Sonen vil lage jonsokbål av farens kunst
Stig Eikaas, sonen til Ludvig Eikaas, vil brenne tretti av farens kunstverk på eit jonsokbål i Hyen. Berre eitt ord kan få han til å endre planar: «Unnskyld».
AV: ådne lunde , kjersti mjør
Les også:
Alt går på bålet. Oljemåleri, skulptur og grafiske arbeid. Tretti verk av faren Ludvig, tretti verk av sonen Stig.
Stig Eikaas skal tenne jonsokbålet i Hyen, der han har hus og galleri. Bålet blir eit kunstverk i seg sjølv, som kunstnaren vil kalle «Nothing Left».
- Dette blir sjokkunst. Ein himmel av kunst over oss. Når alt er borte, er det ikkje meir å krangle om, seier Stig Eikaas.
- Du er ikkje redd for sterke og negative reaksjonar?
- Nei, det er eg ikkje redd for. Kva er negativt? Det finst meir enn nok frå før. Eikaasgalleriet har 800 ting. Det som forsvinn er ikkje uerstatteleg på den måten, seier han.
- Eit helvete for tolv trykkplater
Bakgrunnen for bålet er at sonen til Jølster-kunstnaren er opprørt over debatten kring salet av tolv trykkplater, som går under hammaren i kveld. Fleire i det kunstfaglege miljøet på Vestlandet har reagert på at platene blir auksjonerte bort, og meiner dei høyrer heime på Eikaasgalleriet i Jølster.
Stig Eikaas på si side er oppteken av at Eikaas-familien har donert 800 arbeid av Ludvig Eikaas til galleriet - gratis.
- Det er snakk om kunst for millionar av kroner! Den største familiedonasjonen sidan Edvard Munch. Så blir det eit helvete for tolv trykkplater.
- Men dette er ein sterk reaksjon?
- Eg håpar det. Bålet er eit apropos til alle som driv med kunst. Men bålet blir symbolsk, eg har ikkje så mykje igjen lenger. Nokre halvferdige oljemåleri, grafiske ting og plater. Også tretti av mine eigne verk går på bålet i solidaritet med Ludvig, blant anna modellen til Oddvar Torsheim-skulpturen i Førde.
«Skikkeleg unnskyldning»
- Kva skal til for å få deg til å la vere å sette fyr på kunsten?
- Ei skikkeleg unnskyldning gjennom media, seier Stig Eikaas.
- Frå Jølster kommune?
- Frå dei som gir meg skikkeleg pes. Eg lagar kunst, og meiner sjølv at eg ikkje gjer noko gale. Eg vil ha ei unnskyldning frå «viktigper'ane» som ikkje ser heilskapen i prosessen. 300.000-400.000 kroner er småleg når det er snakk om heile donasjonen, meiner han og legg til at det handlar om at «nokon med fugleperspektiv og forstand gir meg ein unnskyldning for mentaliteten».
- Nokon som seier «ja, vi innrømmer at Eikaasfamilien har gitt oss mange ting, og det er vi veldig fornøgde med, men denne gongen må vi ut på marknaden». Ei unnskyldning - og bålet er borte! lovar han.
Les også
Siste fra Bergenpuls
Relaterte bilder
FOTO: Bjelland, Håvard
Mest lest
TEGNESERIER
Dette deler våre lesere på Facebook:
-
«Star Trek Into Darkness»
1 2 3 4 5 6Godt håndverk holdes i tømmene av lave ambisjoner.
-
«The Big Wedding»
1 2 3 4 5 6Flinke folk - fæle, fæle greier.
-
«Olympus Has Fallen»
1 2 3 4 5 6Koreakrig i Det hvite hus.
-
«Pelle Politibil på sporet»
1 2 3 4 5 6Solid håndverk som vil begeistre de aller minste.
-
«Strange Pleasures»
1 2 3 4 5 6Still Corners
-
«Everybody Loves Sausages»
1 2 3 4 5 6The Melvins
-
«Modern Vampires Of The City»
1 2 3 4 5 6Vampire Weekend
-
«More Light»
1 2 3 4 5 6Primal Scream
-
«Music From Baz Luhrmann’s Film The Great Gatsby»
1 2 3 4 5 6Diverse artistar
-
«Kurts store dag før den store dagen»
1 2 3 4 5 6Kurt Nilsen med venner Plenen, Bergenhus
-
«Demoner, vampyrer og Roky Erickson»
1 2 3 4 5 6Roky Erickson & The Hounds Of Baskervillle
-
«Shining/Hedvig Mollestad Trio»
1 2 3 4 5 6Jazz eller rock? Bra er det uansett merkelapp.


