då ho ein dag møter Jorge, ein verdsbereist fotograf, vert ho bergteken. Plutseleg er ho nødt til å velgje mellom to menn — det gamle Cuba, og nye utsikter til verda.

Dersom du meinar du har høyrt dette filmsamandraget før, så har du heilt rett. «Habana Eva» - som merkeleg nok heiter «Eva Habana» opprinneleg - er ein lite original idé satt til eit cubansk bakteppe. Eva må velje mellom to menn av ulik klasse - den eine ein handtverkar frå fattige kår, den andre ein ein rik venezueler med den einaste bilen i mils omkrins som er frå denne sida av årtusenet. Desse to representerar naturleg nok kvar si side av det cubanske samfunnet, som verkar å vere filmens arnepunkt. For kva side bør cubanarar velje?

Les også

SOMMARFILM: Passar for både deg som vil mimre litt og for deg som berre vil ha noko anna å tenkje på i desse dagar. FOTO: FILMWEB

Summer of '79

Har sine augneblikk.

Les også

Varierande 
effekt

Velspilt og rått klippa, men antiklimatisk.

Med unntakav hovudrolleinnehavar Prakriti Maduro verkar det som dei fleste skodespelarane er tekne direkte frå lokale såpeseriar. Overspeling og medfølgjande fakter pregar det meste av filmen.

Manuset for «Habana Eva» står oppført med fire manusforfattarar. Om det er dette som er årsaken til at nokre av filmens scener ikkje verkar som dei er i same filmunivers kan eg ikkje vite, men det verkar logisk. Nokre scener er frå ei farse, nokre scener er dramatiske, hjarteskjér-ande drama, medan andre scener igjen er som tekne frå parfymereklamar. Dette vert ytterlegare forsterka av varierande skodespelarferdigheiter.

Dog, i to tredelar av filmen har du hovudsakleg spikra ein kva som helst verdsleg romantisk dramakomedie satt i eit eksotisk miljø. Mot slutten derimot, sirklar historia ut i merkelege tvistar som blant anna inkluderar spøkelser og to grønhuda tanter. Eg seier ikkje meir. Regissør Fina Torres har ikkje klart å skape eit heilheitleg univers, og «Habana Eva» står igjen som avrivne delar frå ei rekke filmidear.

Eva sittvalg er kanskje ikkje så enkelt, men for deg burde valget vere lett. Du skal nemleg vere ganske forelska i Cuba for å gidde å sjå denne filmen.

Einig med vår anmeldar? Sei di mening her!

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Siste fra Film

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER