-
SKRIVEBORDSPOLITIKK: Forfattar Frode Grytten forstår behovet for ei viss norm i skuleverket, men meiner dei nye endringane minner mest om skrivebordspolitikk. - Noko av det viktige med skriving er glede, kreativitet og utfalding. Det skal vera ulike måtar å skrive på, og det er noko av det som har vore bra med nynorsk, seier Grytten.FOTO: BERGENS TIDENDE (arkiv)
Boikottar ny nynorsk
Frode Grytten vil ikkje bruke dei nye rettskrivingsreglane.
AV: lena vermedal, kenneth nodeland
Mållagsfolk vil no laga ei alternativ ordliste i protest.
- Personleg kjem eg til å drita i det. Men det er betenkeleg for dei som er unge og skal læra nynorsk, for dei får mindre valfridom. Noko av poenget med nynorsk er at ein skal ha betre høve til å skriva sånn som ein snakkar, seier Grytten.
Han er ein av landets mest kjende nynorskforfattarar og er ikkje begeistra for den nye nynorsken (sjå fakta).
- Eg er heilt imot. Dette er ikkje måten å driva språkpolitikk på, for språket kjem nedanfrå. No blir endringane tredd ned over hovudet på oss, seier han.
No blir endringane tredd ned over hovudet på oss.
Frode Grytten
Direktøren i Språkrådet meiner endringane er udramatiske.
- Dei største endringane er at vi no fjernar klammeformene, fordi ein har ønskt eit enklare system. No er ei form anten ein del av rettskrivinga, eller så er det det ikkje, seier Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.
BT Mener: Utan norm, ingen nynorsk
- Språkleg lapskaus
Han meiner dette ikkje medfører nokon store endringar for dei fleste.
- Men det er klart at det vil vera ulike meiningar om dette, og det har vi full respekt for. Det er difor vi har forsøkt å la denne prosessen vera så open som mogleg, seier Muruvik Vonen.
Når nynorsken no er endra, må også ordbøkene oppdaterast.
Samlaget, som trykkjer den velkjende boka «Nynorsk ordliste», reknar med at minst 30.000 utgåver skal sendast til skuleverket. Men denne ordboka er ikkje god nok for mange mållagsfolk.
- Det har gått så langt i bokmålslei at me kan ikkje godta det. Me er no fleire frå heile landet som har gått saman om å laga ei alternativ ordliste basert på ein meir enkel og stram nynorsk. Me vil ha ein stabil og framtidsretta nynorsk som kan stå seg over tid som eit tydeleg alternativ til bokmål, seier Erlend Trones, leiar av Ullensvang Mållag.
Han meiner Språkrådet har skusla vekk ein god sjanse til å stramma inn i det store kaoset av klammeformer som fanst.
- Mandatet var ein tydelegare, enklare og strammare nynorsk. No er det blitt ein lapskaus av dialekt, bokmål, nynorsk og sideformer, seier Trones.
- Ein sørgjeleg dag
På Voss har Arvid Langeland saman med Ola Breivega, arbeidd med ei alternativ ordliste som tek utgangspunkt i den eksisterande læreboknormalen, men med færre val.
- Me har prøvd å gjera språket tydelegare med mindre valfridom. Idag kan du skriva både «nød» og «naud». Me meiner det heiter «naud» - dermed basta, seier Langeland.
Han trudde alle sideformer skulle fjernast. No er dei i staden gjort valfrie, og det betyr at du kan skriva til dømes å «byggje» eller å «bygge».
- Under presset frå bokmål, fryktar eg at statsforvaltninga og skulen vil velja det som er nærast bokmålet. Føresetnaden var at nynorsken skulle bli forenkla. Det har diverre ikkje skjedd. Eg vil kalla dette ein sørgjeleg dag, seier Langeland.
- Vanskeleg å læra
Også frå Stord - ein av verdas største nynorskkommunar med eigen nynorsk barnebokfestival - kjem det kritikk.
- Eg føler formålet ikkje er oppnådd. Nynorsken blir ikkje enklare, seier Hege Myklebust, styremedlem i Stord mållag og norsklærar på Høgskolen Stord/Haugesund.
- For studentane mine som skal bli lærarar, blir det krevjande å læra seg alle desse endringane, legg ho til.
I midten av september reknar Samlaget med at dei nye ordbøkene blir sendt ut til skulane, ifølgje Dag K. Ellingsen, forlagsredaktør for ordbøker i Samlaget.
Diskuter saka under:
Les også
KOMMENTARER Våre regler
Siste fra Bergenpuls
Nokre av endringane
- Fleire konservative endingar og skrivemåtar vert tekne ut: «Fjelli», «soli», «klokkor», «idrott» vert for eksempel erstatta av «fjella», «sola», «klokker» og «idrett». Enkelte bokmålsnære alternativ vert fjerna, som «hjerte», «gjøre», «noe» og «mye». Bøyinga blir forenkla for dei store gruppene av hokjønnsord ved at endingane som har vore sideformer, går ut.
- ei skål – skåla – skåler – skålene (før: ei skål – skåla [skåli] – skåler – skålene)
- ei side – sida – sider – sidene (før: ei side [sida] – sida – sider [sidor] – sidene [sidone])
- For dei fleste hankjønnsord blir bøyinga uendra, med fleirtal -ar og -ane. ein gjest – gjesten – gjester/gjestar – gjestene/gjestane (før: gjester [gjestar] – gjestene [gjestane]) Bøyinga blir forenkla for inkjekjønnsorda ved at bunden form fleirtal berre skal ha endinga -a, mens sideforma går ut: eit fjell – fjellet – fjell – fjella (før: eit fjell – fjellet – fjell – fjella [fjelli])
Fakta
Ny nynorsk
- Skiljet mellom hovudformer (læreboknormalen) og sideformer (klammeformer) i rettskrivinga er oppheva. Alle former er no jamstilte.
- Bøyingsverket er enklare enn før ved at fleire kategoriar av ord no kan bøyast på berre ein måte.
- I mange tilfelle blir valfridommen ståande. Ein del sideformer har vorte gjeldande rettskrivingsformer, og nokre få nye former er tekne inn.
- I reforma er det lagt vekt på å ta vare på former som er i allmenn bruk blant nynorskbrukarar.
Mest lest
TEGNESERIER
Dette deler våre lesere på Facebook:
-
«The Great Gatsby»
1 2 3 4 5 6Ekstravagant og overtydelig.
-
«To the Wonder»
1 2 3 4 5 6Terence Malicks andre film på to år utforsker menneskenes erotiske og religiøse følelser, tro og tvil.
-
«Fast & Furious 6»
1 2 3 4 5 6Mer av det samme
-
«Star Trek Into Darkness»
1 2 3 4 5 6Godt håndverk holdes i tømmene av lave ambisjoner.
-
«The Big Wedding»
1 2 3 4 5 6Flinke folk - fæle, fæle greier.
-
«Strange Pleasures»
1 2 3 4 5 6Still Corners
-
«Everybody Loves Sausages»
1 2 3 4 5 6The Melvins
-
«Modern Vampires Of The City»
1 2 3 4 5 6Vampire Weekend
-
«More Light»
1 2 3 4 5 6Primal Scream
-
«Music From Baz Luhrmann’s Film The Great Gatsby»
1 2 3 4 5 6Diverse artistar
-
«Konsert/Nattjazz»
1 2 3 4 5 6 -
«Ferrarijazz»
1 2 3 4 5 6Nattjazz: Mike Stern & Bill Evans
-
«Konsert, Nattjazz, Røkeriet»
1 2 3 4 5 6Dee Dee Bridgewater
-
«Konsert på Koengen»
1 2 3 4 5 6Bon Jovi
-
«Kurts store dag før den store dagen»
1 2 3 4 5 6Kurt Nilsen med venner Plenen, Bergenhus
-
«Kunst»
Yasmina Reza
-
«Folkemusikk og kunstmusikk fra felles kilder»
En del av det norske strykerunderet


