Jon Fosse-hus på Tanks

Jon Fosse vil gje namnet sitt til eit nytt teaterhus for Hordaland Teater på Tanks skule. Ei utgreiing er  i gang for å sjå om skulebygningane kan nyttast til kulturføremål.

Eit Jon Fosse-hus midt i Bergen sentrum! Det er eit av fleire store ynskje som fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg har for åra som kjem. Ho kom fram med dette i talen sin ved opninga av fylkestinget i Eidfjord i føremiddag.

Den vidkjende forfattaren frå Strandebarm gav tilsagn om bruk av namnet  sitt på eit møte med fylkesordføraren sist fredag.

- Der vart det avklåra at dersom vi flyttar Hordaland Teater til Tanks, så kan vi få nytta Jon Fosse sitt namn i det nyskapte teaterhuset. Ikkje for einkvar pris, som Fosse sa, men for nynorsken og nynorskens plass i kunst og kultur, sa Selsvold Nyborg.

Ho ser for seg Jon Fosse-huset midt i Bergen sentrum som fylket sitt kulturelle fyrtårn.

Einsemda på Stend

Samanhengen er den at Hordaland Teater trivst dårleg ute i einsemda på Stend i Fana. Scena er lita, det er få plassar og lite publikum. 

- På eigarmøtet før jul kom  det frå teateret og styret fram ynskje  om flytting frå Stend til sentrum. Dei kjenner seg litt gløymde og gøymde på Stend. Der er det  lite utviklingsrom for teateret, slik dei ser det. Og alt på  dette møtet  vart Tanks vidaregåande skule nemnt som eit mogleg alternativ, sa fylkesordføraren i talen. Ho la til at kulturutvalet har bede  fylkesrådmannen greia ut om Tanks kan brukast til kulturføremål.

Litteraturhus?

Les også

Havmann blir grotteboer

Det er bare å gratulere Jon Fosse, han var den opplagte kandidaten til å flytte inn i Statens æresbolig for kunstnere.

Tanks vidaregåande skule, som ligg i Kong Oscars gate i Bergen, skal flyttast til den nye vidaregåande skulen på Nygårdstangen, som vil vera ferdig innan eit par år. Det verserer ulike planar om kva skulebygningane i Kong Oscars gate kan nyttast til når skulen har flytta ut.  Fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti har foreslått å nytta delar av skulen til litteraturhus, samstundes som det vert arbeidd med planar om det same i Østre Skostredet, berre eit par kvartalar unna.

Språkpolitisk sak

Torill Selsvold Nyborg nemnde og i talen sin at Hordaland Teater er ei av berre tre nynorskscener i landet. Dei to andre er i Oslo og Førde.

- I tillegg er Hordaland Teater det einaste teateret i landet som produserer barneframsyningar på nynorsk. Derfor er denne saka ikkje berre ei sak om lokalisering, men også ei språkpolitisk sak, sa Torill Selsvold Nyborg.

Eit eige Jon Fosse-teater? Ein god ide? Sei di meining her!

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Bergenpuls

BT-fotografer håvet inn priser

Tre fotografer tilknyttet Bergens Tidende håvet inn priser i konkurransen Årets bilder 2011.

Her skal det komme ny konsertscene

- Huset trengte desperat en oppussing.

Klar med ny dokumentar

Helge Haukeland tar oss med til Husøyvær med dokumentarfilmen, «Drømmen om det uendelige», en reise tilbake til Husøyvær.

Er dette vinterens mest
ekstreme musikkvideo?

Sognerockarane i Tyyl! tok han heilt ut på ski i saftbygda Sogndal.

Har du hørt om Silja?

Ny, lovende bergensartist. Her er premieren på hennes nye video.

Gjett hvem han tar med seg til Bergen!

Vel, det er ikke damen i midten.

Relaterte bilder

FOTO: BT

Mest lest

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:

Siste bergenpuls