– DNS berre del av ein større krise

Teatervitarar i Bergen plasserer ansvaret for feilslåtte oppsetjingar ved DNS på teatersjef Morten Borgersen. Situasjonen ved DNS føyer seg likevel inn i ei større krise ved institusjonsteatera, hevdar dei.

Del på e-mail Del på Twitter Del på Facebook Del på andre nettsteder

– Vi er på ei gyngande flåte ute på havet, der vi ikkje veit i kva retning vi driv. Publikum har ingen haldepunkt og veit ikkje kvar vi skal sjå, seier Tor Bastiansen Trolie, teatervitar ved Universitetet i Bergen.

BT-kritikar Jan H. Landro karakteriserte onsdag Den Nationale Scene som eit teaterhus i krise, og sette spørsmålsteikn ved både kvaliteten på ensemblet og ved teatersjefen sine kunstnariske val. Landro får langt på veg støtte frå både Trolie og frå kollegaen hans frå teatervitskap, Knut Ove Arntzen.

– I permanent krise

– Det er lett å vere einig med BT sin kritikar i utgangspunktet, seier Trolie. Begge ønskjer likevel å nyansere biletet, og peikar på at institusjonsteatera generelt, og ikkje berre DNS, slit med val av repertoar og form.

– Eit teaterhus som DNS er i permanent krise, og dette heng samen med krisa ved institusjonsteatera, seier Arntzen. – Dei er berarar av ein tradisjon som ikkje lenger er innlysande for eit yngre publikum. DNS sitt arbeid med Transitteateret er døme på at det går an å få det til, men dette er ikkje nok, seier han.

Dei to teatervitarane hevdar at institusjonsteatera arbeider etter ein repertoarmodell som ikkje fungerer så godt lenger. – Både spelestilen, regikunsten og dramatikken er jo under endring utan at vi ser kvar vi går, seier Trolie.

– Problematisk dobbeltrolle

– Det blir då eit spørsmål om å kunne setje inn dei rette kunstnariske ressursane til dei rette prosjekta, understrekar Arntzen. – Ressursbruken på DNS varierer med enkelte fulltreffarar som Robert Wilsons Peer Gynt, medan Lillelord er eit døme på eit for svakt prosjekt, hevdar han.

Borgersen har sjølv regien på oppsetjinga av Lillelord. Det blir fort problematisk, hevdar Trolie.

– Når kunstnarisk bearbeiding, leiing og regi er samla i ein person er det vanskeleg å få den viktige kritiske distansen til stoffet. Regissøren får svært stor makt i form av at han også er teatersjef, og då blir det vanskeleg å opponere internt.

Trolie peikar samtidig på at Borgersen har fått mandat frå styret til å gjennomføre sitt kunstnariske prosjekt. – Repertoarvalet ser i utgangspunktet spanande ut, men resultatet står dessverre ikkje i høve til den viljen som ser ut til å ligge bak, seier han.

Kritiserer ikkje skodespelarane

Om ein kan karakterisere den kunstnariske profilen som feilslått kjem også an på kva syn ein har på kva teateret skal vere. Ønskjer ein eit teater som vekkjer kjensler eller eit teater som får publikum til å analysere?

– Eg har ein tendens til å like teater der skodespelarane får kome fram og der dei får høve til å rive meg med. Det får dei ikkje på DNS for tida, seier teatervitaren.

Morten Borgersen har sagt at han vil satse på ensemblet, og korkje Trolie eller Arntzen vil kritisere skodespelarane på huset. Dei hevdar det heile kokar ned til om skodespelarane får høve til å utvikle faget sitt. Trolie seier at dette får dei berre dersom dei får høve til å jobbe med eit spanande repertoar og under dyktige regissørar.

– Teatersjefen må gi skodespelarane den planken dei må stå på for at dei skal sprette høgt!

Del på e-mail Del på Twitter Del på Facebook Del på andre nettsteder

Anmeldelser


Festspillbilder

En annerledes fortelling om Festspillene.

Kommentar

Hilde Sandvik

NRK1

  • 08:00 Migrapolis
  • 08:30 I sørhellinga
  • 09:00 Camilla Plum i hagen
  • 09:30 Billedbrev fra Latin-Amerika
  • 09:40 Sommeråpent (19)
  • 10:30 EM friidrett
  • 13:00 Dynastiet (18)
  • 13:50 Tilbake til 80-tallet (7)
  • 14:20 Drivhusdrømmer (6)
  • 14:50 Smaken av Danmark
  • 15:20 Krumt nebb og skarpe klør (1)
  • 15:50 Sommeråpent (19)
  • 16:40 Duften av nybakt (12)
  • 17:05 30 Rock (12)
  • 17:30 330 skvadronen (3)
  • 18:00 Oddasat - nyheter på samisk
  • 18:05 Nyheter på tegnspråk
  • 18:10 Tinas mat
  • 18:40 Norge i dag
  • 19:00 Dagsrevyen
  • 19:30 EM friidrett
  • 21:00 Dagsrevyen 21
  • 21:30 Sommeråpent (20)
  • 22:20 Pressa (5)
  • 23:05 Kveldsnytt
  • 23:20 Vår aktive hjerne (4)
  • 23:50 Rebus
  • 00:55 Dynamittgubben - Lornts Mørkved
  • 01:25 Blues jukeboks

NRK2

  • 12:35 I Amazonas med Bruce Parry (5)
  • 13:30 Lunsjtrav
  • 14:30 Livet som tenåring (6)
  • 15:00 Tyven i Bagdad
  • 17:20 Filmavisen 1960
  • 17:30 Solens mat (3)
  • 18:00 Folk
  • 18:30 EM friidrett
  • 19:30 Berulfsens fargerike (7)
  • 20:00 Tilbake til 80-tallet (8)
  • 20:30 Testen
  • 21:00 EM friidrett
  • 22:00 NRK nyheter
  • 22:10 Keno
  • 22:15 Kystlandskap i fugleperspektiv
  • 22:20 Moderne måltider
  • 23:15 Ikke bare Kulturuke - en feiring av Jan Erik Vold
  • 23:55 Sommeråpent (20)

TV2

  • 06:25 Sonen
  • 07:00 TV 2 Junior
  • 10:00 Bonanza (20)
  • 11:00 QuizShow
  • 11:45 Hotel Cæsar (54)
  • 12:15 Judging Amy (20)
  • 13:05 Kamp i kulissene (9)
  • 13:35 Den syvende himmel (23)
  • 14:30 Home and Away (13)
  • 15:00 Malcolm i midten (6)
  • 15:30 3rd Rock from the Sun (8)
  • 16:00 Home and Away (14)
  • 16:30 Venner for livet (5)
  • 17:00 Dharma & Greg (4)
  • 17:30 That '70s Show (8)
  • 18:00 Better Off Ted (4)
  • 18:30 Nyhetene
  • 18:45 Været
  • 18:55 Fotball: Vålerenga - Barcelona 1. omgang
  • 19:50 Fotball: I pausen
  • 20:00 Fotball: Vålerenga - Barcelona 2. omgang
  • 21:00 Nyhetene
  • 21:20 Været
  • 21:25 Sportsnyhetene
  • 21:40 Allsang på grensen (5)
  • 22:40 FlashForward (22)
  • 23:35 Dollhouse (3)
  • 00:30 Criminal Minds (7)
  • 01:25 Judging Amy (5)
  • 02:15 Judging Amy (6)
  • 03:05 3rd Rock from the Sun (4)
  • 03:35 3rd Rock from the Sun (5)
  • 04:05 Sportsnyhetene
  • 04:15 Været
Lukk vinduet