Kvinneleg oppgjer med Knausgårds metode

To kvinner som mot sin vilje vart sentrale romanfigurar i «Min kamp», tek eit nådelaust oppgjer med Karl Ove Knausgård. - Det han har gjort er krenkjande og omsynslaust, seier dei til BT.

I fire år hadde «Gunvor» eit forhold til Karl Ove Knausgård. Det var på 1990-talet, då begge budde i Bergen og begge vanka i studentmiljøet i byen.

I vår fekk «Gunvor» tilsendt manus til femte bind i «Min Kamp» på e-post. Det var som å få eit slag i ansiktet.

- Det var som om han sa: «No skal eg dra til deg. Eg veit at det kjem til å gjere vondt, og eg skal køyre deg på legevakta etterpå. Men eg gjer det likevel».

- Paranoid med god grunn
Over mange sider og med til dels intime detaljar skildrar Knausgård korleis forholdet mellom dei to utvikla seg.

Å bli utlevert som romanfigur i det sjølvbiografiske bokverket har «Gunvor» opplevd både som bisarrt og krenkjande.

- Eg er blitt sausa inn i noko eg ikkje har valt sjølv, og måtte bruke energi og tid på noko eg ufrivillig er dregen inn i.

Ho er ein av personane i boka som insisterte på å bli anonymisert. Men då «Gunvor» korresponderte med Knausgård på e-post, var ho forsiktig,

- Eg tenkte: Torer eg å skrive alt eg vil, eller dukkar eg opp i bind seks, då? Eg var blitt paranoid, med god grunn.

Knausgård respekterte kravet om anonymisering. Likevel veit vener, familie og mange frå studentmiljøet i Bergen på 1990-talet kven «Gunvor» er.

- På grunn av bøkene kjenner mange til intime detaljar om privatlivet mitt.



- Framstilt som eit mehe
Kvinnesynet til Knausgård har fått kritikk. Forfattaren er blitt skulda for å usynleggjere kvinner, og for å skildre eit trongsynt og forknytt intellektuelt mannleg univers, der kvinner berre er til pynt. For anmeldaren i Aftenposten framstår «Gunvor» som ein slektning av Ibsens Solveig-skikkelse.

- Det gremmer meg at han framstiller meg eindimensjonalt. Som eit mehe. Vi snakka mykje om språk, film, kunst og fotball for den saks skuld, men i boka er det redusert til vaflar, dill og dall.

Kritisk til bokkritikarane
«Gunvor» reagerer også på Knausgård sine lite flatterande karakteristikkar av hennar vener. Bøkene er på grensa til fråtsing i mange personar sine autentiske liv, seier ho.

- Han kan ikkje skjule seg bak at dette er romanar. «Min kamp» er like mykje ein sjølvbiografi. Folk blir siterte på ting dei har sagt og gjort, seier ho.

- Etter mitt syn har kritikarane vore altfor lite opptekne av dei etiske problemstillingane ved «Min kamp». Er alt greitt så lenge det kan kallast god kunst eller god litteratur? spør ho.

- På den andre sida har Knausgård skrive deg inn i norsk litteraturhistorie?

- Eg vil ikkje vere der. Hadde han spurt meg, ville eg sagt nei. Han spurde ikkje.

- Men synest du isolert sett at «Min kamp» er god litteratur?

- Både og. Romanane hans var betre. Han kunne ha halde seg til det.

- Se og Hør-interesse
Både i bind fire og fem dukkar «Ingvild» opp. Ei jente han møtte første gong på ein pub i Førde. «Kunne man bli forelsket i noen etter en halv times møte? Å ja, det kunne man». På over 200 sider i bind fem krinsar tankane hans stadig om «Ingvild», men ho avviser han og blir saman med broren hans.

Også «Ingvild» er svært kritisk til Knausgårds romanprosjekt, og meiner at forfattaren er omsynslaus i måten han brukar reelle personar på i bøkene.

Som «Gunvor» reagerer også ho på måten han skriv om kvinner han har vore nær, og meiner at kritikarane har vore altfor ukritiske til Knausgårds metode.

- Eg foraktar det han har gjort. Det er som om han i alle år har gått rundt med ei notatblokk. Sjølv når han anonymiserer folk han har møtt og kjent, tråkkar han over ei grense, seier «Ingvild», som også insisterte på at Knausgård gav henne eit psevdonym.

- Kvifor reagerer du så sterkt?

- Fordi han har gjort seg til kjendis og tent pengar på å skrive om sine private relasjonar. I ein e-post til meg skreiv han at han er på ei «narsissistisk reise» som ikkje let seg stoppe. Det er patetisk. Han offentleggjer pinlege situasjonar og hendingar som skjedde for mange år sidan, og konstruerer eit mytisk spinn kring seg sjølv, seier «Ingvild».

- Eg trur at tida vil vise at litteraturkritikarane har vore altfor snille med han. Den litterære kvaliteten etter bind ein og dels bind to held ikkje mål. Resten av bøkene har Se og Hør-interesse. Det er alt.

Angrar ikkje
Bergens Tidende har prøvd å få ein kommentar frå forfattaren som no er svært travel med den siste «Min kamp»-boka. Han har tidlegare fortalt at han fekk eksistensiell angst då han forsto korleis familien reagerte på bøkene.

Til Agderposten sa han nyleg at om han hadde visst om alt som skulle kome i media om familien etc., hadde han ikkje orka skrive slik han gjorde.

Han vedgår at han går lenger i dei tre første bøkene i «Min kamp» enn i dei tre siste. Det betyr ikkje at han angrar på noko som er skrive. Ikkje om forholdet til faren. Ikkje om familien. Ikkje om vennene. Alle, bortsett frå faren, fekk lese om seg sjølve før det stod på trykk. Dei kunne sett foten ned. Vanskelegast var bok nummer to, som handlar om kona Linda.

- Yngve og Linda var de jeg krevde mest av. De kunne sagt nei, men de gjorde det ikke, seier han til Agderposten.

Han veit at broren Yngve er glad for at «Min kamp» snart er fullført. Men boka har ikkje øydelagt noko mellom dei, meiner han.

Kva synest du om «Min Kamp»? Sei gjerne meininga di i kommentarfeltet.

Siste fra Bergenpuls

Presisering

TONJE AURSLAND har jobbet som journalist i BT i hele perioden der «Min kamp»-bøkene er blitt utgitt. Hun har hatt status som privatperson i redaksjonelle vurderinger knyttet til saken. Det vil si at Aursland ikke har deltatt i møter eller diskusjoner om BTs dekning av utgivelsene. Hun har heller ikke vært brukt som kilde i BTs dekning av innhold i bøkene, eller diskusjoner om romanfigurene. Aurslands kommentarer er gitt i dokumentarprogrammet i NRK, som BT fikk tilgang til før sending lørdag.

Sjefredaktør Trine Eilertsen

TEGNESERIER