Tru på utstilling

Tru i vid forstand er tema for årets Vestlandsutstilling som opnar i Førde i ettermiddag.

Les også:

- Eg har ønskt å ha med kunstverk som på eitt eller anna vis speglar religionens rolle. I vår tid blir religion brukt til å skape både samkjensle og splid. På same tid ser vi at nyreligiøse krefter gjer seg gjeldande. Eg trur dette også speglar seg att i kunsten, seier kunstnarleg leiar for årets utstilling, Linn Cecilie Ulvin.

Premissar og tema for årets utstilling blei alt lagt då Ulvin forma invitasjonsteksten. Der formulerte ho stikkorda «overbevisning, hengivenhet, kontroll, ekstase, makt og kaos». I alt 245 søkte om å få vere med, noko som er ein svært stor auke. 20 av desse kom med på utstillinga. I tillegg deltek den britiske kunstnaren Lindsay Seers etter invitasjon. Berre to av kunstnarane har tidlegare vore representert på Veslandsutstillinga, dei andre er debutantar.

- Vestlandsutstilling har greidd å fornye seg, meiner Linn Cecilie Ulvin, og peikar mellom anna på satsinga som er gjort på tematisering.

- Det har gjort at Vestlandsutstillinga etter mitt syn er langt meir spennande enn den tilsvarande utgåva på Austlandet.

Totalt omfattar utstillinga 21 verk sett saman av enkeltverk, seriar, installasjonar og performancekunst. Mellom kunstverka er to videoinstallasjonar, fire performancar, ein lydinstallasjon og eige videoprogram. I tillegg til teikning, måleri, fotografi og skulptur.

Etter oppsetjinga i Førde vandrar utstillinga vidare til Stavanger, Haugesund og Ålesund før det blir avslutning i Bergen i juni.

Les også

Siste fra Bergenpuls

- Dette er en genistrek

Videoen med fem nordkoreanere som spiller a-ha-hiten «Take on me» har gått verden rundt.

Nå blir dette en del av nasjonalarven

135 hyllemeter med festspill-arkiv - gjemt i en fjellhall.

- Useriøst!

Vestlandsutstillingen får kraftig medfart.

Anders Beyer ny festspilldirektør

- Festspillene skal være for alle bergensere, sier den nye sjefen.

Hemmelighetsfull Kleveland

Styreleder i Festspillene, Åse Kleveland, ankom Flesland mandag kveld, klar for å offentliggjøre den nye Festspill-direktøren. Men hun kom alene. 

Lager film om Strauss-Kahn-skandalen

Den amerikanske filmskaperen Abdel Ferrara vil lage film om sexskandalen som felte Dominique Strauss-Kahn. Franske Gérard Depardieu får hovedrollen.

Relaterte bilder

FOTO: Oddleiv Apneseth

Mest lest

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:

Siste bergenpuls