Nyttige idiotar
Kven er det som gjer det komplett umogleg å ha ein seriøs samtale om det dei aller fleste av oss meiner er det mest private, og det mest intime i liva våre?
AV: hilde sandvik Ansvar for diskusjonsforum på bt.no
I GÅR GJORDE også Inger Bentzrud i Dagbladet seg syrleg og skreiv om unge PR-kåte jenter som tvingar lystene sine på offentlegheita og kallar det frigjering.
Same dag reklamerte Dagbladet Magasinet for dagens artikkel: «At menn vil ha mer sex enn kvinner er ingen myte.»
Her er vi midt inne i det svakaste punktet, sjølve akilleshælen i heile medieverda i augneblinken: Bentzrud er sjølvsagt ikkje ansvarleg for kva avisa hennar skriv, men kvifor den totalt manglande vilje til sjølvkritikk? Kven er det som dagleg pressa på oss all verdas slags lyster på side opp og side ned?
I går var VG mest oppteken av at Mette-Marit var «brukt» i ei sexmåling. I ei meiningsundersøkjing skal 500 nordmenn ha blitt spurt om dei kan tenkje seg å vere utru med kronprinsessa. Ikkje før langt uti saka kom det også fram at også kronprinsen var med blant dei ein skulle vurdere. Det var Dagbladet som hadde bedt om målinga.
Førre veke klinte same avisa fire jenter med raude pornomunnar på framsida av Magasinet (dei jentene Bentzrud sidan kom til å kritisere). Dei var sendt av eit lukkeleg forlag som hadde fått napp på boka si Rosa Prosa. Magasinet hadde fått førsterett til denne lett pirrande tematikken. Om ein framsyning på Skavlan er verdt ein million kroner, som informasjonsrådgjevar Kjell Terje Ringdal i Dinamo sa i Dagbladet i går, er det vel nokon som har rekna på kva boklansering i Magasinet er verdt. Sikkert mykje pengar.
JENTENE STILLER, nærast på oppdrag frå forlaget, og blir (og dette veit dei truleg sjølv, mange av dei er flittige medieaktørar) deltakarar i det spelet som heiter «kvinnepresentasjon»: Ei kvinne kan altså ikkje representere seg sjølv, ei kvinne må iscenesetjast. Dette veit alle fotografane i Magasinet. Dei kjenner si Annie Leibovitz. Dei – i dette tilfellet Agnete Brun - tenkjer: Hmmm, jenter, kåtskap. Eg tek dei med i Vestkantbadet: Av alle kvinnelege stereotypiar er våt kvinne den mest klisjéaktige. Det er her eg får lyst til å rope STOPP!!! IKKJE BLI MED!!!
Kven er så ansvarleg for det som skjer? Kanskje er det ikkje mogleg å seie nei til å vere med på slike bilete, kanskje til og med jentene ikkje hadde motførestellingar mot det? Er det mogeleg å føresjå korleis slikt verkar?
ARTIKKELEN BLIR TRYKT. Debatten kjem i gong, men av ein eller annan grunn så er det ingen som ser ut til å tenkje på å halde media så mykje som litt medansvarleg for at årets 8. mars kjem til å gå inn i historia som kåtheits-dagen.
I dagens mediabilete er det jentene som er dei ansvarlege for å seie nei. Dei er ansvarlege for å vere medvetne om å sette grenser for korleis ein sjølv vil bli presentert i media.
Same ansvar har jenter for å seie ja for å vere til stades som stemmer i ålmenta.
På nokre tidels sekund, blei jentene bak Rosa Prosa transformerte frå sjølvstendige individ til sexobjekt. Var det objekt dei ville vere? Neppe.
I DAG, VIL DEI SJÅ, kokar Magasinet vidare på den trusa dei fekk i fanget sist veke: «At menn vil ha mer sex enn kvinner er ingen myte» blir det påstått. Så har vi det gåande.
Kanskje det er på tide å seie det høgt: Neste gong ei avis ringer, knip igjen!
Les også
Siste fra Bergenpuls
Relaterte bilder
Mest lest
Alexander Dale Oen er død
Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.
Denne hytten kan du få gratis!
Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.
Kontroll over storbrannen
Skogsinfernoet på Sotra roet seg selv i natt. Men fremdeles brenner det.
Kjent bergensmusiker savnet
Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.
Denne sjåføren glemte noe viktig
- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.
TEGNESERIER
Dette deler våre lesere på Facebook:
-
«Tidenes vittigste grøsser»
1 2 3 4 5 6«The Cabin in the Woods»: Skrekkfilmen dekonstruert i kreativt blodbad. -
«Litt for overdådig gotisk såpeopera»
1 2 3 4 5 670-tallet møter vampyrfilmen i en ikke helt vellykket miks -
«Scener fra en skilsmisse»
1 2 3 4 5 6Tango, rødvin og kjærlighet i uelegant forening -
«Øm barndomsskildring»
1 2 3 4 5 6«Tomboy»: Åpen lek med kjønnsidentitet. -
«Burma - en kjærlighetshistorie»
1 2 3 4 5 6Melodramatisk om Aung San Suu Kyi
-
«Komedie og ironi»
Strålende oppsetning av Händels opera Xerxes åpner Festspillene. -
«Suser av gårde»
1 2 3 4 5 6Her er en låt du må høre. -
«Bergensk Duracell-metal»
1 2 3 4 5 6Et musikalsk bankebrett fra Tortorum. -
«Det svarte alvor»
1 2 3 4 5 6Forblåst hypnosekunst fra Bergen. -
«Brutal boogie»
1 2 3 4 5 6Syng en sang om tungt maskineri.
-
«Festkveld av det gode, gamle slaget»
1 2 3 4 5 6Bunnsolid med høy luftgitarfaktor. -
«Trivelig fra Leon Russell»
1 2 3 4 5 6Koselig møte med gammel helt, men heller ikke noe mer. -
«I det fredsæle hjørnet»
1 2 3 4 5 6Vakkert, melankolsk og svært langsomt. -
«Diskoparty a la Koengen»
1 2 3 4 5 6Fungerer utmerket til sitt bruk – men ble slitsomt i lengden, mener vår anmelder. -
«Motorpsycho rodde det hele trygt i land»
1 2 3 4 5 6Seiler skuten på trygt vann - for det meste.
-
«Komedie og ironi»
Strålende oppsetning av Händels opera Xerxes åpner Festspillene. -
«Morsomme scener fra kattens liv»
Enkelt, men ikke lettvint -
«Beckett i Bergen»
Utfordrende språk, fattig scenekunst. -
«Historier skrevet i olje »
Nært møte med oljeutvinning, makt og mennesker. -
«Det farlige språket»
Krevende både for publikum og skuespillere.


