-
REAGERAR: Alfred Bjørlo (V), fylkestingsrepresentant og ordførar i Eid.
FOTO: ØYSTEIN TORHEIM
- Vi er ikkje noko indianerreservat
Venstre-ordførar rasar mot Grand Prix-pengar.
Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i går med 21 mot 18 røyster å løyve 600.000 kroner til delfinale i Melodi Grand Prix i fylket i 2013, for tredje år på rad.
Det får Alfred Bjørlo (V), fylkestingsrepresentant og ordførar i Eid, til å reagera.
- Kva er dette? Vi er ikkje noko indianerreservat, vi er eit heilt normalt fylke med større vekstpotensial enn dei fleste. Då må vi oppføre oss slik også, sa Bjørlo under debatten i fylkestinget.
Så vidt han er kjent med, er Sogn og Fjordane det einaste fylket i landet som har løyvd fylkeskommunale midlar til Grand Prix-delfinalar.
- Dårleg sjølvtillit
Venstre røysta mot løyvinga saman med Sp, KrF og SV. Ap, Høgre og Frp utgjorde fleirtalet, som dermed sørgde for at Sogn og Fjordane fylkeskommune samla har gått inn med 2,25 millionar kroner til å arrangere Grand Prix-delfinalar dei siste tre åra. Delfinalane har alle funne stad i Florø.
- Eg likar Grand Prix. Og eg likar Florø. Og eg syns i og for seg det er greitt at vi har svidd av ein del pengar på å gjere Florø til Grand Prix-by, ved starthjelp til den første delfinalen i 2011. Men no syns eg ærleg talt det får halde. No er dette eit arrangement som må stå på eigne bein, meinte Bjørlo.
Han fekk støtte frå KrFs representant Tore Storehaug:
- Vi må ikkje ha så dårleg sjølvtillit i dette fylket at vi som einaste fylke i landet må betale for å få lov å arrangere Melodi Grand Prix, sa Storehaug.
Høgre-politikar i heisekran?
Fleirtalet meinte likevel at arrangementet vil gje så store ringverknader for fylket at det er verdt løyvinga.
- Vi veit at nede i Aserbajdsjan i mai var det svigersonen til presidenten som blei heist ned på scena i heisekran som pauseunderhaldning. Kven av Høgre sine kronprinsar i Florø, Jacob Nødseth og Bjørn Hollevik, som blir heist ned på scena til Florø for å underhalde det norske folk veit ikkje eg, men eg gler meg uansett, avslutta Bjørlo.
Les også
Siste fra Bergenpuls
Relaterte bilder
GRAND PRIX: Dette er frå r delfinalen i Florø i februar i år då Sila Nyoen deltok med låten Euphoria. FOTO: VG
Mest lest
TEGNESERIER
Dette deler våre lesere på Facebook:
-
«The Great Gatsby»
1 2 3 4 5 6Ekstravagant og overtydelig.
-
«To the Wonder»
1 2 3 4 5 6Terence Malicks andre film på to år utforsker menneskenes erotiske og religiøse følelser, tro og tvil.
-
«Fast & Furious 6»
1 2 3 4 5 6Mer av det samme
-
«Star Trek Into Darkness»
1 2 3 4 5 6Godt håndverk holdes i tømmene av lave ambisjoner.
-
«The Big Wedding»
1 2 3 4 5 6Flinke folk - fæle, fæle greier.
-
«Strange Pleasures»
1 2 3 4 5 6Still Corners
-
«Everybody Loves Sausages»
1 2 3 4 5 6The Melvins
-
«Modern Vampires Of The City»
1 2 3 4 5 6Vampire Weekend
-
«More Light»
1 2 3 4 5 6Primal Scream
-
«Music From Baz Luhrmann’s Film The Great Gatsby»
1 2 3 4 5 6Diverse artistar
-
«Konsert/Nattjazz»
1 2 3 4 5 6 -
«Ferrarijazz»
1 2 3 4 5 6Nattjazz: Mike Stern & Bill Evans
-
«Konsert, Nattjazz, Røkeriet»
1 2 3 4 5 6Dee Dee Bridgewater
-
«Konsert på Koengen»
1 2 3 4 5 6Bon Jovi
-
«Kurts store dag før den store dagen»
1 2 3 4 5 6Kurt Nilsen med venner Plenen, Bergenhus
-
«Kunst»
Yasmina Reza
-
«Folkemusikk og kunstmusikk fra felles kilder»
En del av det norske strykerunderet


