Fråteke motorsag av SAS
Motorsagkunstnar Arne Askeland måtte forlate ei sag verd 10.000 kroner på grunn av feilinformasjon frå SAS.
- Det er ikkje kjekt å forlate reisegods for 10.000 kroner, utan å vite korleis ein skal få fatt i det igjen, seier kunstnaren Arne Askeland.
Søndag måtte han forlate ei motorsag verd 10.000 kroner på Trondheim Lufthavn, Værnes etter at han hadde blitt feilinformert av SAS.
Askeland brukar motorsaga til å lage skulpturar, og har show rundt om kring i landet. Laurdag hadde kunstnaren eit show i Røyrvik utanfor Trondheim. På grunn av den lange avstanden mellom Osterøy og Røyrvik, undersøkte han om det var mogeleg å ta saga med som flybagasje.
SAS gav han lov til å ta saga med til Trondheim, men då han skulle fly tilbake vart han nekta å ta den med.
- Ikkje vårt problem
- Eg tok kontakt med SAS reisesenter alt i mai for å finne ut om eg fekk ta med meg saga. Då fekk eg beskjed at alt eg trong å gjere var å tømme saga for bensin, pakke den slik at den tolte trykket, og alt skulle gå bra, fortel Askeland.
- Det var ei fin helg, heilt til eg skulle fly heim att, fortsett han.
I det Askeland var på veg mot utgangen vart han ropt opp på høgtalar med beskjed om at han måtte gå tilbake til bagasjeskranken. Der vart han møtt av to securitas-vaktar og ein bagasjesjef som sa at han ikkje fekk lov til å ta med seg motorsaga. Askeland viste fram papira med informasjonen han hadde fått frå SAS reisesenter, men det var ikkje godt nok.
- Eg fekk beskjed frå bagasjesjefen at ingenting som hadde vore i kontakt med bensin kunne vere med på flyet, og at dei hadde opplyst feil på reisesenteret. Ho sa ho beklaga, men at det ikkje var deira problem. Då eg spurte om SAS kunne ettersende saga fekk eg beskjed om at eg kunne velje mellom å kaste saga, eller forlate ho, seier Askeland.
- Eg sat frå meg saga i bagasjeskranken, og sa at den var i deira forvaring. Men det ville dei ikkje bekrefte. Eg spurde om namnet på bagasjesjefen for å kunne ta kontakt seinare, men det var ikkje lett å få, fortel Askeland.
Til slutt fekk han eit fornamn og eit telefonnummer, men han veit ikkje kva som skjedde med saga etter at han gjekk frå ho for å springe til utgangen.
- Det er ikkje meininga å klage, men eg er overgitt over ikkje ein gang få eit svar, seier kunstnaren, som står utan favorittsaga då han skal ha eit nytt show til helga.
- Det er frustrerande. Hadde eg vore nokre år yngre ville eg nok vore like usikker som eg var første dag i militæret, seier Askeland om møtet med bagasjereglane hos SAS.
- Beklageleg
- Det skal ikkje skje at passasjeren får motseiande informasjon, seier Tormod Sandstø, pressekontakt hos SAS, og lovar å undersøkje saka vidare.
- Her har passasjeren gjort alt rett, dette er beklageleg på våre vegne.
Les også
Siste fra Bergenpuls
Relaterte bilder
MOTORSAGKUNSTNAR: Arne Askeland brukar motorsaga til å lage skulpturar, og har show rundt om kring i landet. FOTO: JOHN ARNE STOREBØ
Mest lest
TEGNESERIER
Dette deler våre lesere på Facebook:
-
«The Great Gatsby»
1 2 3 4 5 6Ekstravagant og overtydelig.
-
«To the Wonder»
1 2 3 4 5 6Terence Malicks andre film på to år utforsker menneskenes erotiske og religiøse følelser, tro og tvil.
-
«Fast & Furious 6»
1 2 3 4 5 6Mer av det samme
-
«Star Trek Into Darkness»
1 2 3 4 5 6Godt håndverk holdes i tømmene av lave ambisjoner.
-
«The Big Wedding»
1 2 3 4 5 6Flinke folk - fæle, fæle greier.
-
«Strange Pleasures»
1 2 3 4 5 6Still Corners
-
«Everybody Loves Sausages»
1 2 3 4 5 6The Melvins
-
«Modern Vampires Of The City»
1 2 3 4 5 6Vampire Weekend
-
«More Light»
1 2 3 4 5 6Primal Scream
-
«Music From Baz Luhrmann’s Film The Great Gatsby»
1 2 3 4 5 6Diverse artistar
-
«Ferrarijazz»
1 2 3 4 5 6Nattjazz: Mike Stern & Bill Evans
-
«Konsert, Nattjazz, Røkeriet»
1 2 3 4 5 6Dee Dee Bridgewater
-
«Konsert på Koengen»
1 2 3 4 5 6Bon Jovi
-
«Kurts store dag før den store dagen»
1 2 3 4 5 6Kurt Nilsen med venner Plenen, Bergenhus
-
«Demoner, vampyrer og Roky Erickson»
1 2 3 4 5 6Roky Erickson & The Hounds Of Baskervillle
-
«Kunst»
Yasmina Reza
-
«Folkemusikk og kunstmusikk fra felles kilder»
En del av det norske strykerunderet


