-
SNUDDE: Forfattarane Henning H. Bergsvåg(bilde) og Tomas Espedal ville intervjua omsetjaren Thomas Thomas Lundbo i Bergen, men forlaget sa nei. Forfattarane protesterte og så snudde forlaget.FOTO: HELGE SKODVIN (ARKIV)
Forlaget Oktober snudde etter protestar frå bergensforfattarar
Forlaget Oktober sa nei til å støtta eit arrangement på Café Opera der deira eiga bok ville fått mykje begeistra omtale av ein mann som Tomas Espedal. No har forlaget snudd.
AV: siri økland
I spontan formidlingsglede har forfattarane Tomas Espedal og Henning H. Bergsvåg planlagt eit arrangement på Café Opera for å presentera den franske poeten Jacques Roubaud. «Noe svart» - som blir rekna som hans viktigaste verk - er nyleg omsett til norsk.
Planen var at Espedal skulle intervjua omsetjaren Thomas Lundbo om Roubaud på Café Opera, og sjølv presentera og lesa dikta hans. Førre veke sa forlaget Oktober blankt nei til søknaden om reisestøtte for å få omsetjaren over fjellet frå Oslo. I dag la Henning H. Bergsvåg ut ein frustrert kommentar på Facebook om avslaget, og reaksjonane frå forfattarkollegaer og andre kom umiddelbart.
- Forpliktar
- Eg er svært overraska over at forlaget Oktober ikkje kan sponsa ein billett frå Oslo til Bergen. Når ein av landets beste forfattarar ønskjer å fronta utgivinga deira, skulle ein tru det var interessant, sa Bergsvåg til BT før Oktober kom på andre tankar.
Boka til Jacques Roubaud vurderer han som ei av dei viktigaste i nyare tid.
- Bøker som denne pleier bli innkjøpt av Kulturrådet, og dermed er den betalt av offentlege midlar. Det ligg i samfunnskontrakten at forlaget skal bidra til å få boka ut i offentlegheita også, seier Audun Lindholm, som er redaktør av Vagant.
Er i dialog
I dag tok marknadssjef Silje Tretvoll i Oktober kontakt med Henning H. Bergsvåg, og dei er no i dialog om ein støtte til arrangementet.
- Kvifor sa du opphavleg nei til å støtta eit arrangement der forlagets eiga bok står sentralt?
- Ein kan ikkje ha så store marknadsbudsjett for slike typar titlar, men me er no i dialog med Bergsvåg, seier Tretvoll.
- Er det ulike marknadsbudsjett for ulike bøker?
- Marknadsbudsjetta står i forhold til opplagstala, seier ho.
- Var for kjapp
- Kva gjer de for å hjelpa slike diktsamlingar fram?
- Me sender dei ut til aviser, tidsskrift og festivalar.
- Mange kjende forfattarar reiser rundt i landet på forlaget si rekning, bl.a. for å signera bøker. Men de ville først ikkje støtta dette initiativet, som inneber at ein namn som Tomas Espedal presenterer dykkar eiga bok?
- Eg var litt kjapp der, men no er eg ikkje avvisande til at dette skal bli noko av, seier Tretvoll.
- Dårleg omdømmebygging
- Dette er svært dårleg omdømmebygging frå Oktober si side. Alle forleggjarar prøver å få dei gode debutantane, og debutantane vurderer forlag etter kva ry dei har. Oktober var lenge kjende som det beste forlaget på poesi. Dei saboterer sitt eige rykte viss dei ikkje følgjer opp bøkene sine, og viser at dei kjenner verdien av initiativ som dette. Studentane ved Skrivekunstakademiet i Hordaland er kjernepublikummet til slike arrangement i Bergen, og dei er morgondagens forfattarar, seier Lindholm.
- Dette er ein imagekatastrofe for Oktober, seier Bergsvåg.
- Stemoderleg
Henning H. Bergsvåg er glad for at Oktober no har snudd, og at Forfattersentrum Vestlandet også kjem til å støtta arrangementet. Å formidla Roubaud for bergensarane, synest han er så viktig at han nesten ville ha sykla omsetjar Lundbo til Bergen, seier han.
- Bergen har eit stort lyrikkinteressert publikum. «Noe svart» er ei formidabel hending for mange skrivande og lesande i Norge. At Oktober først ikkje ville støtta arrangementet, viser at den smale litteraturen blir stemoderleg behandla av forlaga. Dei satsar på at det offentlege skal ta kostnaden, mens marknadsbudsjetta går til det som allereie sel.
Les også
Siste fra Bergenpuls
Fakta om Jacques Roubaud
- Fransk forfattar og matematikar, f. 1932.
- Sidan 1966 var han sentral i den eksperimentelle gruppa Oulipo, som består av både forfattarar og naturvitskapsfolk.
- Diktsamlinga «Noe svart» (1986) blei gitt ut tre år etter at kona døydde, og handlar om sorga etter henne.
- Besøkte poesifestivalen Audiatur i Bergen i 2007.
- Tomas Espedal går i dialog med Roubaud i boka «Imot kunsten».
Mest lest
TEGNESERIER
Dette deler våre lesere på Facebook:
-
«Star Trek Into Darkness»
1 2 3 4 5 6Godt håndverk holdes i tømmene av lave ambisjoner.
-
«The Big Wedding»
1 2 3 4 5 6Flinke folk - fæle, fæle greier.
-
«Olympus Has Fallen»
1 2 3 4 5 6Koreakrig i Det hvite hus.
-
«Pelle Politibil på sporet»
1 2 3 4 5 6Solid håndverk som vil begeistre de aller minste.
-
«Strange Pleasures»
1 2 3 4 5 6Still Corners
-
«Everybody Loves Sausages»
1 2 3 4 5 6The Melvins
-
«Modern Vampires Of The City»
1 2 3 4 5 6Vampire Weekend
-
«More Light»
1 2 3 4 5 6Primal Scream
-
«Music From Baz Luhrmann’s Film The Great Gatsby»
1 2 3 4 5 6Diverse artistar
-
«Kurts store dag før den store dagen»
1 2 3 4 5 6Kurt Nilsen med venner Plenen, Bergenhus
-
«Demoner, vampyrer og Roky Erickson»
1 2 3 4 5 6Roky Erickson & The Hounds Of Baskervillle


