• SUKSESSKONSERT: Lars Lillo Stenberg var ein av gjesteartistane då Real Ones spelte på Kaien laurdag kveld. Stein Torleif Bjella og Jonas Alaska dukka også opp på scenen.

    FOTO: RUNE SÆVIG

  • KUPP?: Madeleine Fjellanger og Kristian Castro var blant mange fornøgde forbrukarar i Skostredet.

    FOTO: RUNE SÆVIG

  • JAZZFEST: Paradis Big Band med vener spelte opp under laurdagens gatemarknad i Skostredet. Frå venstre Njål Gravelsæter på trompet, Sverre Isachsen, saksofon og Øivind Stømer, saksofon.

    FOTO: RUNE SÆVIG

Smittande festivalsuksess i Skostredet

Halvvegs i Nattjazz er 90 prosent av billettbudsjettet nådd. Og kjøpmennene i Vågsbunnen er storfornøgde.

Seks dagar ut i festivalen er det allereie klart at den 40. Nattjazz er ein suksess.

- Søndag nådde vi 90 prosent av budsjettert billettsal på 18.300, seier festivalsjef Jon Skjerdal.

På førehand hadde festivalleiinga budsjettert med eit underskot på ein halv million kroner, eit tal som blei oppjustert til 650.000 like før festivalstart, på grunn av kostnader i hovudsak knytte til bygging av ny infrastruktur.

- Men no trur vi det kan vere mogeleg å halvere underskotet, seier Skjerdal.

Kriselevering frå Hansa

I godvêret i pinsehelga har festivalpublikummet og vore flinke til å sløkkje tørsten. Serveringsbudsjettet blei nådd laurdag formiddag.

- Då måtte vi få kriseleveranse frå Hansa, fortel Skjerdal.

Det er første gong Nattjazz sjølve står for serveringa på festivalen, og Skjerdal seier det er vanskeleg å rekne på gevinsten i dette, fordi kostnadene varierer.

- Vi har ikkje gjort dette før, og på førehand hadde vi ingen meining om kva omsetjing vi kunne forvente. No ser vi at årets omsetjing kjem til å bli høgare enn den har pleid å vere på USF Verftet, slår han fast.

- Oppdagar Skostredet

Med gatefest, marknad og jazzband spelande i gata, har ønskjet til Nattjazz-leiinga gått i oppfylling: det er som om litt av New Orleans har flytta til Bergen. Det syder av liv i Skostredet.

Kjøpmennene i gata er naturleg nok også fornøgde, og trur Nattjazz kan bidra til å revitalisera området på lang sikt. Laurdag flytta dei varene ut i gata, og folk kikka gjerne både ein og to gongar på utvalet.

Linda Herlofson i butikken Klesskapet høyrer til dei som har halde til i Skostredet lengst – ho er ikkje i tvil om at handelen går opp i takt med at festivalpublikummet rykkjer inn.

- Me reknar med å selja meir enn på ein vanleg laurdag. Men noko av det viktigaste er at mange som aldri har vore i Skostredet før, har oppdaga det no. Då oppdagar dei butikken òg, seier ho.

Kundar kjem for jazz

Litt lengre nede i gata står Alf Tore Lunde, som er medeigar i spesialbutikken Kamelone. Dei sel alt frå bysyklar til koppar og krus til omslag for nettbrett. Lunde er ikkje i tvil om at festivalen sørgjer for auka omsetnad.

- Mange kjem her og spør om dette er ein ny butikk. Me har jo drive han i seks år. Det viser at folk oppdagar gata på ein positiv måte. Dei er her på grunn av Nattjazz, men seier dei skal koma tilbake, seier han.

Fornøgde naboar

I Skostredet laurdag spelte Hot Club De La Nattjazz og Paradis Big Band opp i kvar sin ende av den gamle skomakergata.

Madeleine Fjellanger (27) og Kristian Castro (24) var blant dei mange som hadde funne fram til staden – Castro bur òg i gata.

- Det er heilt fantastisk, seier han på spørsmål om korleis det er å få ein jazzfestival til nabo.

- Kanskje blir det litt problem med å få sova om natta, men eg har jo øyreproppar, seier han.

Folksamt

Robotbutikken i Skostredet har avtale med Nattjazz om å selja varer for dei. I tillegg sel dei sine eigne saker, og dagleg leiar Henrik Svanevik er godt fornøgd.

- Eg trur aldri det har vore så mange folk i gata som det er no, seier han.

Til liks med andre butikkeigarar, trur også Svanevik festivalen kan føra til auka handel i gata på lengre sikt.

- Sjølv om det er mange folk, gir det seg ikkje alltid utslag i salet med ein gong. Men det har definitivt auka desse dagane, seier han.

Forsterkar tradisjon

Nattjazz-general Jon Skjerdal veit òg å nyta sola og livet i Skostredet under gatefesten. Han fortel at festen blei til etter initiativ frå butikkane i området, medan det einaste Nattjazz stiller opp med, er dei to konsertane i gata.

- Me gjer dette for å skapa stemning og for å forsterka noko butikkane har drive med lenge, seier han, og viser til gatefestane som finn stad i Skostredet med jamne mellomrom.

Skjerdal fortel om eit godt samarbeid mellom festivalen og dei næringsdrivande i området.

- Samarbeidet har vore utruleg godt frå første stund. Det er altså snakk om full entusiasme her.

Hva synes du om Nattjazzen i Skostredet?

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.

Velkommen til debatt i Bergens Tidende. Vi setter pris på sterke meninger. I våre kommentarfelt er det høyt under taket, men vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis respekt for andre debattanters meninger, etnisitet, religion og legning. Husk at mange leser dine ytringer her på bt.no. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå. Du må skrive under fullt navn.

Vennlig hilsen Gard Steiro, sjefredaktør.

Siste fra Bergenpuls

Skostredet:

  • Har namnet sitt frå Hansatida sine tyske skomakarar, som budde i gata.
  • Har dei siste åra fått nytt liv med fleire utestader og spesialbutikkar.
  • Ei sentral gate i Vågsbunnen, der årets Nattjazz finn stad.
  • Arrangerer jamleg gatefestar, slik dei i år gjer under Nattjazz.

Bilder

UTEMARKNAD: Fleire av butikkane hadde flytta sortimentet sitt utandørs. Det er veldig fint, seier irske Angela Geoghegan, som var på staden saman med svigerdottera Wera Geoghegan. Til venstre ser Celine Lund på utvalet.

UTEMARKNAD: Fleire av butikkane hadde flytta sortimentet sitt utandørs. - Det er veldig fint, seier irske Angela Geoghegan, som var på staden saman med svigerdottera Wera Geoghegan. Til venstre ser Celine Lund på utvalet. FOTO: RUNE SÆVIG

TEGNESERIER