Bismak av moralisme og idealisme
anmeldelse
Ikkje heilt vellukka Ibsen-prosjekt.
Les også:
På opninga av utstillinga, som er ein del av Ibsenåret 2006, orienterte ein av kuratorane om tankane bak prosjektet der fundamentet var karakteren Peer Gynt. Dei ville problematisera grensene mellom individ og fellesskap, og meinte at å aktualisera karakteren ville kunna seie noko om fridom til ytring. Ingenting å seie på intensjonen, men når karakteren og prosjektet vert såpass utbrodert som dei etter kvart vart, risikerer kuratoren-som-kunstnar å overflødiggjera kunstnarane og det å sjølv oppleva kunsten. Det heile fekk dessutan bismak av moralisme og idealisme.
Eit ytre motiv for prosjektet var Clear Channel-saka der kommunen omsider sa nei til reklame i busskur. Kuratorane har uttala at dei ville skapa ei visuell forteljing óg trekkja skrifta inn i det visuelle. Ingen av delane har skjedd i særleg grad, for produktet er lite visuelt. Naturlegvis hadde det ikkje vore interessant berre å oversetja ulike scenar direkte til eit visuelt biletspråk, men det som har vorte gjort, er jamt over ikkje mykje meir innovativt. Det er eit dominerande trekk at dei fleste aktørane bruker tekst som medium, og mest ekstrem er Rita Marhaug som har trykt opp to enorme identiske tekstparti, hovudsakleg hendingane hjå Dovregubben. Over dette har ho trykt to avfotograferte fjes, ein negativ og ein positiv. Om det myntar på prestefanden sitt metaforiske snakk i eit fototeknisk vokabular om å vera seg sjølv på to vis, er uvisst. Likevel er det for konkret og utnyttar ikkje potensialet i teksten. Rørsla ein sjølv kan gjera fysisk i forhold til verket for å få ei anna oppleving av det, veg ikkje opp for dette.
Alle kunstnarane har eit sitat frå teksten knytt til sitt bidrag, men resultatet framstår ikkje som sitatkunst, med eitt unntak: Ole Mads Vevle. Også han bruker tekst, men det ber ikkje preg av kopi, snarare dialog med sitatet og der igjennom sentrale delar av heile stykket. Verket er «Peer, du lyver» på arabisk, namngitt «Vantro hunder». Det enkle verket rommar det ambivalente og krasse ved stykket med den konsekvens at me vert konfrontert med konfliktar i samtida.
Arne Skaug Olsen sin kunst er situasjonistisk på ein ikkje-geografisk måte, sjølv om den er strategisk plassert. Den er politisk og haldningsretta. I skur ved Rådhuset heng «Sex Workers in Europe Manifesto», henta frå ein konferanse om prostitusjon. I prostitusjonsområdet Tollbodkaien står ein installasjon i form av ein kontorcontainer innreidd som eit hotellrom, med kondomar og glidemiddel. Hadde politikarar gjort sånt disponibelt for prostituerte, hadde dei vorte dømde etter hallikparagrafen. Rett nok var Peer borti menneskehandel, men elles er det tilknytte sitatet sin samanheng med tematikken til Olsen tynn. Det spelar inga rolle. At han ikkje har hengt seg opp i stykket spesifikt, men tatt opp tråden frå den engasjerte og ukonvensjonelle Ibsen, talar til hans fordel. Kan hende er det på grunn av sin fridom i høve til bestillinga at han har lukkast å stimulera til samfunnsanalyse og -kritikk.
MELDT AV LILLY VINJE
Les også
Siste fra Bergenpuls
Relaterte bilder
FOTO: Leif Gullstein
-
«Livets uromantiske sider»
1 2 3 4 5 6Komisk og rørende om vekten av en familiehistorie -
«Påkosta eventyr»
1 2 3 4 5 6Tom Cruise reddar verda. Igjen. -
«Danser med delfiner»
1 2 3 4 5 6Velmenende om å takle funksjonshemning -
«Jakta på offeret»
1 2 3 4 5 6Ei ubehageleg reise ned i det svenske landskapet sine fordommar -
«En maktdemonstrasjon»
1 2 3 4 5 6Rikt portrett av en av USAs mektigste og mest omstridte menn
-
«Fredagskos med Larsen»
1 2 3 4 5 6Litt for pent og tekkelig i store doser -
«Visdomsviser»
1 2 3 4 5 6Cohen er blitt gammel og legger heldigvis ikke skjul på det -
«De beste hilsener»
1 2 3 4 5 6Mer enn et rart drops i en kommode. -
«Tilbake på trass»
1 2 3 4 5 6Skuffende gjenfødsel -
«Små bevegelser»
1 2 3 4 5 6Japansk tradisjon møter vestlig minimalisme
-
«Gripende øyevitneskildringer»
Far og datter Sønstelie gir en mangefasettert skildring av massakren på Utøya. -
«Rapport fra helvete»
-
«Det litterære Norge responderer»
Med varierende kraft om den verste ugjerningen i Norge siden krigen. -
«Kinesiske liv»
Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur. -
«I lyriske omland»
Gleden ved å finne, gjendikte og dele.
-
«Stillferdig og hjemmekoselig»
1 2 3 4 5 6Pent, vakkert og nesten litt kjedelig. -
«Magnet er trygt tilbake»
1 2 3 4 5 6En glitrende oppvisning som hadde fortjent et større publikum. -
«Kurt koser julen inn»
1 2 3 4 5 6En trivelig førjulsstund med en smak av Hollywood. -
«Grenseløs kosmisk hippiecountry»
1 2 3 4 5 6Psykedelisk dronegitar med countrysmak. -
«Bursdag for fulle hus»
1 2 3 4 5 6Trivelig bursdagsfeiring, men kanskje litt for stivt og høytidelig.
-
«Kulturelt oljesøl»
Med enkle virkemidler får Amund Sjølie Sveen frem få, men viktige poeng om hva slags land Norge er. -
«Sædutleverende samtale-show»
1 2 3 4 5 6Når man begynner å bli for gammel til å skade seg selv, er det nok lettere å bare snakke om det. -
«Velkjent og velfungerende»
1 2 3 4 5 6Et godt proporsjonert show med mange høydepunkter, men også til tider litt for tradisjonelt. -
«- Ka? E d virkelig ingenting?»
De fem elleveåringene foran meg forsto lite da vakten kom og sa showet var slutt. -
«Bygdedyr uten skarpe tenner»
1 2 3 4 5 6Hele tiden langt innenfor streken
Kunstutstilling i busskur
i Bergen sentrum


