-
I OSLO: Fleire av Sting sine låtar er sterkt prega av musikarane han har med seg – her er han på scena i Oslo søndag med frå venstre Dominic Miller (gitar), Vinnie Colaiuta (trommer), Jo Lawry (vokal), Peter Tickell (feler/diverse) og David Sancious (tangentar). - Sting er det einaste mennesket i popverda som treff meg på ein spesiell måte, sa trommisen Colaiuta til italienske Percussioni Magazine i 2003. FOTO: LISE ÅSERUD, SCANPIX
Stings stjernelag
Når Sting står på scena i Bergen tysdag kveld, er det med same musikarar han hadde med seg i Oslo for snart tjue år sidan. Fleire er store namn i seg sjølv.
AV: harald espeland
Dei fleste kjenner han som popstjerna med hits som «Englishman in New York». Men 60-åringen som går på scena på Plenen tysdag kveld, har ei fortid innan jazzen. Det har han nytt godt av i solokarrieren.
På syttitalet spelte han sjølv i jazzband utanfor Newcastle, der han voks opp. Den dagen bassisten Gordon Matthew Sumner dukka opp på øving ein i gul- og svartstripete genser, fekk han namnet Sting.
Etter kvart gav han opp hobbykarrieren som jazzbassist, for å følgja popstjernedraumen med The Police.
Då han seinare starta solokarrieren på midten av åttitalet, gjekk han tilbake i dei gamle fotspora sine. Der The Police hadde vore påverka av reggaerytmer og punk, gjekk Sting saman med nokre av dei leiande jazzmusikarane i verda på den tida.
Frå punk til jazz
Trommis Omar Hakim og saksofonist Branford Marsalis var blant musikarane på Sting si første plate: «The Dream of The Blue Turtles» frå 1985.
Berre få år tidlegare hadde trommis Hakim spelt med legendariske Weather Report – jazzgruppa bassist Jaco Pastorius var medlem av.
Branford Marsalis blei ein fast samarbeidspartnar for Sting, og har òg laga eit namn for seg sjølv innan jazzen. Når det kjem til Sting sine låtar, står han blant anna for den ikoniske saksofonen på «Englishman In New York».
Resultatet av jazzmusikarane i bandet, blei eit popalbum med jazzpåverknader. Sjølv om albumet inneheld reinspikka poplåtar som «If You Love Somebody Set Them Free», finn ein òg jazzpastisjer som tittellåten på plata – ein instrumental, og ikkje minst «Moon Over Bourbon Street».
Eit nytt jazzlag
På nittitalet fann etter kvart Sting fram til nye jazzmusikarar å ha med i bandet sitt. Trommis Manu Katché speler på fleire av platene frå denne perioden – på same tid har han vore med på fire utgjevingar av den norske jazzsaksofonisten Jan Garbarek.
På plata «Ten Summoner's Tales» frå 1993 finn ein musikarane Sting har med seg til Bergen: gitarist Dominic Miller, keyboardist David Sancious og trommis Vinnie Colaiuta. Kvartetten utgjorde og bandet på verdsturneen etter plata, der dei blant anna vitja Oslo.
Både Miller og Sancious kom frå popverda – gitaristen hadde blant anna spelt med The Pretenders før han blei Sting si høgre hand i 1990. Sidan då har han spelt på alle Sting-platene, og stort sett vore med på det som er av turnear.
Thrash metal-musikar
Mannen mange musikarar likevel meiner er sjølve rosina i Sting-pølsa er trommeslagar Vinnie Colaiuta.
Som 22-åring blei amerikanaren invitert til audition til Frank Zappa sitt band, noko som førte til at han blei musikaren sin faste trommis.
I tillegg til å ha spelt med jazzmusikarar som gitarist Lee Ritenour og pianist Chick Corea, har Colaiuta lefla litt med tyngre saker.
Frå 2006 til 2007 rakk nemleg Colaiuta å turnera med bluesgitarist Jeff Beck, countrydronning Faith Hill, jazzpianolegende Herbie Hancock, og sist, men ikkje minst: å spela inn plate med thrash metal-kongane i Megadeth.
Det kan vera noko å tenkja på for dei som nyt balladen «Fields of Gold» i Bergen.
Les også
KOMMENTARER Våre regler
Siste fra Bergenpuls
Fakta
Stings speleliste
Dette spelte popstjerna i Oslo søndag. Truleg blir det veldig likt i Bergen i kveld:
All This Time
Every Little Thing She Does Is Magic
Englishman in New York
Seven Days
Demolition Man
I Hung My Head
Driven to Tears
Fields of Gold
Message in a Bottle
Synchronicity I
Shape of my Heart
Love Is Stronger Than Justice (The Munificent Seven)
The Hounds of Winter
The End of the Game
Never Coming Home
Desert Rose
King of Pain
Every Breath You Take
Next to You
Mest lest
TEGNESERIER
Dette deler våre lesere på Facebook:
-
«Star Trek Into Darkness»
1 2 3 4 5 6Godt håndverk holdes i tømmene av lave ambisjoner.
-
«The Big Wedding»
1 2 3 4 5 6Flinke folk - fæle, fæle greier.
-
«Olympus Has Fallen»
1 2 3 4 5 6Koreakrig i Det hvite hus.
-
«Pelle Politibil på sporet»
1 2 3 4 5 6Solid håndverk som vil begeistre de aller minste.
-
«Strange Pleasures»
1 2 3 4 5 6Still Corners
-
«Everybody Loves Sausages»
1 2 3 4 5 6The Melvins
-
«Modern Vampires Of The City»
1 2 3 4 5 6Vampire Weekend
-
«More Light»
1 2 3 4 5 6Primal Scream
-
«Music From Baz Luhrmann’s Film The Great Gatsby»
1 2 3 4 5 6Diverse artistar
-
«Kurts store dag før den store dagen»
1 2 3 4 5 6Kurt Nilsen med venner Plenen, Bergenhus
-
«Demoner, vampyrer og Roky Erickson»
1 2 3 4 5 6Roky Erickson & The Hounds Of Baskervillle


