• To view this page ensure that Adobe Flash Player version 10.1.0 or greater is installed.

    Get Adobe Flash player

    Ellevilt skirace i Sogndal

    Musikkvideoen til Tyyl heter Mjelk & Honning viser et ellevilt skirace gjennom Sogndal til Sognefjorden. VIDEO: Vegard Loftesnes

    VIDEO: bt tv

Vinterens mest ekstreme musikkvideo?

Sognerockarane i Tyyl! tok han heilt ut på ski i saftbygda Sogndal.

Etter å ha vakse opp i bakkane over Sogndal, tenkte bassist Vegard Loftesnes og dei andre karane i Tyyl! at det kunne ha gjort seg med ein musikkvideo frå nabolaget.

Ideen har resultert i eit spektakulært skirenn over bakkar, berg, hagar og bilvegar – før det heile blir avslutta i Sognefjorden.

- Først tenkte me å stå på ski i vegane rundt der, så tenkte me kvifor ikkje stå på ski beint ned, fortel Loftesnes.

Henta hjelp i tide

Rockarane har allereie nærare 9000 visningar av videoen på Youtube – truleg blir det fleire.

Til å stå for dei spektakulære stunta, måtte rockarane henta inn proffar frå fristilorganisasjonen Bratt Moro.

Å stå for dei halsbrekkande stunta sjølv, var uaktuelt.

- Gitaristen vår er ganske god å stå på ski, men han seier han ikkje var god nok til dette. Me fekk med gode vener og fans til å ta seg av den biten. Det er ganske halsbrekkande, enkelte av dei tinga dei gjer her, seier bassist Loftesnes.

Tryggja trafikken

I videoen står skiløparane i full fart både i trafikk og snø, med bilar rundt omkring. Innspelinga gjekk likevel relativt trygt føre seg, kan bandet forsikra om.

- Dei tryna jo litt her og der, men det gjekk ganske trygt føre seg. Me hadde folk som stoppa trafikken, så det ikkje kom bilar midt i løpet.

Til innspelinga fekk bandet òg hjelp av firmaet Falkeblikk, som stilte opp med modellhelikopter til å filma stunta. Innspelinga tok ei helg i Sogndal, der to av dei fire bandmedlemmene held til.

Publikum forstår lite

Låten «Mjelk og Honning» kjem ut på det neste albumet til Tyyl!, som er venta i løpet av våren. Tidlegare har dei gitt ut eit album og ein EP, og turnert rundt heile landet.

- Me syng jo på sogning, og folk syng med – sjølv om dei ikkje forstår kva dei syng, fortel bassisten.

I samband med den neste plata, ventar konsertar på Garage i Bergen 13. april, og på Meieriet i Sogndal dagen etter.

- Det plar vera mykje folk og stor stas når me speler i Bergen. Sist me spelte i byen, var på Garage i fjor. Det er mange sogningar der òg, veit du.

Les også

Siste fra Bergenpuls

Jazzer opp Vågsbunnen

Line Hvoslef liker å utfordre seg selv. Derfor står hun nå øverst i et stillas i Vågsbunnen og maler rett på veggen.

Her debuterer han som kunstner

Og det gikk visst ikke så verst ...

Topper listen

Når Lerche og Vaular opptrer på The Voice-finalen på TV 2, kan låten nå nye høyder.

Slik var turnestarten

Skal du på Springsteen på Koengen? Gled deg...

Springsteen satte fyr på Sevilla

Bruce Springsteen sparket i gang europaturneen i et sydende Sevilla søndag kveld. Og «The Boss» bekrefter at han gjerne deltar på Utøya-markeringen hvis han blir spurt.

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Skiftet fil i voksen alder

Ina Caroline Marteng var 30 år og hadde to små barn da hun brøt ut av ekteskapet og sto frem som lesbisk.

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:

Siste bergenpuls