• SKRIVEBORDSPOLITIKK: Forfattar Frode Grytten forstår behovet for ei viss norm i skuleverket, men meiner dei nye endringane minner mest om skrivebordspolitikk. - Noko av det viktige med skriving er glede, kreativitet og utfalding. Det skal vera ulike måtar å skrive på, og det er noko av det som har vore bra med nynorsk, seier Grytten.

    FOTO: BERGENS TIDENDE (arkiv)

Boikottar ny nynorsk

Frode Grytten vil ikkje bruke dei nye rettskrivingsreglane.

Mållagsfolk vil no laga ei alternativ ordliste i protest.

- Personleg kjem eg til å drita i det. Men det er betenkeleg for dei som er unge og skal læra nynorsk, for dei får mindre valfridom. Noko av poenget med nynorsk er at ein skal ha betre høve til å skriva sånn som ein snakkar, seier Grytten.

Han er ein av landets mest kjende nynorskforfattarar og er ikkje begeistra for den nye nynorsken (sjå fakta).

- Eg er heilt imot. Dette er ikkje måten å driva språkpolitikk på, for språket kjem nedanfrå. No blir endringane tredd ned over hovudet på oss, seier han.

No blir endringane tredd ned over hovudet på oss.
Frode Grytten

Direktøren i Språkrådet meiner endringane er udramatiske.

- Dei største endringane er at vi no fjernar klammeformene, fordi ein har ønskt eit enklare system. No er ei form anten ein del av rettskrivinga, eller så er det det ikkje, seier Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.

BT Mener: Utan norm, ingen nynorsk

- Språkleg lapskaus

Han meiner dette ikkje medfører nokon store endringar for dei fleste.

- Men det er klart at det vil vera ulike meiningar om dette, og det har vi full respekt for. Det er difor vi har forsøkt å la denne prosessen vera så open som mogleg, seier Muruvik Vonen.

Når nynorsken no er endra, må også ordbøkene oppdaterast.

Samlaget, som trykkjer den velkjende boka «Nynorsk ordliste», reknar med at minst 30.000 utgåver skal sendast til skuleverket. Men denne ordboka er ikkje god nok for mange mållagsfolk.

- Det har gått så langt i bokmålslei at me kan ikkje godta det. Me er no fleire frå heile landet som har gått saman om å laga ei alternativ ordliste basert på ein meir enkel og stram nynorsk. Me vil ha ein stabil og framtidsretta nynorsk som kan stå seg over tid som eit tydeleg alternativ til bokmål, seier Erlend Trones, leiar av Ullensvang Mållag.

Han meiner Språkrådet har skusla vekk ein god sjanse til å stramma inn i det store kaoset av klammeformer som fanst.

- Mandatet var ein tydelegare, enklare og strammare nynorsk. No er det blitt ein lapskaus av dialekt, bokmål, nynorsk og sideformer, seier Trones.

- Ein sørgjeleg dag

På Voss har Arvid Langeland saman med Ola Breivega, arbeidd med ei alternativ ordliste som tek utgangspunkt i den eksisterande læreboknormalen, men med færre val.

- Me har prøvd å gjera språket tydelegare med mindre valfridom. Idag kan du skriva både «nød» og «naud». Me meiner det heiter «naud» - dermed basta, seier Langeland.

Han trudde alle sideformer skulle fjernast. No er dei i staden gjort valfrie, og det betyr at du kan skriva til dømes å «byggje» eller å «bygge».

- Under presset frå bokmål, fryktar eg at statsforvaltninga og skulen vil velja det som er nærast bokmålet. Føresetnaden var at nynorsken skulle bli forenkla. Det har diverre ikkje skjedd. Eg vil kalla dette ein sørgjeleg dag, seier Langeland.

- Vanskeleg å læra

Også frå Stord - ein av verdas største nynorskkommunar med eigen nynorsk barnebokfestival - kjem det kritikk.

- Eg føler formålet ikkje er oppnådd. Nynorsken blir ikkje enklare, seier Hege Myklebust, styremedlem i Stord mållag og norsklærar på Høgskolen Stord/Haugesund.

- For studentane mine som skal bli lærarar, blir det krevjande å læra seg alle desse endringane, legg ho til.

I midten av september reknar Samlaget med at dei nye ordbøkene blir sendt ut til skulane, ifølgje Dag K. Ellingsen, forlagsredaktør for ordbøker i Samlaget.

Diskuter saka under:

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.
Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Bergenpuls

- Tilstår tyveri av Kina-kunst

En mann har tilstått at de var med å stjele kunstgjenstander fra Kinasamlingen i Bergen.

- Været er alltid en risiko

Festspillene har ikke mistet lysten på å samarbeide med Bergen Filharmoniske Orkester etter spillenekten under festspillåpningen.

- Vi ønsker ikke å støtte
vulgære forestillinger med
for eksempel mye banning

Ekteparet Bjarne og Yvonne Rieber har gitt mange millioner kroner til kulturlivet i Bergen.

Hør Anjas nye singel

...tre dager før den kommer ut.

Her er festivalbildene

Se blinkskuddene fra våre fotografer.

Familiehemmelighet ble festspillteater

New York-kvinnen Lisa Reynolds ble ved en tilfeldighet hovedperson i Alan Øyen-stykket «Coelacanth». - Jeg gråt da jeg fikk se det, sier hun.

Nokre av endringane

  • Fleire konservative endingar og skrivemåtar vert tekne ut: «Fjelli», «soli», «klokkor», «idrott» vert for eksempel erstatta av «fjella», «sola», «klokker» og «idrett». Enkelte bokmålsnære alternativ vert fjerna, som «hjerte», «gjøre», «noe» og «mye». Bøyinga blir forenkla for dei store gruppene av hokjønnsord ved at endingane som har vore sideformer, går ut.
  • ei skål – skåla – skåler – skålene (før: ei skål – skåla [skåli] – skåler – skålene)
  • ei side – sida – sider – sidene (før: ei side [sida] – sida – sider [sidor] – sidene [sidone])
  • For dei fleste hankjønnsord blir bøyinga uendra, med fleirtal -ar og -ane. ein gjest – gjesten – gjester/gjestar – gjestene/gjestane (før: gjester [gjestar] – gjestene [gjestane]) Bøyinga blir forenkla for inkjekjønnsorda ved at bunden form fleirtal berre skal ha endinga -a, mens sideforma går ut: eit fjell – fjellet – fjell – fjella (før: eit fjell – fjellet – fjell – fjella [fjelli])

Fakta

Ny nynorsk

  • Skiljet mellom hovudformer (læreboknormalen) og sideformer (klammeformer) i rettskrivinga er oppheva. Alle former er no jamstilte.
  • Bøyingsverket er enklare enn før ved at fleire kategoriar av ord no kan bøyast på berre ein måte.
  • I mange tilfelle blir valfridommen ståande. Ein del sideformer har vorte gjeldande rettskrivingsformer, og nokre få nye former er tekne inn.
  • I reforma er det lagt vekt på å ta vare på former som er i allmenn bruk blant nynorskbrukarar.

Mest lest

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:


Siste bergenpuls