• FOTO: ØYSTEIN TORHEIM

  • FOTO: ØYSTEIN TORHEIM

  • FOTO: ØYSTEIN TORHEIM

Valde geitene framfor fotballen

Kampinfo

Laster...

VEITASTROND: Kurt Heggestad (26) sa nei til ny kontrakt med Sogndal for å bli geitebonde i Veitastrond. – Eg har aldri angra, seier han om verdivalet som lagkameratane rista på hovudet av.

Det er haust, det ruskar ute. I geitefjøsen i Veitastrond i Luster kommune luktar det stramt av bukk. Det er paringstid for dei 110 geitene til Kurt Heggestad.

Ein times biltur unna, i Sogndal, kjempar dei tidlegare lagkameratane hans for opprykk til eliteserien.

Kurt sa takk og farvel til toppfotballsatsing i fjor haust, etter ein god sesong i den kvite og svarte trøya. I ti sesongar aksla han Sogndal-drakta, etter at han som 16-åring vart teken inn i A-stallen, stempla som stortalent.



HAN HADDE TILBOD om ny kontrakt, men sa nei. Motivasjonen var ikkje på topp. Han tenkte meir på heimebøen, på geitene, på ysteriet heime i Veitastrond. På å skape noko i bygda han vaks opp. På å utvikle gardsmatproduksjonen av Kalda-Kari-ost som foreldra hans driv med i dag. Dei greier ikkje å produsere nok til å tilfredsstille marknaden, så potensialet for utvikling synest stort.

– Det er ei tilleggsnæring til garden som gjev tryggleik økonomisk. Å foredle eigne produkt er noko av det kjekke, det å skape noko direkte, seier Kurt.

Han vil ikkje vere med på tanken om at idrettsfolk i dag er for opptekne av det dei held på med, til å tenkje på det som kan oppfattast som meir samfunnsnyttig utvikling.

– Eg var kjempeprivilegert som fekk spele fotball i Sogndal. Eg hadde ambisjonar, men det var ikkje berre positive opplevingar mot slutten av Sogndal-tida. Då Emberland vart trenar, fekk eg eit løft, og den siste sesongen min var god. Men motivasjonen min var allereie på veg ned, seier han som forklaring på det utradisjonelle valet han tok.



TANKEN OM DET GODE LIV i Veitastrond var sådd. Familien vaks og måtte uansett flytte ut av den tronge bustaden i Sogndal. Då vart det flytting heim framfor eit meir usikkert tilvere med eittårskontrakt.

Sambuaren Silje Christine Indrebø Nygård frå Raudeberg i Vågsøy ville bli med til denne bygda som må tole karakteristikken avkrok i ein urban samanheng.

– Eg trivst! konkluderer Silje.

– Eg òg trivst! lyder ekkoet frå vesle Noah på to år, der han rullar rundt på golvet og flørtar med fotografen.

– Vi meiner dette er det rette. Det var mange som syntest det var merkeleg då vi flytta hit, men det er også mange som skjønnar argumenta våre, seier Silje.



KURT STADFESTAR AT mange av fotballkompisane i Sogndal syntest det var eit rart påfunn å flytte til Veitastrond.

11 månader gamle Linus er den siste familiemedlemmen. Og nettopp borna var ein viktig grunn til valet om å flytte til Kurt si heimbygd.

Dei gjekk mot straumen. Trenden er at fleire og fleire unge klumpar seg saman i byane. Det er langt frå Caffe Latte til geitefjøsen i Veitastrond, der langhåra bukkar er sprekkeferdige av brunst.

Slik sett er det kanskje ikkje så langt likevel.

Veitastrond er ei bygd med om lag 100 innbyggjarar. Til liks med fleire tilsvarande bygder i Distrikts-Noreg slit Veitastrond med høg gjennomsnittsalder og få småbarnsfamiliar.

– Eit vennepar av oss har også flytta hit, så det er fire ungar i barnehagen no, og seks på skulen. Det er litt få leikekameratar. Fleire venner av oss vurderer å flytte heim, og vi håpar dei gjer det. Samstundes skjønar eg at folk ikkje vil flytte åleine hit. Det kan vere ei utfordring å vere singel i Veitastrond, innser Kurt.



HAN ER I FERD med å fullføre lærarutdanninga nettbasert. Sambuaren er førskulelærar. Utdanninga gjev tryggleik og noko å falle tilbake på om draumen om verksemdutvikling ikkje skulle la seg realisere.

Dei fleste som har flytta frå Veitastrond har hamna i Sogndal, får vi vite.

– Ein av grunnane til at vi flytta andre vegen, var at vi ville ha betre tid til ungane, seier han.

Meininga er at gutane skal vere med foreldra i gardsstellet. Bli kjend med dyra, kome nærmare mor, far og besteforeldre, og springe utan sut kring på den endelause grøne marka. Slik sett er dette tilsynelatande den perfekte bonderomantikk. Men både Kurt og Silje veit at travle dagar ventar.

– Arbeidsdagen er ganske ulik arbeidsdagen som fotballspelar. I sommar har eg stått opp klokka 06.00 for å mjølke. Eg har passa ungar og hjelpt til på garden, før kveldsstellet. Det er koseleg arbeid.



NÅR EIN KØYRER til Veitastrond, sit ein med kjensla av at vegen blir smalare og smalare, og ein lurer på om den snart forsvinn. Vi passerer svingar, tunnelar og snøskavlar som ligg att etter den fæle fonna som var høg som fleire hus stabla oppå kvarandre.

Men snart opnar dalen seg til ei stor, grøn slette. Det er lett å tenkje seg at Jostedalsbreen har trekt seg tilbake etter å ha forma dalen, og etterlate denne gullgruva av grøderik morenejord.

Staden er kjent for store mengder snø, og isolasjon i vinterhalvåret.

– Vi var vel isolert to-tre veker i vinter som følgje av fonna som gjekk. Det var to og ein halv meter snø på marka her. Men vi hadde det vi trengde av mat, og posten kom fram. Så det gjekk greitt, avdramatiserer Kurt.



FØREBELS BUR FAMILIEN i ein nybygd kommunal bustad. Det ser ikkje ut til å vere tilrettelegginga frå det offentlege det står på for småbarnsfamiliar som vil gå motstraums.

– Vi flytta inn hit for å prøve i første omgang. Det er søstera mi som har odel på garden, og vi håpar ho vil flytte heim frå Lærdal. Vi er samde, men førebels veit vi ikkje heilt korleis vi skal organisere oss. Vi tenkjer litt i ulike baner. Anten kan vi utvide garden, eller så kan vi kjøpe oss ein eigen gard. Vi har eit par følarar ute der, seier Kurt.

Det følgjer sterke kjensler med ein slektsgard, så det er ikkje berre enkelt å selje den ut av familien. Dilemmaet er at folk med odel vegrar seg for å bu på plassar som Veitastrond. Den klassiske problemstillinga er buplikt, feriestad, tilleggsjord eller levande bygder.

Med planar om småkraftverk og fallrettar til gardane, finst her også uavklarte økonomiske interesser.

– Vi må ha ei avklaring innan sommaren. For her inne er det å byggje hus det same som tre millionar kroner tapt om ein vil flytte, innser Kurt Heggestad.



FAKTA
Kurt Heggestad:

FØDD: 19. august 1982
ADRESSE: Veitastrond i Luster kommune
SIVIL STATUS: Sambuar med Silje Christine Indrebø Nygård, borna Noah (2) og Linus (11 mnd.)
FOTBALLKARRIERE: Spelte på Sogndal 1998-2007, 211 kampar
YRKE: Geitebonde og lærarstudent

Siste sportsnyheter

se mer

Tabell

Laster...

Lag

Laster...

Siste resultater

Laster...

Kommende kamper

Laster...

Fotballstatistikk

Laster...

Plassering

Laster...