• MUSKALSK KJÆRLIGHET: Agnes Rokkan i countrybandet Empty Bottles Broken Hearts meiner dei gamle er eldst. Tor Endresen held ein knapp på dei unge.

    FOTO: Håvard Bjelland

Kva låt er mest romantisk?

Ung countryartist held ein knapp på veteranane, medan kjærleiksveteran i musikkfaget går for dei unge.

I dag gler alle hjarte seg under valentinsdagen, og bt.no har difor spurt to lokale artistar som burde ha spesialkompetanse innan romansefaget to spørsmål: Kva er den mest romantiske låten i verda, og kva låt er best å høyra på når det er blitt slutt i eit forhold? Me gir ordet til den yngste først: vokalist Agnes Maria Rokkan i countrybandet Empty Bottles Broken Hearts.

- Den mest romantiske låten er «I Love You A Thousand Ways», med den amerikanske countryartisten Lefty Frizzell. Låten blei gitt ut i 1950, og har ein veldig spesiell historie, fortel Rokkan.

Facebook og strømmetenesta Spotify har sett saman ei eiga liste over kva låtar folk høyrer på når dei er blitt saman med nokon, og kva låtar dei høyrer på når det er blitt slutt. Sjå dei to spelelistene fra youtube som ligg i saken.

I eit forhold

Skriven frå fengselet

Frizzell sat i fengsel då han skreiv låten – til kona.

Han sat i fengsel fordi han hadde ein tendens til å hamna på skråplanet når han spelte konsertar, og sikkert haldt på med mykje fanteri. Denne gongen hadde han i tillegg vore utru med ei jente som var fjorten år – sjølv var han nitten. Han var veldig redd for at kona skulle gå frå han, så då skreiv han denne teksten som eit brev til henne. Så forhistoria er kanskje ikkje så romantisk, men songen er veldig potent.

- Korleis gjekk det med dei to til slutt?

- Eg trur ikkje ho forlét han. Iallfall ikkje med det første. På sikt, veit eg ikkje, men eg mistenkjer at det kan ha gått dårleg.
 

Avsluttet forhold

Moderne duett

Med songar som «Ingen er så nydelig som du», må Tor Endresen seiast å vera på Bergens topp når det kjem til romantiske artistar. Sjølv har han vald seg ein moderne versjon av ein klassikar som den mest romantiske låten.

- «Quando, Quando, Quando» – i versjonen med Michael Bublé og Nelly Furtado. Det finst ikkje maken til låt som inviterer til både peiskos og stearinlys, vinglas, smoking, ein vakker kjole og tett dans. Sett på den låten, så skjøner du kva eg meiner, seier romansekongen frå Bønes.

At versjonen er den rette, er viktig.

- Mange kjenner låten som heismusikk, eller i vilter, spansk versjon, men denne versjonen er spelt inn som ein roleg bossa nova. Verdas mest romantiske, seier Endresen.

Druknar sorga

Verken Endresen eller Rokkan er i tvil om kva låt som passar best å høyra på når det er blitt slutt i eit forhold.

- Skulle det vera en som er til trøyst etter eit brot, må det vera «Fryd» med Anne Grete Preus, seier Endresen.

- Den fortel deg at uansett kor gale det måtte vera, ligg det gode ting og ventar på deg.

Agnes Maria Rokkan i Empty Bottles, Broken Hearts, går for nok ein gammal countrylåt.

- Det må bli ein song av ein artist som heiter George Jones. Han er veldig flinkt til å skriva hjarteskjerande balladar. Denne heiter «If Drinkin' Don't Kill Me (Her Memory Will)». I veldig mange år, var han saman med den kjende countryartisten Tammy Wynett. Men ho skilde seg frå han. Han var nemleg ein notorisk alkoholikar og umogleg å vera gift med. Hjartet hans var knust etter skilsmissa, og han kom seg vel aldri. Så han har skrive ein drøss med balladar om henne, og er kongen av breakup-songar.

 

Les også

Hva hører du på eller har du hørt på i kjærlighetens oppturer og nedturer?

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Siste fra Bergenpuls

Jazzer opp Vågsbunnen

Line Hvoslef liker å utfordre seg selv. Derfor står hun nå øverst i et stillas i Vågsbunnen og maler rett på veggen.

Her debuterer han som kunstner

Og det gikk visst ikke så verst ...

Topper listen

Når Lerche og Vaular opptrer på The Voice-finalen på TV 2, kan låten nå nye høyder.

Slik var turnestarten

Skal du på Springsteen på Koengen? Gled deg...

Springsteen satte fyr på Sevilla

Bruce Springsteen sparket i gang europaturneen i et sydende Sevilla søndag kveld. Og «The Boss» bekrefter at han gjerne deltar på Utøya-markeringen hvis han blir spurt.

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Skiftet fil i voksen alder

Ina Caroline Marteng var 30 år og hadde to små barn da hun brøt ut av ekteskapet og sto frem som lesbisk.

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:

Siste bergenpuls