• FOTO: VEGAR VALDE

- Det er ei ære!

Jazzfenomenet Esperanza Spalding spelte i drakt designa av bergensaren T.Michael.

Amerikanske Esperanza Spalding er hovudattraksjonen på kveldens Nattjazz-program, og spelte til stor jubel for glade jazzfolk. Drakten ho hadde på seg var ekstra spesiell for høvet – ein tuxedo designa av T.Michael, som driv butikk like rundt hjørnet for scena i Vågsbunnen.

 

Hylla frå scena

Designaren blei hylla av stjerna frå scena, og etter konserten var Spalding full av lovord om både mannen og plagget.

- For ein meister. Det er ei ære! Den er vakker - eg skulle ønskja eg kunne sleppa unna med å ha den på meg kvar dag. Den er så komfortabel og vakker – wow, seier stjerna til BT like etter konsertslutt fredag kveld.

Fulle hus

Publikumspågangen på festivalen er merkbart større i kveld – på den gamle grusplassen som er blitt til utescena Kaien stod folk som sild i tønne. Elles på programmet i kveld står blant andre Bugge & Friends, Highasakite, Splashgirl og Maya Vik.

 

 

 

 

Siste fra Bergenpuls

TEGNESERIER