• «Nattsalme» av Jon Fosse

    - Det er og blir den einaste salmen som kjem frå meg, forteller forfatter Jon Fosse. Hør den fremført av Domkantor Kjetil Almenning her.

    VIDEO: bt tv

Fosse skriv dikt igjen

Det blir rekna som ei storhending at Jon Fosse gir ut ei diktsamling. Sjølv kallar han samlinga for smålåten.

- Kva ord vil du sjølv bruka om den nye samlinga di, «Frå stein til stein»”?

- Ei smålåten samling dikt. Forlaget kallar dikta kravlause, og det er noko i det. Noka lyrisk storsatsing er det ikkje.

- Det er ti år sidan sist du gav ut ei diktsamling. Kjenner du eit forventningspress no?

- Slett ikkje, eg har aldri vore plaga av forventningspress. Eg skriv som best eg kan, det er ikkje verre enn det. Men eg kom fram til at dikta kanskje var for gode til at dei ikkje skulle bli utgjevne.

Gjekk tom

- Har du skrive på desse dikta i ti år?

- Nei, omtrent dei tre siste åra. I mange år, då eg skreiv dramatikk på det mest iherdige, skreiv eg ikkje eitt einaste dikt. Då eg hadde skrive ferdig Melancholia-romanane på 90-talet, kjende eg nesten motvilje mot å skriva meir prosa. Meir eller mindre slumpelukke gjorde at eg gjekk over til å skriva for scenen. For eit par år sidan kjende eg meg også litt tom der, og har etter den tid hovudsakleg skrive omsetjingar og versjonar for teater, gjort ferdig to forteljingar, eller korte romanar, og så denne diktsamlinga då.

- Du adresserer ein heil del av dikta til forfattarkollegaer – bl.a. Georg Johannesen, Rolf Sagen, Trakl og Rilke. Kvifor bringer du andre inn?

- Desse er forfattarar som har hatt mykje å seia for meg, anten som menneske eller som diktarar. Georg Trakl er vel den poeten eg set høgast. Saman med Rilke og Hölderlin.

Godt å bli eldre

- Det eine diktet er skrive «for far min».

- Eg tenkte at ikkje berre desse andre skulle få sine dikt, og så skreiv eg det diktet til far min. Elles mislikar eg å trekkja privatliv inn i diktinga, og i intervju. Men så mykje må vel kunna tolast.

- Slik eg les dikta, er det ein velvaksen mann som snakkar. Korleis ser du på det å aldrast?

- Livet har vorte betre med åra. Det er godt å bli eldre.

- Ser du sjølv eit memento mori i denne samlinga?

- Det er det i alt eg har skrive, frå fyrste bok. Ein kan ikkje skriva sant og godt om livet utan også å skriva om døden.

Har skrive ei salme

- Du har skrive 39 dikt og ein einsleg salme, «Nattsalme». Blir den karakterisert som ein gravferdssalme?

- Du må gjerne kalla det for ein gravferdssalme. For meg er den ikkje naudsynleg det. Anders Utnem har elles skrive ein vakker melodi til teksten.

- Kan du fortelja historia til denne salmen?

- Eg, mellom andre forfattarar, vart spurd av tidsskriftet Kirke og Kultur om å skriva ein salme. Det er og blir den einaste salmen som kjem frå meg. Då det skulle koma ny salmebok, gjorde Elisabeth Thorsen – sokneprest i Oslo Domkirke, som eg elles soknar til – framlegg om at "Nattsalme" skulle bli med der. Bispemøtet hadde siste ordet, og der delte dei seg. Seks røysta for at salmen skulle med, seks imot. Dobbeltrøysta til preses gjorde at den kom med, og det er eg glad for.

- Kva gudsbilete har du?

- Eg meiner at biletforbodet er innlysande rett. Ein skal ikkje laga seg noko bilete av Gud. Det blir eit avgudsbilete, rett og slett.

Video

 

«Nattsalme» av Jon Fosse

- Det er og blir den einaste salmen som kjem frå meg, forteller forfatter Jon Fosse. Hør den fremført av Domkantor Kjetil Almeningen her.

 

- Kjærleiken er ei gåve

- Gjennomgangsmotiv i samlinga er bl.a. stein, fjell, elv, himmel, sky, vind. Du vaks opp blant gråstein og bur i ei grotte – kva forhold har du til desse elementa som du skriv om?

- Det er slikt eg har skrive om gjennom eit etter kvart langt og omfattande forfattarskap. Men vonleg på nye måtar, stadig på nye måtar.

- Dikta handlar om kjærleik – til ei kvinne, til ein far, til tradisjon og natur – men dei handlar også om vilje. Kva betydning har viljen for kjærleiken?

- Det var godt spurt! Kjærleiken er ei gåve, og med det ein får kan ein gjera godt eller gale. Så kva ein gjer med kjærleiken, har med vilje å gjera, med forstand å gjera. "Innerst inne i hjertet har jeg min forstand," som Georg Johannes skreiv, og eigentleg siterte Bibelen.

Skrift og tale

- Dikta prisar stilla og somme tider også ordløysa. Samstundes er heile di verksemd knytt til ord. Kva forhold har du til ord – der skrivne og det talte?

- Eg trur ikkje det finst ein einaste god forfattar som ikkje er skeptisk til kva ord kan seia, kor grove dei er, kor lite dei i seg sjølv seier. Det er vel nettopp fordi ein ser dét, at ein prøver å seia det på sin måte, slik ein kan klara å seia det. Å seia det som ikkje kan seiast, som det ofte har vorte sagt, det useielege. Og til det er skrift langt betre eigna enn tale. Det ein ikkje kan seia, skal ein skriva, som det har vorte sagt.

Trivst i Grotten

- Og så eit stort sprang: Korleis ser ei arbeidsveke ut for Jon Fosse?

- Slik eg lever, er vekene så ulike at det ikkje går an å seia noko generelt om det. Men eg held alltid på med eit eller anna. Robert Burtons råd mot tungsinn var at ein alltid skulle ha noko å halda på med, og ikkje vera einsam. Han var inne på noko.

- Korleis deler du tida di mellom Grotten og Bergen?

- Eg er for det meste i Grotta, som eg likar å skriva, sjølv om det offisielle namnet er og skal vera Grotten. Det var det Wergeland kalla huset for, og det skal det heita.

- Korleis har du det i Grotten?

- Veldig bra. Eg har aldri budd fredelegare og meir usjenert. Tru meg eller ei. Det er eit godt gammalt hus, modernisert såpass at ein har det ein treng for å leva eit moderne kvardagsliv.

 

KOMMENTARER Våre regler

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.
Debatten vil bli moderert i ettertid.

Siste fra Bergenpuls

No har Anne nådd
forfatterdraumen

- Ein må vere sånn når ein er agent. Ein må våge å skjere hovudet av nokon.

- Synden er å være innkrøkt i seg selv

Bjørgib-biskopen om tvilen, om helvete, om synd og om homofili.

Kunstneren beholder den vanlige
jobben sin - for å unngå å bli sær

Møt oljearbeider og oljemaler Bjørn Johannes Meidel Hansen.

Dette kan du gjøre i byen i påsken

Det er ikke så veldig mye.

Bergen er byen mellom to fjell

Sju byfjell? Tru om att, fortel geolog Haakon Fossen.

Festningsfangen som ble slaveskipper

En novemberdag i 1752 var bergenserne vitne til at en ung mann ble ført til fangehullet på Bergenhus festning. Galgen ventet ham. Fem år senere er samme mann kaptein på et skip på vei til Gullkysten for å hente slaver.

Jon Fosse

  • Forfattar og dramatikar.
  • Oppvaksen i Strandebarm.
  • Bur no i statens æresbustad, Grotten.
  • Debuterte med romanen "Raudt, svart" i 1983, og har gitt ut ei rekke romanar, dikt, skodespel og barnebøker.
  • Er aktuell med diktsamlinga "Stein til stein", som kjem neste veke.
  • Har fått ei rekke prisar og utmerkingar.

Bilder

JUBILEUM: Det er tretti år sidan Jon Fosse debuterte. Neste veke kjem han ut med ei ny diktsamling,

JUBILEUM: Det er tretti år sidan Jon Fosse debuterte. Neste veke kjem han ut med ei ny diktsamling, "Stein til stein".

TEGNESERIER