• MULLA: Karakteren Mad Mullah har fått sin eigen folkeaksjon for at han skal bli leiar for Litteraturhuset i Bergen. Bak namnet finn me folklorist Kristian Bjørkelo.

Gal mulla vil bli litteraturhussjef

Har starta folkeaksjon på nettet. Førebels lar responsen venta på seg.

Søkjer du på nettet etter Litteraturhuset i Bergen sin konto på den sosiale nettstaden Twitter, får du eitt treff. Men profilen høyrer ikkje til stiftinga – tvert imot, høyrer han til folkeaksjonen for å få karakteren Mad Mullah til å bli leiar for Litteraturhuset.

Som alle andre toppleiarar, har mullaen sjølvsagt ikkje søkt stillinga der den eigentlege kandidaten i dag vart offentliggjort.

Folklorist står bak

Les også

DAGLIG LEDER: Kristin Helle-Valle.

Hun blir sjef for Litteraturhuset

Fortsetter i stillingen frem til 1. juli 2013.

Bak mullanamnet, finn ein Kristian A. Bjørkelo, folklorist og førstekonsulent ved Universitet i Bergen. Han forklarer at alter egoet hans er utstyrt med eit temmeleg stort ego. For ordens skuld lar me han understreka at kampanjen er eit privat initiativ, og me lar mullaen snakka sjølv:

- Eg synest dette er morosamt. Eg lo, eg.

- Kjenner du dei som står bak?

- Å, ja! Dei kjenner eg veldig godt.

- Er det deg sjølv?

- Ja, mellom anna. Det var ein fiks idé ein fredag ettermiddag.

Førebels er ikkje responsen enorm for mullaen. Berre 23 personar følgjer kampanjen i skrivande stund.

- Men ei av dei er forfattar! (fantasyforfattar Kristine Tofte, red. mrk.) Eg er glad for å ha henne med på laget, seier mullaen.

Protest mot lang tid

Som dagleg leiar for Litteraturhuset, vil fanesaka til mullaen vera gode vaflar. Gode vaflar, til ein rimeleg pris – under ti kroner for ein vaffel.

Men folkeaksjonen er ikkje berre på spøk. Han er òg oppretta for å få fortgang i prosessen i å tilsetja ein ny dagleg leiar. Til å snakka om det, kan me overlata ordet til folklorist Kristian Bjørkelo. Som altså er Mad Mullah, i tilfelle du hadde gløymt dét.

- Eg synest jo det er fabelaktig at me får eit litteraturhus i byen. Eg trur det er viktig at me fokuserer på å ha eit nasjonalt perspektiv, slik Litteraturhuset i Oslo har gjort. Posisjonen dei har fått, må Litteraturhuset i Bergen prøva å få, seier Bjørkelo.

Sjølve Litteraturhuset i Bergen er enno ikkje å finna på Twitter. Bjørkelo lover at stiftinga skal få overta kontoen hans gratis – om han nokon gong høyrer frå dei.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Siste fra Bergenpuls

Jazzer opp Vågsbunnen

Line Hvoslef liker å utfordre seg selv. Derfor står hun nå øverst i et stillas i Vågsbunnen og maler rett på veggen.

Her debuterer han som kunstner

Og det gikk visst ikke så verst ...

Topper listen

Når Lerche og Vaular opptrer på The Voice-finalen på TV 2, kan låten nå nye høyder.

Slik var turnestarten

Skal du på Springsteen på Koengen? Gled deg...

Springsteen satte fyr på Sevilla

Bruce Springsteen sparket i gang europaturneen i et sydende Sevilla søndag kveld. Og «The Boss» bekrefter at han gjerne deltar på Utøya-markeringen hvis han blir spurt.

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Skiftet fil i voksen alder

Ina Caroline Marteng var 30 år og hadde to små barn da hun brøt ut av ekteskapet og sto frem som lesbisk.

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:

Siste bergenpuls