Karriereopptur for Torsheim
Skikkeleg TV-kjendis har han blitt, og spele-jobbane kjem tett. No må Torsheimen leve som ei rockestjerne for å få tid til bileta sine óg.
AV: kari fauskanger
- Eg vert skjelt ut for kor stygt eg syng, men dess meir eg vert skjelt ut, dess fleire jobbar får eg, seier Oddvar Torsheim.
TV-helten og biletkunstnaren frå Halbrendslia i Førde er på bergenstur, og med i bagasjen er trettifire nye bilete som no er komne på veggen i Galleri Parken. Måleri, teikningar og akvarellar; alt til sals. Titlar i umiskjenneleg humørfylt og underfundig Torsheim-stil. Som «Henrik Ibsen på løksykkel i motbakke med solhjelp», «Kvinne på eggstokk», «Der sit ein kelnar i supa»; alt i den stramme streken som er blitt hans varemerke.
- Eg er ingen skvett- og skvulpmalar, veit du.
- Det er presisjonsarbeid?
- Ja, det er det. Eg får migrene av det.
Tomrommet etterpå
Men han har ikkje tenkt å gi seg av den grunn:
- Teikningane er det eg vil arbeide vidare med no framover. Og eg skal gjere dei endå enklare, forklarer han, og legg til:
- Men installasjonar kan eg ikkje med. Rembrandt laga ikkje installasjonar, han heller. Det er no så mykje rart for tida - i København var det ein som prøvde noko nytt - han hengde bileta sine på skrå. Men det vart ikkje betre, det heller.
Det er tre år sidan sist Oddvar Torsheim stilte ut i Bergen.
- Då trudde eg det var siste gong. Det vert eit tomrom etterpå, veit du. Men eg gjer no dette berre for å sleppe å jobbe på møbelfabrikk, som eg gjorde på Os i 1956.
«Norske Talenter»
Så mange tomrom har det ikkje vorte tid til i det siste. Han har vore med i Ylvis-brørne sitt «Norges Herligste» på TVNorge og i TV 2-suksessen «Norske Talenter».
- Det har vore mest moro. Men det er jo ikkje eg som spør om å få vere med. Ein blir sveitt når ein går inn i dette med TV, med å vere sveitt er eg jo vand med. Det er ein jobb. Det er jo ikkje Golf-krigen akkurat.
Ikkje har han skandalisert seg i desse TV-programma, så vidt han kan forstå.
- Men det er ikkje alle som får til ei kvalitetsskandale no for tida heller. Sven O. gjorde eit forsøk, men det sat ikkje heilt. Kongehuset prøver, men dei klarer det heller ikkje heilt.
- Vert dei meir TV på deg?
- Eg har ingen planar om det. TV er eit grufullt medium. Ein skal ikkje vere der for mykje.
Uansett, Oddvar Torsheim merkar kjendisstatusen blomstre når han er ute og fartar.
- Det har vore veldig respons. Eg må skrive autografar. Tenk - 820.000 såg på då eg var på «Norske Talenter»! Folk på gata i Oslo til dømes, spør om eg ikkje kan syngje litt til dei også. Og eg er ikkje verre på det, enn at eg tek ei lita strofe av og til. Dersom dei er høflege.
Tilbod om spelejobbar kjem óg stadig oftare. Saman med musikaren Birger Meland reiser han rundt og syng og spelar sine særeigne Beatles- og Dylan-tolkingar på ulike tilstellingar.
- Vi får jobbar heile tida. Det er veldig kjekt, men ein kan bli sliten når ein også skal male. Eg er blitt driven til å leve sunt. Slik som dei gamle knarkane i Rolling Stones. Ja, bortsett frå Keith Richards, då.
Les også
Siste fra Bergenpuls
Relaterte bilder
STILLER UT: I går opna Oddvar Torsheim utstillinga «Hunden til Mick Jagger & Annaø i Gal-leri Parken i Bergen. Her ved måleriet «Mai-Madonnaø. FOTO: Høvik, Tor
KJEND TUNGE: ? Eg er ikkje redd for å verte saksøkt av Rolling Stones for denne tunga. Eg er meir bekymra for Beatles-nynorsk-songane ...
Mest lest
TEGNESERIER
-
«Livets uromantiske sider»
1 2 3 4 5 6Komisk og rørende om vekten av en familiehistorie -
«Påkosta eventyr»
1 2 3 4 5 6Tom Cruise reddar verda. Igjen. -
«Danser med delfiner»
1 2 3 4 5 6Velmenende om å takle funksjonshemning -
«Jakta på offeret»
1 2 3 4 5 6Ei ubehageleg reise ned i det svenske landskapet sine fordommar -
«En maktdemonstrasjon»
1 2 3 4 5 6Rikt portrett av en av USAs mektigste og mest omstridte menn
-
«Fredagskos med Larsen»
1 2 3 4 5 6Litt for pent og tekkelig i store doser -
«Visdomsviser»
1 2 3 4 5 6Cohen er blitt gammel og legger heldigvis ikke skjul på det -
«De beste hilsener»
1 2 3 4 5 6Mer enn et rart drops i en kommode. -
«Tilbake på trass»
1 2 3 4 5 6Skuffende gjenfødsel -
«Små bevegelser»
1 2 3 4 5 6Japansk tradisjon møter vestlig minimalisme
-
«Gripende øyevitneskildringer»
Far og datter Sønstelie gir en mangefasettert skildring av massakren på Utøya. -
«Rapport fra helvete»
-
«Det litterære Norge responderer»
Med varierende kraft om den verste ugjerningen i Norge siden krigen. -
«Kinesiske liv»
Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur. -
«I lyriske omland»
Gleden ved å finne, gjendikte og dele.
-
«Stillferdig og hjemmekoselig»
1 2 3 4 5 6Pent, vakkert og nesten litt kjedelig. -
«Magnet er trygt tilbake»
1 2 3 4 5 6En glitrende oppvisning som hadde fortjent et større publikum. -
«Kurt koser julen inn»
1 2 3 4 5 6En trivelig førjulsstund med en smak av Hollywood. -
«Grenseløs kosmisk hippiecountry»
1 2 3 4 5 6Psykedelisk dronegitar med countrysmak. -
«Bursdag for fulle hus»
1 2 3 4 5 6Trivelig bursdagsfeiring, men kanskje litt for stivt og høytidelig.
-
«Kulturelt oljesøl»
Med enkle virkemidler får Amund Sjølie Sveen frem få, men viktige poeng om hva slags land Norge er. -
«Sædutleverende samtale-show»
1 2 3 4 5 6Når man begynner å bli for gammel til å skade seg selv, er det nok lettere å bare snakke om det. -
«Velkjent og velfungerende»
1 2 3 4 5 6Et godt proporsjonert show med mange høydepunkter, men også til tider litt for tradisjonelt. -
«- Ka? E d virkelig ingenting?»
De fem elleveåringene foran meg forsto lite da vakten kom og sa showet var slutt. -
«Bygdedyr uten skarpe tenner»
1 2 3 4 5 6Hele tiden langt innenfor streken


