• KASTA GLANS: Frode Rasmussen og Oddvar Torsheim var med då Sogn og Fjordane Teater lanserte programmet sitt torsdag.

    FOTO: ODDLEIV APNESETH

Sogn og Fjordane Teater får storinnrykk av kjendisar

Helge Jordal, Agnethe G. Haaland, Bjarte Hjelmeland, Jon Eikemo, Yvonne Algrøy, Frode Rasmussen, Jorunn Torsheim og Oddvar Torsheim. Vestlandskjendisane står i kø for å spele på Sogn og Fjordane Teater neste år.

- Det er litt tilfeldig at det blir ei slik samling av kjende skodespelarar eitt og same året. Men dei er no ikkje vanskeleg å be, seier teatersjef Terje Lyngstad.

I går presenterte regionteateret for Sogn og Fjordane neste års program. Kanskje har dei mange utmerkingane teateret har fått dei siste åra, mellom dei to Hedddaprisar for framifrå prestasjonar innan scenekunst, og Ibsenprisen, den einaste norske dramatikarprisen, gjort det lett å hente nokre av mest kjende skodespelarane i landet.

Helge Jordal skal spele klovn i Sirkus Saragossa, årets hovudsatsing frå teateret med base i Førde. I denne familieframsyninga skal også Yvonne Algrøy ha ei berande rolle. Stykket som handlar om eit sirkus som blir lagt ned, og der heile sirkusfamilien flyttar til ein liten by på Vestlandet, blir ein av to urpremierar neste år. Den andre blir ei framsyning der Jon Eikemo spelar hovudrollen i ein kabaret bygd på musikken til Per Janke Jørgensen, musikalsk leiar ved Sogn og Fjordane Teater i 35 år.

Den største turnéen i 2012 år blir nyoppsetjinga av stykket om predikanten og salmediktaren Mathias Orheim. I 2010 trekte Frode Rasmussen i rolla som Orheim og Linda Øvrebø som kona Marie fullsette kyrkjer over heile Sogn og Fjordane.  Oppsetjinga, som også fekk svært gode kritikkar, skal no visast på stader i fylket som ikkje fekk besøk sist, men dessutan også i Hordaland og Møre og Romsdal. Totalt blir det over 30 framsyningar frå midten av april med avslutning i Bergen først i juni.

Regionteateret byr dessutan på ein teaterversjon av «Susanna frå Sunnfjord», ein kammeropera basert på musikk av Mozart og tekstar av Oddvar Torsheim. I hovudrollen som Susanna er dottera til multikunstnaren frå Førde, Jorunn Torsheim.

Neste år byr også på ei rekkje kjende fjes i Kinnaspelet. Her blir noverande og tidlegare teatersjef ved DNS, Agnethe G. Haaland og Bjarte Hjelmeland, å sjå på same scene.

Det var ein nøgd teatersjef Terje Lyngstad som presenterte neste års program. Han kunne også fortelje at teateret har bak seg eit år med gode besøkstal. I alt såg 25.142 personar oppsetjingar av Sogn og Fjordane Teater i fjor:

- Det er eit publikumstal vi er veldig fornøgde med. Både samanlikna med andre regionteater og i forhold til folketalet i fylket, står det seg godt.

Les også

Siste fra Bergenpuls

Jazzer opp Vågsbunnen

Line Hvoslef liker å utfordre seg selv. Derfor står hun nå øverst i et stillas i Vågsbunnen og maler rett på veggen.

Her debuterer han som kunstner

Og det gikk visst ikke så verst ...

Topper listen

Når Lerche og Vaular opptrer på The Voice-finalen på TV 2, kan låten nå nye høyder.

Slik var turnestarten

Skal du på Springsteen på Koengen? Gled deg...

Springsteen satte fyr på Sevilla

Bruce Springsteen sparket i gang europaturneen i et sydende Sevilla søndag kveld. Og «The Boss» bekrefter at han gjerne deltar på Utøya-markeringen hvis han blir spurt.

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Skiftet fil i voksen alder

Ina Caroline Marteng var 30 år og hadde to små barn da hun brøt ut av ekteskapet og sto frem som lesbisk.

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:

Siste bergenpuls