Kjører råneteater mot politiets vilje

Politiet har nekta Sogn og Fjordane Teater å spele stykket «Burn, baby, burn». Teateret har bestemt seg for å sette opp framsyninga uansett kva politiet seier.

Les også:

Då dei medverkande skulle «burne» til ære for fotografen, vart førarkortet beslaglagt.

- Dette er heilt horribel sensur. Vi arbeider med sikte på ei premiere i mai 2009, uansett kva politiet meiner, seier teatersjef Terje Lyngstad ved Sogn og Fjordane Teater.

Utandørsframsyninga «Burn, baby, burn» har ei dokumentarisk form - inkludert ekte rånarar, hjulspinn, svidd gummi og boom-boom fra bilstereoen.

Dette har fått politiet til å steile.

- Glorifiserer lovbrot
I august 2007 søkte teatersjefen politiet om å få spele stykket på avsperra område i Førde. Vedlagt låg ein DVD med opptak frå ei liknande framsyning i utlandet.

Skrikande bildekk, svidd gummi og muskelbilar i piruett vart dryg kost for politimeisteren. Han vende tommelen ned, og viste til både vegtrafikklova, faren for smitteeffekt og glorifisering av ulovleg bilkjøring.

Teateret anka, men Politidirektoratet i Oslo stadfesta vedtaket i eit firesiders brev i slutten av mars i år.

- Kvifor er det urimeleg at politiet vil forby dette, Lyngstad?

- Fordi det er ei kunstnarleg ytring, om ein ungdomskultur, ein delvis ukjent subkultur som finst i omtrent kvar by og bygd i Norge. Samtidig som politiet tillet ulike former for motorsport som må vere langt farlegare enn det vil tenkjer å ha i stykket, seier teatersjef Terje Lyngstad.

- For oss er det uforståeleg at kunst skal ha andre reglar enn sport på dette området.

Fridom som tema
Teatersjefen karakteriserer politiets nei som ei feig handling.

- Under ei bilmesse i Førde kjørte Petter Solberg i stor fart midt i sentrum, med masse folk tett innpå. Det var lovleg, for det var sport. Så kan politiet fundere på kva som har mest smitteeffekt, og kva som er glorifisering av ulovleg bilkjøring. Det er arrogant å tru ein kan vite korleis folk reagerer på vår framsyning.

Lyngstad er nesten smigra når politiet trur teateret har så stor påverknadskraft.

- Eg trur motorsport, actionfilmar og reklame påverkar ungdom langt sterkare, seier han.

Lyngstad vil også ha fram at stykket djupast sett handlar om kva fridom er.

- Her har vi halvvaksne rånarar som bur heime på guterommet, går på jobb om dagen, får middag av mora og kjører på stripa om kvelden. Det er deira fridom, seier Lyngstad.

- Dei ser med forakt på klassekameraten som tok høgare utdanning, stifta familie og kjører Corolla.

Stor ungdomskultur
Teateret vil bruke to genuine rånarar frå distriktet - og bilane deira - i stykket, pluss profesjonelle skodespelarar i hovudrollene.

- Det er ein vesentleg del av norsk ungdomskultur, som politiet vil nekte oss å lage teater om. Det tykkjer eg er leit, men vi vil gjere det uansett, seier Terje Lyngstad.

Målet hans er å lage oppsetjinga på ein måte som ikkje vil gje politiet grunn til å reagere.

- Vi vil halde oss innanfor rammene, og kjem ikkje til å søkje på nytt om løyve.

Både det lokale brannvesenet, vegvesenet og naboane i Førde sentrum har vore positive til teaterstykket. Men ikkje politiet.

- Deira påstandar om glorifisering og smitteeffekt høyrer ikkje heime nokon stad i vårt århundre. Dette er teater, ikkje kriminalitet, seier teatersjef Lyngstad.

Les også

Siste fra Bergenpuls

Jazzer opp Vågsbunnen

Line Hvoslef liker å utfordre seg selv. Derfor står hun nå øverst i et stillas i Vågsbunnen og maler rett på veggen.

Her debuterer han som kunstner

Og det gikk visst ikke så verst ...

Topper listen

Når Lerche og Vaular opptrer på The Voice-finalen på TV 2, kan låten nå nye høyder.

Slik var turnestarten

Skal du på Springsteen på Koengen? Gled deg...

Springsteen satte fyr på Sevilla

Bruce Springsteen sparket i gang europaturneen i et sydende Sevilla søndag kveld. Og «The Boss» bekrefter at han gjerne deltar på Utøya-markeringen hvis han blir spurt.

Relaterte bilder

BURN, BABY: Teatersjef Terje Lyngstad trassar politiets nei, og vil produsere teateroppsetjinga «Burn, Baby, Burn». Dette biletet er arrangert. Men Arild Reiakvam, som skal medverke i stykket saman med sin fleirfaldige hundre hestekrefters Ford Sierra, fekk førarkortet beslaglagd av politiet seinare under denne fotoseansen.

MØTER POLITIET: Teatersjef Terje Lyngstad og Arild Reiakvam møter politiet i dag.

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Skiftet fil i voksen alder

Ina Caroline Marteng var 30 år og hadde to små barn da hun brøt ut av ekteskapet og sto frem som lesbisk.

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:

Siste bergenpuls