• Flo, familie, slekt, fotball, idrett, søsken, brør,

    FOTO: Bente Ljones

  • Fotball 9. mai 2011 Eliteserien 6. runde Tippeligaen 2011 Sogndal - VikingFosshaugane Campus - Sogndal Foto: Rune Sjøberg, Digitalsport Ulrik Flo, Sogndal

    FOTO: Digitalsport

  • FotballVM 1994Foto: imago/DigitalsportNORWAY ONLY23.06.1994 Jostein Flo (Norwegen) im Duell mit Dino Baggio (Italien) Italia - Norge 1:0
  • FotballVM-sluttspill i Frankrike 1998Brasil v NorgeFoto: DigitalsportNORWAY ONLYHåvard FLO / DENILSON

    FOTO: Digitalsport

Flo-bølgja som ikkje stoppar

Kampinfo

Laster...

Familien Flo frå Stryn nærmar seg 600 eliteseriekampar. Flo-bølgja stoppar ikkje med Tore André, Jostein og Håvard.

– Eg høyrer folk seier det må vere genetisk. Og det kan det sikkert vere. Men eg trur det er ein liten faktor i eit stort bilete. Det er heller ein sterk indre motivasjon som har gjort at så mange har spelt fotball på høgt nivå. Vi har vore flinke til å drive kvarandre. Vi har sett opp til kvarandre og pressa kvarandre. Jostein bana veg, og vi hadde lyst å følgje opp. Det var viktig, seier Håvard Flo når temaet er Flo-slekta og bragdene på fotballbana.

I kveld får publikum på Brann Stadion høve til å sjå dei siste tilskota frå idrettsfamilien i Stryn når Sogndal er gjester. Ulrik og Per Egil Flo er den nye generasjonen floarar.





– Ein motivasjon

Dei har mykje å leve opp til med onklar som har senka Brasil og spelt for storklubbar som Chelsea og Werder Bremen.

Ulrik Flo synest ikkje etternamnet har vore ei belastning.

– Nei, det har heller vore ein motivasjon. Vi har sett opp til onklane våre i alle år, seier han.

Ulrik fortel at han har møtt haldningar om at han har kome lett til det på grunn av etternamnet.

– Klart at nokon er evig skeptisk og meiner at vi eigentleg ikkje er så gode, at vi er med på så høgt nivå berre fordi vi heiter Flo. Men eg bryr meg ikkje, seier han.

Ulrik er samd med Håvard, som er syskenbarnet til faren Kjell Rune, i at genane ikkje er viktigaste grunnen til Flo-bølgja.

– Litt genetisk er det nok. Men eg føler eg ikkje akkurat har brukt lite tid på løkka. Det er blitt mange timar, seier Ulrik.

Faren, Kjell Rune, spelte ein sesong i Molde før lengten etter heimbygda Stryn vart for sterk. Kva var då meir naturleg enn å kalle opp sonen etter Molde-kaptein Ulrich Møller?

– Er det ein kultur for å lykkast i familien, ei slags kompetanseoverføring frå person til person?

– Ja, det kan du seie. Det er stor interesse for fotball i familien. Vi er glad i å trene, har svært lyst å nå langt og gir ikkje opp, seier Ulrik Flo.

Sjølv om Håvard Flo vaks opp på Flo, ei brattlendt bygd med rasfarleg veg eit par-tre mil frå Stryn sentrum, og Jostein og brørne vaks opp i eit byggjefelt ved sentrum, er familiane sterkt knytte til kvarandre. Mor til Håvard, Annlaug, var søster til avdøde Andreas, far til Jostein og Tore André.

– Vi var i lag heile tida, seier Håvard.

DIREKTE KL.19: Brann - Sogndal

Fleire på veg

Alle floarane som har spelt på toppnivå i Norge og utlandet har det til felles at dei byrja karrierane i Stryn IL. I dagens 3.-divisjonsmannskap i Stryn er det overraskande nok ikkje ein einaste med etternamn Flo. Men tru ikkje at du har sett den siste toppspelaren frå Flo-slekta av den grunn. Ifølgje Håvard er det fleire tenåringar på veg. No har dei adresse Sogndal, London og Drammen.

– Der er nokre 1996-modellar, det vil seie at dei er 15 år. Sjølv har eg ein som heiter Fredrik. Jarle sin heiter Mathias. Jostein i Drammen har Kasper. Og Tore André sin Johan byrjar vel også å nærme seg den alderen. Dei har bra evner. Det er opp til dei sjølve, seier Håvard Flo.

Siste sportsnyheter

se mer

Tabell

Laster...

Lag

Laster...

Siste resultater

Laster...

Kommende kamper

Laster...

Fotballstatistikk

Laster...

Plassering

Laster...