• FOTO: Rune Sævig

Ein melankolsk badar i fjorden

Forfattaren Frode Grytten feirar femtiårsdagen for fjerde gong i kveld. Er det nødvendig?

Eg har kjent Frode Grytten sidan eg først kom innom BT tidleg på nittitalet. Etter at han droppa journalistikken for å skrive litteratur, har eg brukt mykje tid på å lokke han attende. Å intervjue menneske ein kjenner, er vanskeleg, så vanskeleg at eg bad om hjelp gjennom e-post og sosiale medium til å formulere spørsmål. Så gjekk vi rett på sak:

Frode. Du er no blitt femti år. Har du skifta meining i løpet av desse åra?

- Eg er nok generelt veldig svak på livsvisdom og ingen påtrengande stor tenkjar. Eg har skifta meining i synet på teknologi, må eg innrømme. Men måten min å sjå verda på er nok som den alltid har vore. Eg veit godt kven som er venn og fiende, for å seie det slik.

Og kven er så vennen og fienden?

- Det er eit autoritetsopprør i meg., Irritasjonen over autoritetar er der heile tida. Den pregar nok alt eg skriv. Fienden er alle dei som seier at dei er på folks side, men som eigentleg berre er opptatt av folk som stemmekveg, arbeidskraft, konsumentar og kanonføde. På den andre sida finst alle dei som viser at folk er heile, kompliserte og sårbare.

Du er knytt til ei rekkje kulturreferansar, Har du oppdaga nokon i nyare tid?

- Det gjer eg stadig vekk. No sist var det Vivian Maier , ein kvinneleg fotograf frå New York på femtitalet som eg las om i magasinet D2. Dokumentarfotografiet syner den same fascinasjonen for dagleglivet, det kvardagslege og konkrete, som eg har. Når det gjeld musikk har eg i det siste høyrt mykje på elektronika, noko eg aldri hadde trudd eg skulle gjere: Christian Fennesz, Ryuichi Sakamoto mellom andre. Det er mykje meir god musikk no enn nokon gong. Problemet er at den er usynleg. Elles er vi oversprøyta av popmusikk. Popmusikk på Dagsrevyen var heilt utenkjeleg då eg var 15.

Du har også unge søner. Blir du inspirert av dei?

- Gutane mine har no fått meg til å høyre hiphop, Lars Vaular og Kanye West . Men dei er nok meir nostalgiske enn faren.

Du er ikkje så glad i nostalgi?

- Eg har ofte snakka stygt om nostalgien. Det er det gode grunnar for. Men nostalgien kan også vere fin. Ein kan halde det gamle opp mot det som er no og sjå kva som er gått tapt. Det gjeld både politikken, kunsten og livet.

Du har vore oppteken av den siste Bergensbølga i musikken. Kvifor?

- Det frydar meg å høyre John Olav Nilsen & Gjengen, Lars Vaular, Fjorden Baby! Dei er talentfulle med stil, haldning og retning. Dei er opprørske på ein vennlig måte, noko eg likar godt. Dei står for noko, kor deilig er det ikkje å vere kvitt dei ironiske nittitalsbanda?

Det er langt mellom John Olav Nilsen, med sin uttalte forakt for A4-livet og deg. Kvifor blei du ikkje pønkar?

- Eg har alltid vore ein streit fyr, eg. Det opprørske finst der, men eg har aldri funne det nødvendig å la det kome til uttrykk i ein ytre livsstil.

Frode, kva er bra med Noreg?

- Bra!? Det som er bra med Noreg er likskapen. Noreg er eit egalitært land, det er ein liten elite, ein har alltid visst kven eliten var. Eit land der distrikta alltid har hatt stor betydning. Distrikta har kraft til å setje sentrum ut av spel. Det skjedde seinast i sommar under Hardangermast-debatten. Denne likskapen er i ferd med å gleppe, vi opnar opp for meir ulikskap.

Noreg er også eit smellvakkert land. Ein kan reise inn ein fjord, og brått reiser det seg fjell eller landskapet brettar seg ut.

Kva har vore bra med 2010?

- Hehe. Eg kjem på mange ting, som Barcelonas 5–0 siger over Real Madrid. Wikileaks, den nye singelen frå PJ Harvey, Spanias siger over Nederland i VM-finalen og The National i Operaen i sommar. Som å bade i Knappenvatnet og In Treatment, sesong 2 eller Annika Norlins nye plate Facit. Men det har vore alt for kaldt. Eg skjønar ikkje kva som var galt med konseptet ni grader og regn. Vi er i ferd med å få eit austlandsklima. Eg likar det ikkje.

Skriv du dårlegare når det ikkje regnar? Du har hylla regnet i mange tekstar. Til og med i filmen.

- Eg hadde ein dårleg periode i vinter, må eg innrømme. Det går betre no. Neste bok kjem vonleg neste haust, ein roman i tre delar om menn i tre tiår i Noreg. Eg kunne ellers ha snakka om mykje som har vore bra på det personlege planet, men det høyrer ikkje heime i avisa, syns eg. Eg vil ikkje at forfattaren skal vere så tydeleg som person.

Høyrer eg ein Knausgårdkommentar no?

- Denne autentisiteten er eit illusjonstriks, det eldste i boka.

No er det blitt revitalisert som ei ny dille, og alle går fem på. Det er umulig å skrive sant, litteratur må vere noko anna enn sanninga. Ein skjønnlitterær forfattar kjem aldri bort frå diktinga. Som forfattar må ein forsøke å gjøre noko som er større enn seg sjølv. Elles reduserer forfattarane seg til å vere soldatar i denne digre hæren av intimitetstyrannar .

Med ei så sterk og tydeleg stemme som du har, er det vanskeleg å gjere noko nytt?

- Eg skulle ofte ønske at eg kunne skrive annleis. Eg les forfattarar og tenkjer, kunne eg berre formulere meg slik, men eg kjem ikkje bort frå meg sjølv. Eg kan ikkje brått bli Jan Kjærstad. Eg har funne ei stemme og det skal godt gjerast å endra den etter fylte femti.

Gir du rett og slett opp?

– Eg gjør noko nytt med det eg skriv no, trur eg. Det er langt meir satirisk og ureint enn noko eg har gjort. Så eg forsøker verkeleg å kome meg laus frå meg sjølv, altså. Ei stund forsøkte eg å halde humoren borte frå bøkene, eller i alle fall dempe den. Eg følte den var for enkel å gripe til. Nå har eg gitt blaffen. Eg har ei stor glede av å få folk til å le.

Er du morsom heime?

– Ja! Eg er for eksempel gira på å snakke med folk som er på radio. Eg trur det skjuler seg eit visst undergrunnspotensial her. Elles fant eg på å syngje nyheitene som John Olav Nilsen , litt sånn punkete og antiautoritært. Det funka, ser du.

Der kjem det antiautoritære igjen. Det er noko ein finn att hjå fleire industristadsforfattarar. Sjølv har eg aldri kjent meg att i måten å vere antiautoritær på som td. Kjartan Fløgstad formidlar. Der eg vaks opp var det ingen direktørar, berre småbønder, ingen låge og ingen særleg langt oppe. Det var verken autoritetsforakt eller –skrekk. Folk gjorde som dei ville. Heng det antiautoritære saman med plassen?

- Ja, det trur eg. Klassekulturen prega Odda. Eg fekk den inn intravenøst, i språket, i måten å sjå verda på, i viljen til å underminere og dra ned. Alt kan dragast ned. Solidariteten har også alltid gått nedover. Når du er ung, festar slikt seg i blodet. Men det har også med generasjon å gjere. No er det mykje vanskelegare å finne ut kor skilja går. Den som er oppe kan fort falle ned. Det finst ein stor arbeidarklasse i dag også, men folk sit framfor kvar si datamaskin, og då er det lettare å setje klasseomgrepet ut av spel ved å peike på at kvar einskild er sin eigen lykkes smed, og alt det der. Folk bli atomiserte og mistar banda til kvarandre.

I dagens Odda er det nokre interessante politiske konstellasjonar som veks fram for tida. Det er ikkje lett å kjenne att den klassiske arbeidarklassen. Odda Frp har no gitt seg fordi dei ikkje fekk nok støtte i kampen mot vern av Smelteverket. Kva er det som skjer?

- Smelteverket er hjartet i Odda. Det er for stort å handtere. Eigarane stakk av og toa hendene sine. Når hjartet ikkje lenger slår er det blitt for vanskeleg for dei som er att, rett og slett. For meg er det ulukkeleg at oddingane greier å lage konfliktar av allslags ting.

Men no har litteraturen rykt inn i Lindehuset på smelteverkstomta i staden. Kva tenkte du då over 7000 menneske vitja Litteratursymposiet i haust?

- Det er det mest gledelege som har skjedd i Odda i mi tid. Det byrja så smått for nokre år sidan med festival der dei vanlege 22 møtte. Så skjedde det noko.

Ja, kva var det eigentleg som skjedde?

- Det er etter kvart blitt mange forfattarar frå Odda. Vi er ikkje skumle. Oddingane kjenner oss. Marit (Eikemo) har sprunge og gått på ski. Lars Ove (Seljestad) har no alltid vore der og vore sint. Terskelen er seinka, og det er oppstått noko veldig fint. Ikkje berre for ein liten elite, men for alle. Eg trur nok også det har med Bikubesong å gjere. Den handla om Odda, men blei omfamna av andre. Det har gjerne vore med på å endre haldning til eigen kultur.

Vi har snakka om regnet, om Odda og opprørstrongen. Den som les bøkene dine kan gjerne få eit inntrykk av å kjenne deg særs godt. Stemmer inntrykket?

- Til ein viss grad, ja. Men det må finnast eit bakrom der berre eg har nøkkelen.

For først og fremst skriv du om kjærleiken

- Det er ikkje Odda eller popmusikken som er hovudtema for meg, men kjærleiken. «For hjertet er livet enkelt», innleiar Knausgård «Min kamp» med. Nei, det er feil. For hjartet er livet komplisert. Hjartet opnar seg og lukkar seg. Det stengjer ned. Det eine opnar seg medan det andre er lukka, eller to opnar seg samstundes. Brått oppstår augneblinken der eit eg blir til vi. I denne runddansen lever hjartet. Det er trist, tenkjer eg, å leve i ei tid der det meste er eg, eg, eg. Sjølv ministrar i regjeringa snakkar på den måten. Eg trur dei får råd om det frå rådgjevarane. Nyleg vart eg beden om å skrive forord til Robert A. Robinsons bok: «Captured by Norwegians», ei fotobok frå Noreg på femtitalet. Eg blei lukkeleg av å sjå på bileta. Det var eit vi på dei fotografia eg ikkje ser lenger: Folk som er forelska, som er på fiske, fangar reinsdyr, brenn bål. Mi hypotese er at rikdommen vår har skapt avstand.

Det minner meg om eit anna spørsmål eg har fått inn: Er det noko framtid for den (pessimistiske) vestnorske mannen. Er han ein etterlevning frå tidlegare tider?

- Haha. Den vestnorske mannen er i krise. Det går skeis med han, veit du. Nei ærleg: Eg er alltid skeptisk til folk som skal svare om kva som vil skje i framtida, dei tar alltid feil. Altfor mykje i våre liv handlar om kva som skal skje ein gong i framtida, tenkjer eg. Men det kjem ikkje til å gå bra, det veit vi.

Men kor er grensa mellom autentisitetsdyrking og romantisering?

- Det er eit godt spørsmål. Romantisering må vere lov. Det er ein viktig og autentisk del av mitt liv, noko det aldri var for far min eller bestefar min. Eg voks opp med alle desse kulturuttrykka, tok dei inn, brukte dei, blei del av dei på ein måte som er framand for far min og for generasjonane før, men det gjer dei på ingen måte uviktige eller irrelevante eller berre romantiske.

Du har tidlegare gjendikta The Smiths sitt album The Queen is Dead. Kjem det andre gjendiktingar – av til dømes Bruce Springsteen, som du også er oppteken av?

- Eg tenkjer faktisk på det akkurat no. Eg og forfattaren Pedro Carmona-Alvarez vurderer å gjere noko med Nebraska-plata til Springsteen neste år. Vi vil plukke den i bitar og lage noko nytt. Det er skummelt å snakke om noko ein ikkje har sett i gang, men det er ein plan vi har.

Har du overraska deg sjølv nokon gong?

- Stadig. I går scora eg eit mål under fotballtrening. Alle blei nok overraska fordi eg er blitt s å dårlig til å spele, og det er leitt, det er det verste med å bli femti, ein blir dårlig til å spele ball.

Kor mange gonger har du feira femtiårsdagen no?

- Krmt. Det blir vel den fjerde i kveld. Også eg som ikkje vil at forfattaren skal vere så synleg. Eg har gått på ein smell der. Eg innrømmer det.

Les også

Siste fra Bergenpuls

Jazzer opp Vågsbunnen

Line Hvoslef liker å utfordre seg selv. Derfor står hun nå øverst i et stillas i Vågsbunnen og maler rett på veggen.

Her debuterer han som kunstner

Og det gikk visst ikke så verst ...

Topper listen

Når Lerche og Vaular opptrer på The Voice-finalen på TV 2, kan låten nå nye høyder.

Slik var turnestarten

Skal du på Springsteen på Koengen? Gled deg...

Springsteen satte fyr på Sevilla

Bruce Springsteen sparket i gang europaturneen i et sydende Sevilla søndag kveld. Og «The Boss» bekrefter at han gjerne deltar på Utøya-markeringen hvis han blir spurt.

  • Havet: Eg har betre forhold til fjorden. Det er ein del av havet som har rota seg bort, som vil heim og ikkje tør å vere hav. Eg synst havet er skummelt. Dykking forstår eg meg ikkje på, men eg likar å bade.
  • Døden: Eg tykkjer det er greitt at det er ein slutt, men eg syns det går for fort. Eg har ei lita jente no. Det er ikkje noko som er betre enn det, men det er ein fysisk, levande målestokk på kor fort livet går.
  • Kjærleiken: (sjå intervju)
  • Redd for: Flaggermus. Dei vil meg ikkje vel. Eg har generelt problem med dyr. Eg vil gjerne at dei skal ha det bra, men dei treng ikkje vere i nærleiken av meg.
  • Mi beste setning: Blei vi rike kvar for oss, men fattige saman?


Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Skiftet fil i voksen alder

Ina Caroline Marteng var 30 år og hadde to små barn da hun brøt ut av ekteskapet og sto frem som lesbisk.

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:

Siste bergenpuls