• BERGENSVENN: - Eg skal koma tilbake på ferie - definitivt, seier Tinie Tempah.

    FOTO: Lisa Turøy Christiansen

Tinie Tempah vil gi 200 prosent

Sist gong Tinie Tempah var i Bergen, sette han byen på hovudet. I kveld lover han òg fest - denne gongen på scena.

Les også:

Med to nummer ein-singlar i Storbritannia, blei Tinie Tempah den mestseljande artisten i heimlandet i 2010. No er han snart klar med oppfølgjarplata - før det lover han å halde fest for Bergenfest-publikumet fredag kveld.

- Då eg spelte sist, var publikum veldig entusiastiske og energiske, seier han få timar før han skulle gå på scena på Plenen på Bergenhus festning.

- Eg har ei kjensle av at det blir veldig bra i kveld. Viss publikum gir meg hundre prosent, gir eg to hundre tilbake. Eg veit ikkje ein gong om det er teknisk mogleg, men eg skal prøva, seier London-rapparen med eit glis.

 

Blei ein ekstra dag

Tinie Tempah varma opp for Rihanna under konsertane på Koengen i august i fjor. Då likte han seg så godt at han og crewet blei att i byen ein ekstra dag.

- Det var utruleg. Eg hadde det strålande, både dag og natt. Me gjekk på nokre nattklubbar òg - det var galskap. Kva heiter den ved det hotellet ...?

- Metro?

- Ja! Nede i kjellaren der. Det var veldig bra. Fantastisk. Eg gjorde verkeleg Bergen til heimbyen min, seier rapparen.

Denne gongen blir det derimot ikkje noko festing på Tempah og gjengen - mannen skal rett vidare til neste festival.

- Dessverre! Etter konserten er det rett i seng. Men eg har gjort nok i Bergen. Eg har hatt det kjekt i Bergen. Så eg skal koma tilbake på ferie - definitivt.

Kjend att for galskapen?

Hitsingelen «Written In The Stars» frå 2010 har over 84 millionar visningar på Youtube. Likevel er artisten audmjuk når han omtaler den komande plata, «Demonstration», som kjem i november.

- Eg håper berre fleire har fått augo opp for meg som artist, og at nye fans kjøper plata. Sjølv synest eg plata høyrest vakker ut - eg håper folk meiner det same, seier han.

I fjor kunne han gå på gata i Bergen i fred - noko han seier han trivst med. Likevel blei han kjend att nokre få gongar - men han er litt usikker på kvifor.

- Eg veit ikkje om det var fordi folk kjende til musikken, eller om det var fordi me hadde skapt så mykje kaos i byen, seier Tinie Tempah og ler.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.
Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Bergenpuls

Palle Mikkelborg spiller med voksne herrer

Den danske trompetisten kommer til Bergen og spiller sammen med Voksne Herrers Orkester mandag.

- Tilstår tyveri av Kina-kunst

En mann har tilstått at de var med å stjele kunstgjenstander fra Kinasamlingen i Bergen.

- Været er alltid en risiko

Festspillene har ikke mistet lysten på å samarbeide med Bergen Filharmoniske Orkester etter spillenekten under festspillåpningen.

- Vi ønsker ikke å støtte
vulgære forestillinger med
for eksempel mye banning

Ekteparet Bjarne og Yvonne Rieber har gitt mange millioner kroner til kulturlivet i Bergen.

Hør Anjas nye singel

...tre dager før den kommer ut.

Her er festivalbildene

Se blinkskuddene fra våre fotografer.

Relaterte bilder

FOTO: Lisa Turøy Christiansen

Mest lest

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:


Siste bergenpuls