Dokker med glimt i auga

Alt ligg til rette for ein flørt mellom mannen frå Voss og jenta frå Bukken. Véret er vakkert, begge har finstasen på. Synd at kroppen er av papp, ståltråd og ull.

For ei stakka stund får dei to dokkene forlate utstillingslokalet på Voss Folkemuseum for å posere i solskinet ute på Mølstertunet. Føtene deira er modellert i sjølvherdande leire som er målt og lakka og justert med skinn.

Derfor står dei støtt på eigne bein då konservator Dag Sæverud stiller dei opp for fotografering. Så er det inga bøn, dokkene må inn att i mørket. Ut august månad deltek dei og fjorten andre dokker, alle kledd i folkedrakter frå Hordaland på 1800-talet, i ei utstilling på museet.

På Tysnes bur den som kjenner dei best: Dokkekunstnar Britt Kjellesvik Rage har skapt kvar einaste detalj på dokkene for hand.

Små personar
- Eg klarer ikkje å lage to like dokker. Dei er som små personar for meg, seier Rage, som på dokkemakarverkstaden sin på Tysnes skaper dei frå inst til ytst:

Først lagar ho ein grunnstamme av piperensarar, bruker ei ullkule til hovud og ei pappkjegle til overkropp, så modellerer ho kroppen med karda ull, før eit strømpeliknande materiale vert trekt over dokka og det verkeleg spennande arbeidet kan begynne: Å forme ansiktet.

På utstillinga finst dokker i alle aldrar og med ymse ansiktsuttrykk. Frå ei spinkel småjente frå Sunnhordland i spøtatrøye til ei frodig kone frå Voss i svart vinterkyrkjedrakt. Rage legg ikkje berre vekt på å gi kvar dokke sin særeigne karakter. Folkedraktene dei vert kledde i, er også forseggjorte til minste detalj.

I ministorleik syr dokkekunstnaren skjorter, skinnbukser og liv i brokade og silke, strikkar trøyer, heklar blonder til underskjørta og broderer bringeklut - alt etter kva folkedrakt dokka skal ha.

- Eit putlete arbeid?

- Nei, eg likar å arbeide i små format. Eg prøver å få folkedraktene så opphavlege som mogleg, og bruker både gamle plagg, skildringar av folkedrakta og måleri, mellom anna av Tidemand, som modellar, forklarer Rage.

Ho har solid fagleg ballast: I 1986 gav ho ut boka «Folkedrakter i Sunnhordland - frå Tysnes på 1800-talet», og ho har også teke delfaget «Drakt og samfunn» ved Vestnorsk Kulturakademi.

Menn beundrar mest
Kvardagen sin deler dokkemakaren mellom halv stilling som ergoterapeut i kommunen og firmaet Dokkegalleriet, der ho lagar dokker på bestilling.

Flest dokker i folkedrakt, men også handdokker. Dokkene har vore utstilt fleire stader på Vestlandet og i San Diego, USA. Ikkje minst menn vert begeistra for Rages små personar.

- Mennene er kanskje nyfikne på kva teknikkar eg bruker for å lage dokkene?

Ei slik tilnærming kan Britt Kjellesvik Rage godt forstå. Ho har laga dokker sidan ho var fire år.

- Ikkje for å leike med dei. Det var det å lage dei som var kjekt.

Les også

Siste fra Bergenpuls

Norge er i finalen

Norges Tooji er en «stayer»,

- Veldig, veldig flott

Her studerer dronning Sonja «Gavebordet». Se bildene!

Møter gammel kompis i retten

Röyksopp stevnet for Bergen tingrett.

Her vil det koke i kveld

Tidenes første Nattjazz i Vågsbunnen er godt i gang. <b>Se bildene.</b>

Relaterte bilder

SOMMARFLØRT: Iført skinnbukser, raud topphue og gul trøye gjer mannen frå Voss kur til ei jente frå Bukken i Sund, kledd i raudt liv, kvit skjorte og forkle<br/>Foto: Rune Sævig

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Kontroll over storbrannen

Skogsinfernoet på Sotra roet seg selv i natt. Men fremdeles brenner det.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:

Siste bergenpuls