På leiting etter det heilage
Det heilage kan vi aldri gripa heilt. Men dersom kyrkja legg til rette for det, kan vi likevel få ei sterk kjensle av å møta det. Der kan det teatrale kanskje vera eit avgjerande verkemiddel.
AV: jan h. landro
Kari Veiteberg, prest og utflytta stordabu, har tenkt mykje på kva som skapar nærleik og avstand i gudstenesta. Til våren skal 44-åringen forsvara si avhandling om dette for den teologiske doktorgraden ved Universitetet i Oslo. I «Kunsten å framføre gudstenester. Dåp i Den norske kyrkja» ser ho på gudstenesta med teaterblikk.
Dette stoffet «har logge og marinert lenge», fortel ho.
- Eg har alltid vore fascinert av teater og har litt av det teatrale i meg sjølv, òg. Opplesing, framføringskunst, drama, klovning - dette er eit felt eg vil vera ein del av.
Ho vart cand. theol. i 1988, så tok ho mellomfag i teatervitskap eit par år seinare.
- Eg såg ein mangel i mitt eige fag. Ei gudsteneste er ei handling mellom menneske i eit rom, men tradisjonelt har teologien vore ein tekstvitskap. Alt som ligg i iscenesetjing, gestalting, performativt virke og romrelasjonar burde vera vel så naturleg i faget liturgi som i teaterstudiet.
Å få bodskapen fram
- Kvifor er dette så viktig?
- Du kan ha så god teologi som berre det, men om du ikkje får han ut ... Den delen av gudstenesta treng me jobba med, både presteskapen og utdanningsstadene. Å vera liturg, diakon eller kateket handlar om å formidla, få bodskapen fram.
Med innspel frå teaterpraksis og teaterteori ønskjer Veiteberg å få i gang ein refleksjon om måten gudstenester vert framførde på. Våren og hausten 1996 deltok ho saman med tre teaterinstruktørar - Morten Jostad, Hilde Blesvik og Thea Stabell - på nokre gudstenester med dåp i Den norske kyrkja.
Som prest har ho sjølv forretta mange gudstenester med dåp. Slik kan ho difor sjå dette både frå innsida og frå utsida. I avhandlinga skildrar og forklarar ho det som skjer, set det inn i ein samanheng og reflekterer over korleis gudstenestefeiringa kan bli betre.
- Fagleg er dette blitt meir og meir viktig for meg. Ifølgje eit gamalt ord, er måten ein ber på måten ein trur på. Slik ser eg det, òg: Det er gjennom liturgi det blir tydeleg kva kristendom er. Difor er noko av det viktigaste ein teolog kan gjera, å arbeida med liturgi.
Vi må snu dagens praksis på hovudet: Gudstenestefeiringa er det første, så utlegg me teologi frå denne feiringa. Såkalla liturgisk teologi insisterer på denne vekselverknaden og vil gjera liturgifaget til noko av det viktigaste i utdanninga.
Einskapen finst ikkje lenger
- Slik er det ikkje i dag?
- Det har meir vore eit handverksfag, utan særleg mykje teologisk refleksjon. Tyngdepunktet har vore teologien. Men no er det sett i gang ei høgmessereform, og den er farga av desse tankane.
Kari Veiteberg er nestleiar, og biskop Finn Wagle leiar, i Nemnd for gudstenesteliv (NFG), eit rådgivande organ for Kyrkjerådet. NFG skal leggja fram forslag til ny gudstenesteordning for Kyrkjerådet og Kyrkjemøtet i 2009. Alt no ser ho føre seg at det vil bli langt større fleksibilitet på fleire område.
- Om vi berre går til grannelandet Sverige, vert det tydeleg kor mykje meir lukka gudstenesta er hjå oss. Den svenske høgmessereforma frå 1986 tok konsekvensen av at einskapssamfunnet var blitt historie. Dei menneska som feirar gudsteneste kan ikkje oppretthalda ein sosial einskap som ikkje lenger finst. Dei eksistensielle spørsmåla som må komma fram i bøner og tekster, er ikkje lenger dei same på alle kantar av landet.
Slik må det bli hjå oss, også. Styringsreiskap for reforma skal vera fleksibilitet, større høve for kyrkjelyden til å delta og tilrettelegging for at kulturelle og andre uttrykk og impulsar frå lokalmiljøet kan komma til uttrykk.
Likeins blir det viktig å ta omsyn til at alle kyrkjebygga ikkje er like og at det difor må differensierast i måten gudstenestene blir lagt opp på. Her i landet har vi mest langkyrkjer. Rom av den typen legg til rette for visse former for gudstenestefeiring og yter motstand mot andre. Med dei moderne kyrkjene kan situasjonen vera den motsette.
Til stades der det skjer
Men eg trur det er råd for langkyrkjene å ta heile rommet i bruk. Ein kan t.d. flytta døypefonten nærare folket, eller ein kan fylla rommet med duft. Ein kan òg flytta på benker eller snu dei, og ein kan ha stasjonsgudstenester. Skal vi ta fenomenet liturgi alvorleg, må folk vera til stades der det skjer. Berre å lesa i tekstboka gir for store avgrensingar.
For Veiteberg er det ikkje nok at det som skjer i kyrkja vert trekt nærare folk på benkene. Ho vil også involvera dei, få dei med i ei sams rørsle og gjera dei medvitne om kva sjølve kyrkjerommet har å seia for den totaliteten ei gudstenestefeiring skal vera.
- Det er ikkje berre teksten og bønene vi ber som uttrykkjer gudssyn og menneskesyn. Fleire ting enn vi trudde har ein ibuande bodskap: Måten vi sit på, måten møblane er organiserte og utforma på, rommets utforming. Alt dette produserer og artikulerer gudsbilete, menneskesyn og kyrkjesyn.
Her finst ein veldig totalitet som vi ikkje må kimsa av. Dette er lett å oversjå, men det legg seg på det umedvitne. Atmosfære, lukt og smak, synsinntrykk og lyd - det er der, alt i hop.
- I dine augo, kva er ei vellukka gudsteneste?
- Målet med arbeidet mitt har meir vore å få ein refleksjon rundt det enn å definera kva som er vellukka. Eg prøver å få oss teologar til å ta inn fleire faktorar når vi skal drøfta kva ei gudsteneste er. Klare svar har eg ikkje.
Styrka livsmotet
Eg tenkjer ikkje at skodespelarar skal ta over gudstenesta eller dei liturgiske delane. Eg er oppteken av at det som skjer i kyrkja må kunna styrka livsmotet, gi oss lyst til å gjere noko godt, gi hjelp til å leva i denne verda. I gudstenestefellesskapen møter vi jo den levande Gud, og det skal merkast.
Endå om ho ikkje vil konkludera med omsyn til kva som gjer ei gudsteneste vellukka, peikar Veiteberg likevel på teatralitet, dette å leggja til rette for førestellingar. For si eiga del nemner ho dufta av heimebakt brød i nattverden og rikeleg med vatn ved dåpsseremonien som ting som hjelper henne til å få møta det heilage.
- Somme vil sei at eg held på med overflata, medan det andre er kjernen. Det er eg heilt usamd i. Vi må ikkje tenkja at det er Gud som handlar i gudstenesta og at prestane difor ikkje treng førebu seg. Då kjem vi ikkje vidare. Alt vi gjer i gudstenestesamanheng er viktig.
- Kva er galt med gudstenesta slik ho tradisjonelt vert utført i dag?
- Mykje kan gjerast annleis. Viktigast er at det i kyrkja har skjedd ei av- handling, der ein har gått bort frå meir aktiv deltaking og bruk av element som kan styrka opplevinga. Kyrkja har ein rik, sanseleg tradisjon å ausa av, no er ho blitt for mykje ei ordets kyrkje. Litt for av-handla og litt for «pedagogiserande».
Rom for variasjon
Det grunnleggjande må vera at vi samlast, lyttar til Ordet, bryt brødet og går ut igjen. Innafor desse rammene må det finnast rom for større variasjon enn i dag, vi treng ikkje følgje boka frå a til å. No blir det t.d. nytta berre ei opningsbøn, kanskje skulle ein ha fleire å velja mellom. Så skal heile gudstenesta forankrast lokalt, i det stadeigne. Det inneber m.a. at ein må sjå kva som er styrken i kvart einskilt kyrkjerom, då blir romtenking sentralt.
- Er dét noko prestar kan?
- Dei kan tileigna seg det. Mykje har med kjensle å gjera. Det blir ei spennande utfordring å dyrka fram liturgien for dei ulike kyrkjeromma. Så er det spørsmål om korleis ein fører seg i rommet. Dessutan: Når byrjar ei gudsteneste? Det skjer ikkje nødvendigvis først når folk har sett seg.
Kyrkjelege handlingar som føreset praktisk medverknad frå kyrkjelyden, t.d. dåp, kan gjerast betre ved at ein gjennomfører ein prøveseremoni. Får dei øva på dette, vil dåpsfolket kjenna seg tryggare på at dei gjer det som riten definerer og slik våga å sleppa seg meir laus. Ei god løysing er det òg å ha dåpen først i gudstenesta.
Levande gudstenester må vera målet for arbeidet. Luther oppmoda faktisk kyrkjene til å føra altaret ut til folket. Då er ikkje gudstenestetekstar skriftstykke, men noko som skal leva i rommet framsagt av einskilde eller av kyrkjelyden saman.
Les også
Siste fra Bergenpuls
Relaterte bilder
TEATER I KYRKJA: Kari Veiteberg har tatt teaterblikket med seg inn i kyrkja, her i Paulus kirke i Oslo. FOTO: HÅVARD BJELLAND
Mest lest
TEGNESERIER
-
«Livets uromantiske sider»
1 2 3 4 5 6Komisk og rørende om vekten av en familiehistorie -
«Påkosta eventyr»
1 2 3 4 5 6Tom Cruise reddar verda. Igjen. -
«Danser med delfiner»
1 2 3 4 5 6Velmenende om å takle funksjonshemning -
«Jakta på offeret»
1 2 3 4 5 6Ei ubehageleg reise ned i det svenske landskapet sine fordommar -
«En maktdemonstrasjon»
1 2 3 4 5 6Rikt portrett av en av USAs mektigste og mest omstridte menn
-
«Fredagskos med Larsen»
1 2 3 4 5 6Litt for pent og tekkelig i store doser -
«Visdomsviser»
1 2 3 4 5 6Cohen er blitt gammel og legger heldigvis ikke skjul på det -
«De beste hilsener»
1 2 3 4 5 6Mer enn et rart drops i en kommode. -
«Tilbake på trass»
1 2 3 4 5 6Skuffende gjenfødsel -
«Små bevegelser»
1 2 3 4 5 6Japansk tradisjon møter vestlig minimalisme
-
«Gripende øyevitneskildringer»
Far og datter Sønstelie gir en mangefasettert skildring av massakren på Utøya. -
«Rapport fra helvete»
-
«Det litterære Norge responderer»
Med varierende kraft om den verste ugjerningen i Norge siden krigen. -
«Kinesiske liv»
Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur. -
«I lyriske omland»
Gleden ved å finne, gjendikte og dele.
-
«Stillferdig og hjemmekoselig»
1 2 3 4 5 6Pent, vakkert og nesten litt kjedelig. -
«Magnet er trygt tilbake»
1 2 3 4 5 6En glitrende oppvisning som hadde fortjent et større publikum. -
«Kurt koser julen inn»
1 2 3 4 5 6En trivelig førjulsstund med en smak av Hollywood. -
«Grenseløs kosmisk hippiecountry»
1 2 3 4 5 6Psykedelisk dronegitar med countrysmak. -
«Bursdag for fulle hus»
1 2 3 4 5 6Trivelig bursdagsfeiring, men kanskje litt for stivt og høytidelig.
-
«Kulturelt oljesøl»
Med enkle virkemidler får Amund Sjølie Sveen frem få, men viktige poeng om hva slags land Norge er. -
«Sædutleverende samtale-show»
1 2 3 4 5 6Når man begynner å bli for gammel til å skade seg selv, er det nok lettere å bare snakke om det. -
«Velkjent og velfungerende»
1 2 3 4 5 6Et godt proporsjonert show med mange høydepunkter, men også til tider litt for tradisjonelt. -
«- Ka? E d virkelig ingenting?»
De fem elleveåringene foran meg forsto lite da vakten kom og sa showet var slutt. -
«Bygdedyr uten skarpe tenner»
1 2 3 4 5 6Hele tiden langt innenfor streken


