Johannes´en har teke farvel

Johannes Kleppevik skulle nå mykje lenger enn vi trudde som opplevde han på seint 60- og tidleg 70-tal. Då laut Johannes´en krangla seg til eitt og anna nummer på striladansane i Steinsland, Landro og Eidesjøen, og mange sa han berre ville visa seg fram.





Men Johannes´en ville noko meir. Han hadde tidleg ein tanke om at det låg til han å skildra livet langsmed kysten, og framfor alt på strilelandet vest for Bergen, og det var ein tanke han aldri la ifrå seg. Visa var hans form. Og han var i stand til å laga både tekst og melodi.



Det vart mykje motvind. Den gåverike guten frå Kleppe i Sund vart tidleg skulda for å vera meir framfus enn godt var, og det var frå sine eigne han skulle ha det. Tidvis kunne han lettare henta suksess i Bergen. Eigentleg skulle han bli lærar. Men Johannes var ei uroleg sjel som høvde dårleg til å stå bak eit kateter, og mange bør vera glade for at han slapp eit liv som pedagog. Han hadde langt meir å gje som trubadur.



Det tok så smått til med country på engelsk. Her vart Clive Scott ein god parkamerat. Men det var berre ein overture, for snart tok han steget over til heimlege trakter - på heimleg mål. "Tramp og trall" I og II står for mange som høgdepunkta i hans kunstnarlege karriere. Viser som "Eit uljeeventyr", "Striladans", "Oldefar" og "No kjem ein vals" er blitt folkeeige langt utover det distriktet han skreiv om. Særleg NRKs Nitimen sytte for det. Der var han ein høgt skatta artist. Men også produsenten John Foss skal ha sin del av æra for at Johannes´en nådde eit stort publikum.



Johannes´en var glad i øya han kom ifrå, men tidt syntest han det var lettare å skildra denne kjærleiken med Bergen by som utkikspunkt. Han sette pris på den anonymiteten som Bergen kunne by han, og så kunne han ta seg ein tur ut til Sotra i ny og ne. Han meinte det var best slik. Ein av hans store suksessar var Torgdagen. Den drog han i gang i møte med dårlege odds. Økonomi var ikkje Johannes´en sitt gebet, og fødselen var trong. Men Johannes´en gav seg ikkje. Viljen til å slå eit slag for strilakulturen - midt i byen - i eit fruktbart møte mellom bymann og stril, let seg ikkje bøya. Seinare skulle Torgdagen bli eit årvisst innslag som sette sitt umiskjennelege preg på Vågen.



Somme tider kom han i tvil om korvidt strilane - som han skreiv om, og for - sette pris på det han gjorde, endå om platene selde godt. Desto gladare vart han då Fjellkoret midt på 90-talet sette opp ein kabaret bygd på Johannes Kleppeviks kunstnarlege produksjon. Dette står enno som Fjellkorets største publikumssuksess, og det nesten endelause talet på ekstrakonsertar fortalde kva folket på Sotra meinte om trubaduren sin. Det vermde kunstnaren frå Kleppe.I fjor var det heimkommunen Sund sin tur. Dei gav Johannes Kleppevik kommunens ærespris, og det trur eg vog opp for mangt eit spit-ord han laut tola i den tida då motvinden bles som hardast.



Siste plata han gav ut heitte "Motorbåt og ein laurdagsdans". I ei vise dedikert til mora skriv han:Eg har ein engel med meg på vegen, han var der frå fyrste stund,frå vogge til grav han lyser, til sist i mi siste stund.Eg har ein engel med meg på vegen, når livet mitt ebbar ut,han syner meg himmelstranda- her er ikkje sorg og sut.Det kan vera eit høveleg punktum for eit liv som - kanskje overraskande for nokon - også var prega av ein religiøsitet Johannes´en bar med seg heile livet.



OLAV KOBBELTVEIT

Les også

Siste fra Bergenpuls

Norge er i finalen

Norges Tooji er en «stayer»,

- Veldig, veldig flott

Her studerer dronning Sonja «Gavebordet». Se bildene!

Møter gammel kompis i retten

Röyksopp stevnet for Bergen tingrett.

Her vil det koke i kveld

Tidenes første Nattjazz i Vågsbunnen er godt i gang. <b>Se bildene.</b>

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Kontroll over storbrannen

Skogsinfernoet på Sotra roet seg selv i natt. Men fremdeles brenner det.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:

Siste bergenpuls