Gatekunst på byrådskontoret

Kulturbyråd Henning Warloe meiner gatekunstnarar ikkje kan kallast kriminelle. Sjølv har han sikra seg eit originalt verk av Dolk.

Les også:

Bergensaren Dolk er å finna på byvegger i heile Europa, så vel som i Bergen. Originalar på lerret sel for over 15.000 kroner på nettet, og fans frå heile verda meiner kunstnaren er på nivå med den kjende briten Banksy. Sistnemnde tener fleire millionar i året på kunstsal gjennom blant anna auksjonshuset Sotheby's i England.

- Eg har følgt med heilt sidan Dolk sine motiv byrja å dukka opp her i byen for nokre år sidan, seier Warloe då BT møter han på kontoret i 11. etasje i Bergen rådhus.

Sidan våren 2005 har kronprins Haakon med Burger King-krone vore veggpryd på kontoret til finans- og kulturbyråden, inntil for ein månad sidan.

Warloe tok med seg verket til ein nyinnflytta leilegheit, men i dag heng det på sin gamle plass på kontoret - i høve besøket frå BT.

Betalt via mellommann
Warloe betalte 2000 kroner kontant for verket etter ei Dolk-utstilling på Verftet i 2005.

- Betalinga skjedde ved at eg leverte 2000 kroner i ein konvolutt til ein mellommann som deretter gav pengane til Dolk, fortel Warloe.

- Problemet var at eg ville ha kvittering. Til slutt fekk eg det, men den vesle lappen med handskrift på er vel den mest provisoriske kvitteringa eg har på kunstkjøp.

Via mellommannen blei Warloe fortalt at det kunne vera uheldig for Dolk at ein politikar kjende identiteten hans, då han ønska å halda ein låg profil.

Kunstnaren skulle visstnok vera ettertrakta av politiet.

- Det kan vel tenkast at eg kunne ha hamna i ein uheldig situasjon om politiet hadde kalla meg inn til avhøyr, humrar politikaren.

- Ingen kriminell
Warloe ser ikkje noko problem i at eit bilete frå ein kunstnar politiet gjerne skulle hatt tak i, heng på kontoret hans.

- Nei, det er jo ikkje nokon kriminell mann det er snakk om her

- Politiet vil vel kalla han kriminell?

- Det kan henda. Men eg meiner det finst ein god del kriminalitet som er betydeleg meir alvorleg enn det Dolk og andre gatekunstnarar driv med.

Warloe har fått ulike tilbakemeldingar på kunstverket. For det meste har dei vore positive.

- Éin gjest eg hadde her på kontoret meinte biletet viste lite respekt for monarkiet.

Dette er byråden slett ikkje einig i. Han trur dei kongelege ville hatt sansen for biletet.

- Hadde kronprinsen sett dette på utstillinga, er eg overtydd om at det hadde vore på veggen på Skaugum i dag!

Les også

Siste fra Bergenpuls

Jazzer opp Vågsbunnen

Line Hvoslef liker å utfordre seg selv. Derfor står hun nå øverst i et stillas i Vågsbunnen og maler rett på veggen.

Her debuterer han som kunstner

Og det gikk visst ikke så verst ...

Topper listen

Når Lerche og Vaular opptrer på The Voice-finalen på TV 2, kan låten nå nye høyder.

Slik var turnestarten

Skal du på Springsteen på Koengen? Gled deg...

Springsteen satte fyr på Sevilla

Bruce Springsteen sparket i gang europaturneen i et sydende Sevilla søndag kveld. Og «The Boss» bekrefter at han gjerne deltar på Utøya-markeringen hvis han blir spurt.

"- Hadde kronprinsen sett dette på utstillinga, er eg overtydd om at det hadde vore på veggen på Skaugum i dag!"
Henning Warloe, kulturbyråd

Relaterte bilder

FOTO: Larsen, Bjørn Erik

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Skiftet fil i voksen alder

Ina Caroline Marteng var 30 år og hadde to små barn da hun brøt ut av ekteskapet og sto frem som lesbisk.

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:

Siste bergenpuls