• SOLEKLAR VINNER: Jan Roar Leikvoll ikkje noken nynorskfan. Framleis får han Nynorsk Litteraturpris 2010.

Absurd, grotesk og burlesk ga prisar

Jan Roar Leikvoll er ikkje nynorskfan, men han får Nynorsk Litteraturpris 2010. Vegard Markhus får Nynorsk Barnelitteraturpris 2010.

Noregs Mållag litteraturprisar vert delt ut på Mållagets landsmøte i Suldal i dag.

Jan Roar Leikvoll frå Frekhaug får Nynorsk Litteraturpris 2010 for sin andre roman, «Fiolinane» (Samlaget 2010), og er ifylgje juryen ein soleklar vinnar.

Stilen er sober, historia original og saman med eit stort mot til å skildre ein kvalmande brutalitet, skaper forfattaren eit sterkt og gripande forsvar for humane verdiar, skriv juryen.

Det kjennes veldig bra å få denne prisen. Det at nokon ser boka er ikkje sjølvsagt. Det er lett å forsvinne, seier Leikvoll, som og var nominert til Kritikarprisen med same roman.

Eg opplever nynorskfolk som veldig flotte, men også sårbare
Jan Roar Leikvoll, forfattar

Usikker på mottakinga

Han var usikker på korleis denne romanen, hans andre, ville bli motteken.

- Fordi det er ein roman som går imot trenden om å skrive om sitt eige liv. Eg følte kanskje at dette var for sært, for mørkt og for dystert, og at folk kanskje ikkje ville sjå håpet som på mange måtar bêr romanen. Eg var redd folk berre skulle lese det som ein spekulativ roman, seier han.

«Fiolinane» skildrar eit samfunn strippa ned til ein ørkenaktig søppelhaug, der folk bur i skur og et boss, og der incest, grov vald, kannibalisme og nekrofili er mellom ingrediensane.

- Eg møter alltid folk som vil snakke om «Fiolinane»; frå seksten-syttenåringar til eldre menneske. Dei seier at boka er eit veldig ubehageleg univers å vere i, som samstundes på eit vis gjer godt. Det er kanskje kombinasjonen av eit litt poetisk språk og eit forholdsvis mørkt, dystopisk innhald? undrar Leikvoll.

Ikkje nynorskfan

- Jan Roar Leikvoll er ingen typisk nynorskmann. Debutromanen, "Eit vintereventyr" (Samlaget, 2008), skreiv han først på bokmål.

- Eg prøvde iherdig å skrive bokmål. Men først då eg oversette romanen til nynorsk, løysna det. Eg er ingen tilhengar av nynorsk, men det er det einaste språket eg klarer å skrive på. Det gir meg den avstanden og motstanden eg personleg treng for å skape skjønnlitteratur.

Ikkje alle forstår dette heilt, har han erfart.

-Nynorskfolk er sårbare

- Det er ein del som reagerer på det. Mange i nynorskrørsla blir veldig overraska. Eg opplever nynorskfolk som veldig flotte, men også sårbare menneske. Dei blir veldig forundra. Eg har fått litt kritikk for å sjå på nynorsk som ei verktøykasse for å skape kunst. Men eg synest det er stor rikdom at vi har to målføre i Noreg.

FOTO: PRIVAT

Vinnaren av Nynorsk Barnelitteraturpris, Vegard Markhus (27) er lærar ved Midtun skole på Nesttun, men er oppvaksen i Nordheimsund. Også for han er dette andreboka. Den første var «Redd» (Aschehoug, 2008.), der han sjølv sto både for tekst og teikningar, som i prisvinnarboka «Timothy mister seg sjølv!» på same forlag.

- Det er praktisk; ein stor fordel i høve til eit gjennomført uttrykk, seier han.

Boka  handlar om Timothy som først mister ei tann, så den eine kroppsdelen etter den andre, før han må begynne å lime dei på igjen. «Eit surrealistisk univers som samstundes er stringent logisk og burlesk», skriv juryen, og vidare:

Tissen ramla av

«Vi skrattlo over tissen som ramla under kommoden og øyrene som til slutt fekk plass der armane skal vere.»

- Eg prøvde ut stoffet på ungane på skulen; frå første til sjuande klasse. Nokre klasser var skrekkslagne, medan andre lo seg skakke. Slik visste eg at dette vart godt likt av barn. Men eg veit også at vaksne likar det, seier Vegard Markhus.

FOTO: FIOLINANE

Også han er glad for merksemda ein slik pris gir.

- Å få denne prisen kjennest veldig bra. Kanskje fleire får høyre om boka no?

Prisvinnarane får 30.000 kroner kvar, samt diplom.

Les også

Siste fra Bergenpuls

BT-fotografer håvet inn priser

Tre fotografer tilknyttet Bergens Tidende håvet inn priser i konkurransen Årets bilder 2011.

Her skal det komme ny konsertscene

- Huset trengte desperat en oppussing.

Klar med ny dokumentar

Helge Haukeland tar oss med til Husøyvær med dokumentarfilmen, «Drømmen om det uendelige», en reise tilbake til Husøyvær.

Er dette vinterens mest
ekstreme musikkvideo?

Sognerockarane i Tyyl! tok han heilt ut på ski i saftbygda Sogndal.

Har du hørt om Silja?

Ny, lovende bergensartist. Her er premieren på hennes nye video.

Gjett hvem han tar med seg til Bergen!

Vel, det er ikke damen i midten.

Mest lest

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:

Siste bergenpuls