• Nye melodiar til Jon Fosses dikt

    Klaus Vatne har komponert mye melodiar til dikt i Jon Fosses «Songar». Hør Vatne og bandet framføra songen «Sjøsong her».

    VIDEO: SIRI ØKLAND FOTO: MARIE HAVNEN

Jon Fosse i ny tonedrakt

Klaus Vatne har sett nye melodiar til Jon Fosses tekstar. I kveld speler han og bandet ein heil konsert med Fosse-songar.

- Dikta har ei veldig fin stemning. Fosse skriv om store tema – som kjærleik og relasjonar – men også om kvardagslege ting. Sjølv når han skriv om det å vera trøytt, for eksempel, ligg det ein ekstra dimensjon der, seier Vatne.

Musikaren har plukka fritt frå boka «Songar», som inneheld dikt Jon Fosse skreiv på bestilling frå Festspillene. Tekstane var grunnlaget for verket «Åresong» (2010), som Gabriel Fliflet komponerte musikken til. No har dikta fått heilt nye melodiar.

- Me kallar det visepop med islett av jazz, seier Vatne.

Det enkle og det mystiske

Musikarane er samspelte når BT møter dei på øving. Dei har spelt saman sidan februar, og har allereie vore i studio. Vatne har spelt i ulike band sidan ungdomen, men dette er første gong han sjølv frontar eit band og eit prosjekt.

- Korleis kom du på å gå til Fosse for å finna songtekstar?

- Det var mor mi som gav meg boka då den kom ut i 2010, og sa eg burde laga melodiar til dikta. Det gjekk ei tid, men då eg sette meg til, såg eg med ein gong at dei var veldig bra. Fosse sjølv har sagt noko om at det enkle og det mystiske går hand i hand.

- Kva utfordringar har det vore?

- Dei fleste tekstane har tre vers som er like i form og rytme, så dei har ikkje den vanlege overgangen mellom vers og refreng som songtekstar ofte har. Det har eg løyst ved å bruka eitt av versa som refreng eller leggja inn ein instrumental.

Like i form og rytme

Dette er ikkje første gong Vatne komponerer.

- Før har eg laga tekstane sjølv, og då har det gått på engelsk. Poprock for det meste.

- Og no har du skifta sjanger.

- Det var ikkje planlagt, men tekstane har styrt det musikalske i retning visepop. Eg har bevisst tatt med to jazzmusikarar for å få med jazzdimensjonen, seier Vatne.

Invitasjon

I slutten av mai kjem «singelen», som eigentleg er ein CD med to spor: «Første hundesong» og «Kjærleiken er song». På konserten i kveld, har bandet ei settliste på elleve songar – alle med tekst av Fosse. Tre av songane har han framført før – på ein konsert saman med Voksne Herrers Orkester i fjor.

- Har du kjent deg bunden av den musikken Gabriel Fliflet har laga til desse songane?

- Nei. Tekstane er skrivne for å bli tonesette, så det ligg ein invitasjon der. Det er rart at ikkje fleire har gjort det.

Siste fra Bergenpuls

Klaus Vatne

  • Musikar frå Bergen.
  • Har spelt i mange ulike band, bl.a. Curtains.
  • Aktuell med eit nytt prosjekt, der han har laga nye melodiar til Jon Fosses dikt.
  • Han og bandet held konsert med Fosse-songane på Chagall i kveld.

TEGNESERIER