• NM: Eikanger-Bjørsvik gjekk til topps. F.v. Harm Kristian Tolden, leiar Eikanger-Bjørsvik og Tor Arne Træland frå Manger Musikklag.

    FOTO: ØRJAN DEISZ

  • SOSIALT: - Det er eit utruleg godt miljø. Alle dei proffe musikarane er så utruleg sympatiske, seier Marianne Slyngstadli (til høgre). Saman med venene Janne Kleiven (venstre) og Monica Rydland øvde ho på "Variations on an Enigma" av Philip Sparke i går. I dag går dei tre i NM-elden saman med Bjørsvik Brass.

    FOTO: VEGAR VALDE

Briskar seg i brassbyen

Her er årets meistere.

 Eikanger-Bjørsvik Musikklag vann elitedivisjonen då NM Brass vart arrangert i Grieghallen.

Eikanger-Bjørsvik Musikklag fekk 98 poeng, og gjekk foran Manger Musikklag og Stavanger Brass Band.

Elitedivisjonen:

1 Eikanger-Bjørsvik Musikklag, Hordaland

2 Manger Musikklag, Hordaland

3 Stavanger Brass Band, Rogaland

4 Molde Brass Band, Møre og Romsdal

5 Ila Brass Band, Sør-Trøndelag

6 Sola Brass Band, Rogaland

7 Oslo Brass Band, Oslo

8 Krohnengen Brass Band, Hordaland

9 Kleppe Musikklag, Hordaland

10 Jaren Hornmusikkforening, Oppland

1. divisjon

1 Tertnes Brass, Hordaland

2 Ørskog Brass, Møre og Romsdal

3 Bjørsvik Brass, Hordaland

4 Oster Brass, Hordaland

5 Sørum Musikklag, Akershus

6 Sandefjord Brass Symposium, Vestfold

7 Radøy Brass, Hordaland

8 Oslofjord Brass, Oslo

9 Musikkorpset Gjallarhorn, Rogaland

10 Brøttum Brass, Hedmark

11 Laksevåg Musikkforening, Hordaland

12 Jølster Musikklag, Sogn og Fjordane

Marianne Slyngstadli nøler ikkje med å pendla frå Ålesund til Bergen for å spela i korps.

- Bergen og Nordhordland er ein heilt unik stad når det kjem til brassband, seier Marianne Slyngstadli.

Ho står i foajeen i Grieghallen, medan hundrevis av korpsfolk myldrar rundt henne. I helga er det nemleg NM i brass i byen. Slyngstadli speler i Bjørsvik Brass i første divisjon – eit korps som ikkje er heilt som alle andre i meisterskapen.

- Me er nesten berre folk som har spelt i Eikanger-Bjørsvik tidlegare, seier kornettisten og viser til korpset Eikanger-Bjørsvik Musikklag – årets regjerande noregsmeistrar og det mestvinnande brassbandet i Noreg nokon sinne.

Ronaldo og Messi

No har dei tidlegare medlemmene starta sitt eige brassband dei kan spela i. Korpset held til i Bergen, men det hindrar ikkje Slyngstadli å reisa dei like over 386 kilometrane med bil frå Ålesund til Bergen for å øva. Ein gong i månaden.

Men kvifor speler ho ikkje berre i eit korps der ho bur?

- Ein får jo spela med korpsa sine svar på Ronaldo og Messi. Det er ein heil haug med dyktige musikarar her. I tillegg er eg så oppteken med å dirigera at eg ikkje har tid til å øva to gongar i veka, slik andre korps gjerne gjer, seier ho.

Tre på rad

Sidan starten for fire år sidan, har Bjørsvik Brass vunne kvart einaste år. Først rykka dei opp frå fjerde divisjon, deretter til andre, før dei i år konkurrerer i første divisjon.

Om dei vinn i år igjen, hamnar dei i elitedivisjonen – den same divisjonen Eikanger-Bjørsvik konkurrerer i.

- Viss me er så heldige at me skulle klara å rykka opp i år igjen, blir me historiske, seier Slyngstadli.

- Kva har dei andre korpsa sagt når de har segla gjennom divisjonane tidlegare?

- Nei, dei har vel kanskje ikkje vore heilt fornøgde.

- Så andreplass ville kanskje vera ideelt, då?

- Eh... ingen kommentar! seier kornettisten og ler.

Fleire proffe medlemmer

Brassbandet har fleire profesjonelle medlemmer enn mange av konkurrentane. Blant dei er BFO-trompetist Martin Winter og eufoniumsolisten Tormod Flaten. Han kombinerer korpsspelinga med å jobba som frilansmusikar og undervisa på Griegakademiet. Før det spelte han i Eikanger-Bjørsvik i tretten år.

- Etter kvart blei det mykje kveldsjobbing og passing av dei to små ungane mine. Det er umogleg å kombinera med å spela i eit korps der ein må øva fleire gonger i veka, seier han.

No speler han i Bjørsvik Brass fordi det er kjekt, blant anna.

- Det er klart det er gøy. Me er mange gode venner, og har det sjølvsagt utruleg kjekt saman, seier han.

Kan få brassakademi

Med Manger folkehøgskule, Manger musikklag og Eikanger-Bjørsvik musikklag, har Nordhordland fått ein svært sterk posisjon i korpsmiljøet i Noreg. No kan dei òg få sitt eige akademiske brassmiljø. Denne skal etter planen knytast opp mot Manger folkehøgskule. Radøy-ordførar Jon Askeland har uttalt at utdanningsnivået bør liggja på nasjonalt spesialistnivå.

Under årets NM i Bergen deltek 2000 korpsmusikantar frå heile landet, og trombonar, eufonium og kornettar dominerer Grieghallen.

Les også

Siste fra Bergenpuls

Jazzer opp Vågsbunnen

Line Hvoslef liker å utfordre seg selv. Derfor står hun nå øverst i et stillas i Vågsbunnen og maler rett på veggen.

Her debuterer han som kunstner

Og det gikk visst ikke så verst ...

Topper listen

Når Lerche og Vaular opptrer på The Voice-finalen på TV 2, kan låten nå nye høyder.

Slik var turnestarten

Skal du på Springsteen på Koengen? Gled deg...

Springsteen satte fyr på Sevilla

Bruce Springsteen sparket i gang europaturneen i et sydende Sevilla søndag kveld. Og «The Boss» bekrefter at han gjerne deltar på Utøya-markeringen hvis han blir spurt.

NM i brass

Blir arrangert i Grieghallen i Bergen kvart år.

2000 musikantar deltek, fordelt på 77 ulike korps frå heile landet.

Blir for første gong sendt direkte på web-TV, via TV 2 Sumo.

Blir avslutta i kveld med festkonsert og premieutdeling.

Relaterte bilder

SISTE FINPUSS: Dagen før dei skal i elden, er det siste finpuss for Bjørsvik Brass. Dirigent Russell Gray har kontrollen.

SISTE FINPUSS: Dagen før dei skal i elden, er det siste finpuss for Bjørsvik Brass. Dirigent Russell Gray har kontrollen. FOTO: VEGAR VALDE

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Skiftet fil i voksen alder

Ina Caroline Marteng var 30 år og hadde to små barn da hun brøt ut av ekteskapet og sto frem som lesbisk.

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:

Siste bergenpuls